Gisle Morten Hetland nr. 5 i Egersund

Gisle Morten Hetland (RCN i/2400) gjorde det best av våre førerar i bakkeløpet i Egersund på lørdag med 5. plass.

I kvalifiseringsomgongen opna det svært bra for Gisle Morten med 2. tid, medan Petter Andrè Gunther fekk 6. tid i same klasse. I pre-finalen fekk Gisle Morten tenningsproblemer, noko han sleit med resten av dagen. Petter Andrè Gunther fekk 5. tid i pre-finalen, men tapte tid i finalen og vart til slutt nr. 7. Gisle Morten fekk 5. plass.


Gisle Morten Hetland i luftig svev. ("Lånt" foto av: Tom Vatland, www.oltedalraserlag.no)

I bilcross senior deltok Jens Idar Juel og Eirik Aasbøe. Eirik måtte bryta kvalifiseringsomgongen etter at ein siloballe stod i vegen, og han fekk til slutt 22. plass. Jens Idar fekk det betre til, og vart nr. 15 i bakkeløpet.

Søndag var det vanleg BC/RCN-løp, noko Gisle Morten valde å stå over. Petter Andrè si boble likte ikkje alt vatnet på banen og stoppa i 2 av omgongane. Dermed vart det ein 8. plass. I bilcross vart Jens Idar utan poeng utan at vi veit grunnen, men sannsynligvis noko teknisk. Eirik kjørte inn til 12 poeng og det var dessverre ikkje nok til finale. Han vart med det nr. 21.

Ernst Atle Larsen, NMK Konsmo, vann RCN i/2400 begge dagane, medan Jan Ola Kile, NAF Evje & Hornnes, vann bakkeløpet for bilcross og Roy Fidje, NMK Konsmo, vann bilcrossløpet søndag. Begge løpa talde med i SørVest-cupen.

Resultater: www.oltedalraserlag.no

Bilder: www.oltedalraserlag.no