Held stand i toppen

NMK Vikedal-førarane forsvarte sine posisjonar godt då Vestlandsmesterskapet heldt fram i Bergen i helga. Anja Andersen og Per Gaute Østbø leiar no dei to bilcrossklassane, medan Arild Vik er på topp i minste rallycross nasjonal.

Sjølv om konkurransen i bilcross junior vart tøffare i Bergen, enn heime på Vikedal Motorbane, var både Anja Andersen (t.h), Kennet Kaldheim og Ørjan S. Eikeland på plass i A-finalen i juniorklassen søndag ettermiddag, etter fem innleiande omgangar. Ørjan S. Eikeland var den som gjekk i tet og såg ut til å ha full kontroll, men så begynte han å slakke av, og fekk tydelege problemer med motoren. På målstreken vart han forbikøyrd av Anja Andersen, som dermed blei beste NMK Vikedal - førar i klassen, og overtok også leiinga i samandraget.
- Eg låg på fjerdeplass, men greidde å smette forbi både Ørjan og ein annan, og blei nummer to i siste liten, seier ho.
- Bilen fungerte heile tida og i tillegg hadde eg litt flaks både i innleiande og i finalen.
Anja Andersen leiar no Vestlandsmesterskapet i juniorklassen med 34 poeng, Kennet Kaldheim har 30, medan Ørjan S. Eikeland er på tredje med 25 poeng.

Mista bilane
I seniorklassen var det Per Gaute Østbø som hadde det beste utgangspunktet, og han og Kenneth Johansen, begge NMK Vikedal, var på plass i A-finalen. Nokon pallplass blei det ikkje på nokon av dei denne gongen, Bjørn Arve Hjelmås vann løpet, medan Kenneth Johansen og Per Gaute Østbø blei nummer fire og fem.
Samanlagt er det også desse to som er i tet. Per Gaute Østbø har 32 poeng, medan Joakim B. Hansen, som blei nummer sju i helga, og Kenneth Johansen begge har 25.
Det som likevel no blir ei utfordring for Per Gaute Østbø og Kenneth Johansen er at dei begge mista bilane sine i Bergen. For Per Gaute er dette andre tapet av ein god bil i løpet av eit år.
- Ja, no blir det å undersøkje om det er bilar til sals, for frå midten av august treng eg kanskje fleire om dette skal halde fram, seier Per Gaute, som har planar om å stille på Vikedal Motorbane 19. august og den neste runden i Vestlandsmesterskapet.
- Ja, det blir den første helga av tre på rappen, helga etter er eg kvalifisert til Landsfinalen, og helga deretter igjen er det finale i Vestlandsmesterskapet i Bergen

Skeie best
I rallycross blei det eit nytt godt løp for Arild Vik, som likevel ikkje kunne gjere noko med NMK Bergen-føraren Geir Martin Myking, som vann minste nasjonal. Likevel held Arild Vik på leiinga i samandraget med 39 poeng, føre Rundi Rossland med 31 poeng, rossland blei nummer seks.
- Hadde håp om ein ny siger, når det ikkje gjekk må eg vere godt nøgd med dette.
NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland ligg på tredje samanlagt med 30 poeng. Han blei også nummer tre i løpet.
- Køyrer med ein toliter i min Escort og då er eg godt nøgd med et eg greier å halde følgje med dei som har meir krefter, spesielt når det blir tørt som det har vore i helga, sier han.

I store nasjonal var det ingen som kunne gjere noko med NMK Bergen-føraren Steinar Stokke, som vann løpet, og leiar no klassen i Vestlandsmesterskapet med 55 poeng. NMK Vikedal-føraren Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie følgjer deretter med 43 og 41 poeng. Begge var på pallen i Bergen med Geir Harald Skeie som bestemann.

- Veldig godt nøgd med dette, og når eg tar i betraktning at eg har ein motor med mindre hestar enn både Steinar og Bjørn Magne, er dette som ein siger for meg.


Bjørn Magne Moland (t.v.) og Geir Harald Skeie

Vestlandsmesterskapet held fram med nye rundar på Vikedal Motorbane 18. – 19. august. Rallycross på laurdagen og bilcross på søndagen.

Samanlagt i Vestlandsmesterskapet 2007:

Bilcross junior
1. Anja Andersen NMK Vikedal 34
2. Kennet Johansen NMK Vikedal 30
3. Ørjan Strand Eikeland NMK Vikedal 25

Bilcross senior
1. Per Gaute Østbø NMK Vikedal 32
2. Joakim B. Hansen NMK Vikedal 25
3. Kenneth Johansen NMK Vikedal 25

Rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk
1. Arild Vik NMK Vikedal 39
2. Rudi Rossland NMK Bergen 31
3. Lars Reidar Frøyland NMK Vikedal 30

Rallycross nasjonal over 2400 kubikk
1. Steinar Stokke NMK Bergen 55
2. Bjørn Magne Moland Enge NMK Vikedal 43
3. Geir Harald Skeie NMK Vikedal 41