VM-runde for rallycross og bilcross
18.
og 19. august
-- Tilleggsregler --
-- Plakaten i høg oppløysning
--
-- Pressemeldingar
--
--
Overnatting --
-- Foreløpig
startliste, RC --
-- Resultater, RC
--
-- Foreløpig
startliste, BC --
-- Resultater, BC
--
Helga
18. og 19. august er det klart for haustsesongen og nye rundar i
Vestlands- mesterskapet.
Lørdag 18. august er det klart for 4. runde
i VM for rallycross. Det er fortsatt tett i kampen om ære
og berømmelse i nokre av klassane.
I RCN i/2400 ccm er det Arild Vik som leiar med 39
poeng. Rudi Andres Rossland og Lars Reidar Frøyland ligg
litt bak, men ettersom ein runde skal strykast og begge desse
vart utan poeng i første runden i april, ligg dei jamnt
med Arild.
Steinar Stokke har ei litt større
leiing i RCN o/2400 ccm. Her kjempar Bjørn Magne Moland
Enge og Geir Harald Skeie om andreplassen. Begge må bli
betre enn Steinar, dersom dei skal kunne ha håp om å
ta samanlagtseieren frå han.
I supernasjonalklassane har deltaking vore
laber i år.Bjørn Stormo leiar klassen i/2000 ccm og
Håkon Gjesdal Nilsen o/2000 ccm.
Søndag 19. august går 3. runde i VM for
bilcross.
I junior-klassa har Anja Andersen eit overtak med
2 andreplassar og 34 poeng. Kennet Kaldheim ligg nærmast
med 30 og Ørjan Strand Eikeland deretter med 25 poeng.
Per-Gaute Østbø har eit
litt større overtak med sine 32 poeng i seniorklassa, der det blir arrangert VM for første
gong i år. Joakim B. Hansen og Kenneth
Johansen deler 2. plassen med 25 poeng. Men både Per-Gaute
og Kenneth mista bilane i den siste runden i Bergen, så
det er litt usikkert om dei er klar med konkurransedyktige
bilar.
|