Full pott i bilcross
NMK Vikedal-førarane Kennet Kaldheim, Joakim B. Hansen og Lars Reidar Frøyland kunne utropast til vinnarar av Vestlandsmesterskapet i sine klassar etter finalen i Bergen i helga. I bilcross tok NMK Vikedal seks pallplassar av seks mulige i meisterskapen. Førarane frå NMK Vikedal gjorde det som venta svært godt under avslutninga av Vestlandsmesterskapet i Bergen i helga, og både Ørjan Strand Eikeland, Lars Reidar Frøyland og Bjørn Magne Moland Enge vann sine klassar i løpet. I bilcross junior førte dette at Strand Eikeland også tok den siste pallplassen samanlagt, bak Kennet Kaldheim og Anja Andersen, som blei nummer ein og to. Kennet Kaldheim og Anja Andersen hadde begge 62 poeng til slutt, men Kennet vann fordi han hadde betre resultat i dei enkelte løpa. - Då eg kom i mål føre Anja var eg likevel ikkje heilt sikker på om eg hadde vunne samanlagt, men då eg blei gratulert med tittelen forsto eg at eg hadde gått til topps. Joakim B. Hansen i bilcross - Eg øydela ein drivaksling i første omgang, fekk bytta denne, men mangla eit lager og sleit med dette problemet utover i heile løpet, seier Per Gaute, som heller ikkje kom til nokon finale. Likevel vart det mykje NMK Vikedal både i løpet og på samanlagtlista, og både Joakim B. Hansen, Kenneth Johansen og Johannes Holten Leifsen kvalifiserte seg direkte til A-finalen. Likevel var det NMK Bergen-føraren Kjell Askeland som vann løpet, med Joakim B. Hansen og Johannes Holten Leifsen på dei neste plassane. Dermed var det også Joakim B. Hansen som kunne utropast til Vestlandsmester i bilcross, med Johannes Holten Leifsen og Per Gaute Østbø på dei neste plassane. Joakim var likevel litt nervøs før finalen. - Var i ferd med å få problem med ein drivaksling, men heldigvis heldt den gjennom finalen, seier ein svært glad vinnar etter sigeren. No blir det kanskje rallycross til neste år. - Det er ikkje heilt bestemt men eg håpar å få det til Frøyland til topps - Eg har jo alltid sagt at vått føre er fordel meg, men på laurdag blei det vanskeleg. Men eg tok min første siger i rallycross, og slo Arild Vik som eg måtte i kampen om meisterskapen og er sjøvsagt veldig fornøgd. I store nasjonal gjorde Bjørn Magne Moland Enge det han hadde kome til Bergen for, nemleg å vinne løpet i store nasjonal. Geir Harald Skeie vart nummer to. Likevel kunne ikkje Bjørn Magne gjere noko med NMK Bergen-føraren Steinar Stokke i samandraget, han hadde gått til topps før finalen. Geir Harald Skeie vart nummer tre i Vestlandsmesterskapet.
|