Vinn eller forsvinn for Ingve André Strand

Åtte førarar frå NMK Vikedal stiller i finalen i Norgescupen for rallycross nasjonal og NM i crosskart på Lyngås Motorbane i helga. Både Geir Harald Skeie i rallycross og Ingve André Strand crosskart er med i kampen om medaljar. For Ingve André kan det bli alt frå gull til fjerdeplass.

Det er Ingve André Strand (t.v.) og Håvard Helland frå Fitjar som stiller i crosskart for NMK Vikedal på Lyngås. Ingve André ligg på andre plass før finalekøyringa, berre fire poeng bak leiaren Andreas Wiik frå NMK Gardermoen.

- Ja og i tillegg er det fleire bak som kan blande seg inn i medaljekampen, seier Ingve André, som vil gi alt for å ta tittelen i NM, og om han bommar kan han ende på fjerde.

- Her blir det vinn eller forsvinn.

Dette er tredje året det blir avvikla NM i crosskart, og så langt har Ingve André Strand ingen NM medaljar.

- Nei, men eg har medalje frå Norgescupen som var det som vart køyrd tidlegare, seier han, som ikkje har køyrt tidlegare på finalebanen, Lyngås Motorbane.

- Det vart køyrt eit løp i crosskart der i 2003, men då deltok ikkje eg, og heller ikkje ein god del av dei andre som køyrer no, så det blir likt for alle.

Håvard Helland har ikkje noko å hente i samandraget i NM, og har berre køyrt to løp så langt i meisterskapen etter at han i vår gjekk over frå rallycross.

Kan ta sølv
Også rallycross nasjonal sin Norgescup 2007 har avslutning på Lyngås denne helga, og etter sjølv om Hans Jørgen Østreng alt sikra seg gullet i store nasjonal etter nest siste runde på Dokka, er NMK Vikedal-føraren Geir Harald Skeie (t.v.) med i kampen om sølvet, tre poeng bak NMK Bergen-føraren Steinar Stokke, men må i tillegg passe seg for dei som kjem bak. I nest siste runde på Dokka blei Geir Harald Skeie nummer to, no vil han prøve seg på sigeren i løpet og sikre sølvet i cupen.

- Ja, det er rett og slett det eg har tenkt å prøve på, men det blir tøft. Mange er påmeldt, og litt for lite kjøretrening gjer at det nok blir ei utfordring, men me får sjå.

Bjørn Magne Moland Enge ligg på sjuande plass i klassen, men kan gjennom eit godt resultat avansere nokre plassar på resultatlista.

Per Magne Flatebø debuterer for NMK Vikedal i Norgescupen i store nasjonal på Lyngås, etter at han køyrde sitt aller første rallycrossløp i Bergen sist helg.

I tillegg til desse køyrer Lars Reidar Frøyland, Arild Vik og Knut Endre Fønnebø Ringhagen for NMK Vikedal på Lyngås, alle i minste nasjonal. Arild Vik er best av desse i samandraget og ligg på ein 22. plass.