Beste så langt i Norgescupen

NMK Vikedal-føraren Erik Skrunes var i helga på den nye motocrossbanen på Elgane på Jæren og deltok i finalen i Norgescupen. Til slutt vart det ein 16. plass, som er det beste han har gjort i Norgescupen så langt.


Erik Skrunes var ikkje heilt heldig på Elgane, verken i kvalifiseringa eller i finalane.

- Nei, i kvalifiseringa fekk eg berre kjørt tre rundar før eg gjekk rundt, men eg kvalifiserte meg likevel greitt blant dei 30 som får køyre finale, seier han, som i den første finalen hadde ein kanonstart før han fekk problem også her.

- Ja, då begynte sykkelen å fuske etter to-tre svingar, og då den endelig begynte å gå reint igjen var eg nesten sist. Eg greidde likevel å køyre meg opp til 16. plass før me var i mål, seier han, som i siste heatet blei nummer 15 etter at han hadde ein velt i omgangen. For Erik Skrunes var dette det beste resultatet han nokon gong har hatt i Noregescupen.

- Nivået er høgt og i finalane møter eg dei beste både i Noreg og Europa, og på ein heldig dag trur eg at eg hadde hevda med ennå betre. I tillegg til Erik Skrunes var òg Joakim Rønnevik frå NMK Vikedal med på løpet på Elgane, Han køyrer 85 kubikk i 10-12 års klassen og har vore på Elgane ein gong før, denne gongen syns han det blei vått.

- Det gjekk greitt denne gongen òg, men det var lettare sist då det ikkje det ikkje var så mykje vatn på banen.