Brukbart
frammøte på teknisk årskontroll Det var brukbart frammøte på
den tekniske årskontrollen i Sandeid og Haugesund. Mellom 15 og 20 bilar i
Sandeid og 8 i Haugesund er vel litt i underkant av det dei tekniske
kontrollantane hadde håpa på. Det er vel under halvparten av dei bilane som
skal godkjennast før første løp som no er klare. Dermed blir det ein del
kveldsarbeid på dei tekniske kontrollantane i den grad dei har tid og
anledning. Bilder frå Sandeid:
Bjørn Magne Moland Enge har overtatt Volvoen til Svein Bjarte Holten og skal delta i RCN o/2400 ccm med den. Som de kan sjå er Ølen Betong hovudsponsor og bilen lakkert i deiras fargar.
Arild Vik og Aleksander S. Eikeland (delvis sjult av søyla til venstre) stod for kontrollen i Sandeid. Her er det Volvoen til Marius H. Rønnevik som er klar til kontroll på bukken.
Escorten
til Jarle Amundsen ser ut til å ha blitt ramma av flekk-tyfus i løpet av
vinteren. Jarle skal i år delta i senior-klassen. Bilder
frå Saltvedt Auto-Grip i Haugesund:
I Haugesund viste pappa Harry Aas (t.v.) fram sonen Frode sin nybygde Volvo 240, som skal gå i RCN inntil 2400 ccm. Lars Reidar Frøyland ser ut til å vera på vei for å telja hestar og sjekka om dette blir ein utfordring for han og Escorten. Lars Reidar fører inn antall hestar på skjemaet på taket av Ingvar Auestad sin 240. Hans Kristjan Kristjansson sin Golf er på vei under lupa til Lars Reidar. Espen Holm sin Sierra blir saumfart. Ein Sierra til blir kontrollert.
|
|