Klar til kamp om nye poeng

Førarane frå Vikedal er så absolutt med når neste runde i Vestlandsmesterskapet blir køyrt i Bergen til helga. Per-Gaute Østbø leiar bilcross senior, Kennet Kaldheim junior, Arild Vik rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk, medan Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie ligg på andre og tredje i store nasjonal.

Det er dei gode resultata på Vikedal Motorbane forrige helg som no gjer at førarane frå NMK Vikedal har kome så godt i gang i Vestlandsmesterskapet i bilcrossklassane. Dette var nemleg første runde i Vestlandsmesterskapet for dei, og etter at juniorklassen har køyrt denne serien i nokre år, er dette første året at Vestlandsmesterskapet blir avvikla i seniorklassen.

Muligheten til førarane frå NMK Vikedal er så absolutt til stades vidare i seniorklassen, for bak Per-Gaute Østbø følgjer Aleksander S. Eikeland, Joakim B. Hansen, Johannes Holten Leifsen og Kenneth Johansen, alle frå NMK Vikedal. Alle desse, utanom Aleksander S. Eikeland, er påmelde til løpet i Bergen. I tillegg er også Glenn Olav Lothe og Lars Reidar Frøyland påmelde i bilcross.

For Per-Gaute Østbø er ikkje erfaringane dei aller beste frå banen i Bergen.
- Nei, der har eg aldri kome til mål, og som regel har det vore drivakslingar som har gått på Skodaen, seier han, som no køyrer ein Golf.
- For håpe de går betre med denne bilen.

 

 

 

 

 

I juniorklassen var det Kennet Kaldheim som vann første runden på Vikedal Motorbane, føre Anja Andersen og Leif Egil Olsen. Både Kaldheim og Andersen er på plass i Bergen, saman med Ørjan Strand Eikeland, Synnøve Høyvik og Jan Kåre Frøyland.
Ørjan Strand Eikeland, som blei Vestlandsmester i klassen i fjor, fekk stopp i A-finalen i Vikedal og ligg på ein sjetteplass så langt.

 

 

 

 

Trur på ny siger

I rallycross nasjonal var dei to løpa på Vikedal Motorbane april, første og andre runde i Vestlandsmesterskapet.
Arild Vik har gått i leiing i klassen inntil 2400 kubikk. Vik hadde eit formidabelt løp på Vikedal Motorbane nyleg, der han vann alle dei fem innleiande omgangane og finalen til slutt, så han ser ut til å vere i storform.
- Det gjekk bra i Vikedal, og sidan me låg først gjennom heile stemnet var det lite å gjere med bilen, så den er klar igjen, forklarar han.No køyrer han for ei ny topplassering.
- Har hatt bra resultat i Bergen tidlegare, eg føler eg kjenner banen og må vel innrømme at ein ny siger er målet der oppe.

Bjørn Magne Moland Enge ligg nærmast Steinar Stokke, som leiar den store nasjonalklassen. Sju poeng er det opp til han, medan Geir Harald Skeie følgjer fire poeng bak han igjen.