Dobbelt til Higre-teamet

I fint vårver, ja nesten sommarleg blei det då Tysvær-buane Vidar Riise og Jan Kåre Frøyland kunne køyre i mål som vinnarar i dei to bilcrossklassane på Vikedal Motorbane på søndag. Dermed har dei også tatt første stikk i NMK Vikedal Cup 2007.

Jan Kåre Frøyland (t.v.) og Vidar Riise, begge frå Tysvær, Higre-teamet og NMK Vikedal, tok første stikk i NMK Vikedal Cup 2007.

Etter tre gonger siger i dei innleiande omgangane kunne Vidar Rise, som køyrer for NMK Vikedal, stille i det beste startsporet i A-finalen. Likevel sleit han med å gå direkte i tet i gjennom den først svingen.

- Det glapp litt der, sier han, men etter den første hårnåla var han i tet, ei leiing han tok godt vare på innover mot mål.

- For meg har dette vore ei optimal helg, seier Riise, som tok steget opp på det øverste trinnet på pallen etter at han blei nummer to i avslutningsløpet på Vikedal Motorbane i fjor. Bilcross har han ikkje drive med så veldig lenge.

- Dette er starten på den tredje skikkelege sesongen, etter at eg for ein del år tilbake var med på nokre tilfeldige løp.

Det vart vist mykje tøff bilcross på Vikedal Motorbane på søndag, og god underhaldning for eit tallrikt publikum i den fine vårsola. I bilcrossklassen var det Glenn Rostøl frå KNA Klepp og Kenneth Johansen NMK Vikedal som la beslag på dei to neste pallplassane.

Godt utgangspunkt

I juniorklassen var Jan Kåre Frøyland heilt suveren i A-finalen etter at han i innleiande sleit med direkte kvalifisering til denne. Også han som Vidar Riise er frå Tysvær, og medlem av Higre-teamet.

- Eg hadde problem med bremsene i andre omgang og fekk ikkje ei heilt topp plassering her, men med seier i dei to andre omgangane var det nok til ein femteplass i A. Jan Kåre Frøyland gir far Lars Reidar mykje av æra for at han har kome så godt i gong i bilcross junior.

- Bilen er ein gamal som pappa køyrde tidlegare og som me var på Gol å henta sist vinter.

Den var likevel godt sliten og me hadde ein bra jobb med å få den skikkeleg i stand igjen, seier han, som i fjor blei nummer fire i NMK Vikedal Cup, og som no altså har det aller beste utgangspunktet til å ta eit steg opp i cupen. Han satsa mykje for å greie nettopp det.

- Frå femtesporet måtte eg ta ein sjanse, og eg gjekk nok fortare inn i startsvingen enn eg trudde var mogeleg, men heldigvis gjekk det bra denne gongen.

Jan Kåre Frøyland går direkte i kommando gjennom første sving i A-finalen i bilcross junior-klassen.

NMK Vikedal-føraren Kennet Kaldheim ble nummer to i løpet, medan Gunnleiv Kvål frå KNA Klepp blei nummer tre. 

Saman med Anja Andersen, er no Jan Kåre Frøyland, Kennet Kaldheim dei tre første som er tatt ut til å representere NMK Vikedal på klubben sitt klubblag i bilcross junior-klassen.