Geir Harald Skeie tok sølv 

Geir Harald Skeie frå Sandeid og NMK Vikedal blei nummer to, både i løpet og samanlagt, under avslutninga av Norgescupen i rallycross nasjonal som gjekk på Lyngås i helga. Også Bjørn Magne Moland Enge og Arild Vik var i A-finalen.

Førarane frå NMK Vikedal var så absolutt med i kampen om dei siste poenga under finaleløpet på Lyngås, og Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge hadde etter kvalifiseringa sikra seg andre og tredje spor i finalen. Dei låg òg på andre og tredjeplass i løpet då Moland Enge sin Volvo 240 stoppa og rulla inn tid sida.
- Bensinpumpa sa takk for seg, seier ein skuffa Bjørn Magne Enge Moland om dette, som likevel er nøgd med det som skjedde.
- Eg låg på tredje og hadde trøkk på kjøringa og kunne kanskje kome meg enda lenger opp, men då det blei stopp kunne eg ikkje gjere så mykje med det.
For Geir Harald Skeie blei det ein andre plass både i løpet og samanlagt, noko han er svært godt nøgd med.
- Målet mitt var å vinne løpet her på Lyngås og ta sølvet i cupen, no blei det berre det eine, men eg hadde kontroll på Asbjørn Tolfsen frå Kristiansand som vann løpet, men å prøve på ei forbikjøring kunne fort øydelagt for meg sjølv, så det ville eg ikkje prøve på, seier han, som hadde ei bra helg på Lyngås.
- Ja, alt har fungerte og i tredje omgang fekk eg i tillegg bestetida i omgangen, så dette er eg nøgd med.


Bjørn Magne Moland Enge (t.v.) og Geir Harald Skeie.

Per Magne Flatebø deltok òg i store klassen på Lyngås, men han fekk motorproblemer alt på treninga og måtte gi seg.

Stor klasse
I minste klassen greidde også Arild Vik (t.v) frå Fitjar å kvalifisere seg til A-finalen.
- Ja, eg hadde to tredjetider i innleiande og fjerdespor i A-finalen så dette var heilt topp, seier Arild Vik, som så langt berre har køyrt den Norgescuprunden som gjekk på Vikedal Motorbane i april.
- Det var jo nesten 80 deltakarar i klassen her på Lyngås, og målet med turen var å måle litt styrke. No får me reise heim og vurdere om me skal satse på Norgescupen til neste år, noko som ikkje er heilt usannsynleg etter dette.
For Lars Reidar Frøyland blei det ein 28. plass.

 

Hadde ikkje dagen
I NM i crosskart, som også hadde finale på Lyngås denne helga, var det vinn eller forsvinn for Ingve André Strand frå Fitjar. Han kunne med eit godt resultat ta gull, men var han uheldig kunne det ende med ein fjerde plass. Til slutt vart det ein 10. plass i løpet, og demed den ergelege fjerdeplassen samanlagt.
Håvard Helland vart nummer 11 i løpet.