Opp og ned for Erik Skrunes

NMK Vikedal-føraren Erik Skrunes var i helga på Sotra og køyrde sjette runde i Vestlandsmesterskapet i motocross. Køyrde både junior og open klasse, og blei nummer ni og elleve i finalane.



- Det begynte veldig bra på treninga, men etter eit stygt fall på eit av hoppa, var både eg og sykkelen mørbanka, fortel Erik Skrunes, som sleit med å få sykkelen i orden igjen, men fekk god hjelp av klubbkamerat Øyvind Heggebø.

- Me fekk låne deler og fekk sykkelen saman igjen akkurat tidsnok til første heat, men eg var både sliten og dårleg førebudd til dette.

Erik Skrunes greidde ikkje å kvalifisere seg direkte til A-finalen, men i B-finalen begynte det å løsne og han gjekk då greitt vidare til A.

- Var nok ganske tom for krefter då eg kom til A- finalen, men greidde ein niande plass som eg er nøgd med.

Under søndagens køyring i open klasse gjekk det betre, og i finalen hadde han ein god start før sykkelen stoppa i første sving.

- Tapte ein halv runde på dette, men fekk sykkelen igong igjen og køyrde meg opp til ein ellevte plass, som var greitt etter alle problema, sluttar han, som no ser fram til finalen i Vestlandsmesterskapet, som går på Karmøy om tre veker.