NMK Vikedal kan ta det meste

Over 20 deltakarar frå NMK Vikedal stiller i finalen i Vestlandsmesterskapet som går på Eikås Motorsenter på laurdag. NMK Vikedal-førarane Anja Andersen, Per- Gaute Østbø og Arild Vik leiar sine klassar før finalen.

I dei to bilcrossklassane junior og senior, er alle rundane teljande, og i begge klassane er det svært spennande før finalen. I junior er det Anja Andersen og Kennet Kaldheim, som ligg i toppen. To poeng skil dei to, før NMK Bergen-føraren Glenn Andre Skråmestø følgjer 20 poeng bak. Dermed er det i realiteten mellom Anja Andersen og Kennet Kaldheim det står. Kennet trur likevel ikkje han kan gjere så mykje med Anja i Bergen.

- Har aldri fått det til der oppe, og har vel ikkje tru på at eg greier det denne gongen heller, men eg driv å jobbar med bilen for å få den tipp topp til finaleløpet.

Fjorårsvinnaren av Vestlandsmesterskapet i junior, Ørjan S. Eikeland, også han NMK Vikedal, ligg tre poeng bak Skråmestø og har mulighet til å klatre opp på pallen i samandraget.

              
Anja Andersen (t.v.) leiar bilcross junior 2 poeng framfor Kennet Kaldheim.

I seniorklassen er det like spanande, og her er det svært store muligheter for at det blir ein rein NMK Vikedal pall til slutt. Per- Gaute Østbø leiar samanlagt føre Joakim B. Hansen og Johannes Holten Leifsen. I tillegg ligg Kenneth Johansen og Hans Kristjan Kristjanson som nummer fire og seks.

Det er likevel ikkje heilt avklart om Per- Gaute Østbø stiller i Bergen.

- Eg er påmeldt, men på grunn av at løpet kolliderer med ein tur i firmaet eg jobbar i, blir det ikkje avgjort før seinare i dag.

Joakim B. Hansen var onsdag på trening på Vikedal Motorbane, men han er nøktern til om han kan gjere noko med Per- Gaute.

- Trur at han slår meg i Bergen, og då har eg ingen muligheter.


Joakim B. Hansen er ikkje så veldig optimistisk før finalen på Eikås.

Frøyland eller Vik
I rallycross er det avgjort i store nasjonal, Steinar Stokke frå NMK Bergen har vunne Vestlandsmesterskapet. Kamp blir det likevel andreplassen, med NMK Vikedal førarane Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie i fokus. Bjørn Magne har det beste utgangspunktet, men med litt fleire rundar bak rattet i den nye bilen kan nok Geir Harald vere med å gi Bjørn Magne kamp om andreplassen.

I tillegg til desse to debuterer Per Magne Flatebø for NMK Vikedal i Bergen. Han har kjøpt bilen Hans Jøran Østreng vann norgescupen med i år.


Per Magne Flatebø debuterar i rallycross med nyinnkjøpt bil.

I minste nasjonal står kampen mellom NMK Vikedal-førarane Arild Vik og Lars Reidar Frøyland. Arild Vik har seks poeng å gå på Frøyland, men eit løp kan strykast og i realiteten er det Lars Reidar Frøyland som kan oppnå høgast poengsum. Lars Reidar Frøyland er nøgd med at han er med å kjempar i toppen.

- Det var det som var planen då eg valde å starte med rallycross føre denne sesongen, men at eg skulle kunne vere med å kjempe om sigeren i klassen er vel litt over der eg har forventa. Med ein meir motorsvak bil blir det likevel vanskeleg å slå Arild i Bergen.

I juni vart Arild Vik og Lars Reidar Frøyland nummer to og tre på Eikås, avstanden bør vere større denne gongen om Arild Vik skal vere sikker på samanlagtsigeren.


Arild Vik kjempar om seieren i Rallycross Nasjonal i/2400 ccm.


Lars Reidar Frøyland (t.v.) og Bjørn Magne Moland Enge.