Vått men godt på Vikedal Motorbane

Ernst Atle Larsen og Ørjan Lutsi vann rallycross nasjonal, medan Ruben Nodland og Johannes Holten Leifsen gjekk til topps i bilcross på Vikedal Motorbane i helga.

Det var Ernst Atle Larsen NMK Konsmo og NAF Gjesdal-føraren Ørjan Lutsi som vann rallycross nasjonalklassane på Vikedal Motorbane laurdag. For Ernst Atle Larsen var det hans andre løp i ei nybygd wankel-boble, ein bil som fungerte perfekt gjennom heile stemnet. Nasjonalklassen i Vestlandsmesterskapet, blir i år køyrd på poeng, og han vann alle sine innleiingsheat og finalen som han ville. Likevel måtte han innrømme at det ikkje er lett å ta starten på Vikedal Motorbane.

- Nei, det ser ganske greitt ut, men du skal ha ein god start på plata og god fart gjennom heile langsida om du skal kome de først gjennom første sving, forklarar han, som likevel greidde dette fire gonger og vann finalen i ganske suveren stil. For andre gong deltok han i løp på Vikedal Motorbane, og han likte seg godt.

- Trur eg kan seie at dette er det kjekkaste løpet eg har kjørt nokon gong.


Ernst Atle Larsen jublar etter sigeren i minste nasjonal.

Bak Ernst Atle Larsen var det NMK Vikedal førarane Lars Reidar Frøyland og Arild Vik som la beslag på dei to neste pallplassane. Det er også desse to som kjempar om dei to øverste plassane i Vestlandsmesterskapet, og Lars Reidar Frøyland var nøgd med at han greidde å få Arild Vik bak seg, og dermed knappe inn på forspranget før finalen i Bergen 1. september.

- Det er framleis sju poeng opp til Arild, så det er vel i drygaste laget, men alt kan skje i finalen, og det var jo skikkeleg positivt at avstanden ikkje blei større i alle fall.

Før sesongen la Frøyland ein plan om han ville vere med å kjempe i toppen i klassen på Vestlandet, men at det skulle gå så bra som det har gjort til no hadde han ikkje venta.

- Eg køyrer ein toliter i ein klasse der det er tillatt med inntil 2400 kubikk motorar, og når eg har vore på pallen i alle løp, kan eg på ingen måte vere misfornøgd med det.

I Vestlandsmesterskapet har Arild Vik no 54 poeng, Lars Reidar Frøyland 47, medan Geir Martin Myking følgjer på tredje med 32 poeng.

Tilbake med siger
I store nasjonal var det Ørjan Lutsi som drog det lengste strået til slutt. Eigentleg hadde han bestemt seg at 2007 skulle bli ein sesong utan han på rallycrossbanen

- Planen var å byggje hus i år, men så blei det kjøp i staden og dermed har det blitt tid til nokre løp.

Men hans Volvo PV var ikkje klar og for fjorten dagar sidan lånte han bilen til Håkon Gjesdal Nilsen, vann løpet og fekk lyst til å køyre meir.

- No har eg blitt ferdig med min eigen PV, men heilt klar var den ikkje, og me har jobba ganske mykje under løpet i dag, for den ville ikkje svinga slik eg ville at den skulle gjera, seier han.

I dei innleiande omgangane måtte difor Ørjan Lutsi nøye seg med tre andreplassar, og det var Steinar Stokke frå NMK Bergen som hadde pole position i finalen. Likevel var det Ørjan Lutsi som kom seg først gjennom første sving, gjekk i leiing og blei der.

- Bilen fungerte bra i finalen, i tillegg vart det tørt og litt lettare å køyra.


Ørjan Lutsi har tatt kommandoen i A-finalen i store nasjonal.

NMK Vikedal føraren Bjørn Magne Moland Enge hadde bestemt seg at denne gongen ville han heilt til topps på Vikedal Motorbane, men det gjekk berre nesten. Han kom ut som nummer to, og sjølv om han gav Ørjan Lutsi skikkeleg kamp gjennom heile finalen, greidde han ikkje å kome forbi.

- Nei det gjekk ikkje, men for meg var dette likevel som ein siger å rekne, for eg slo Steinar Stokke, ein førar eg har vore bak så langt i sesongen.

Likevel har Steinar Stokke framleis ti poeng å gå på i Vestlandsmesterskapet til Moland Enge. Geir Harald Skeie ligg på tredje plass.

Løpet på laurdag var òg fjerde runde i NMK Vikedal Cup, der nasjonalklassane blir slått saman. Her òg leiar Arild Vik med 57 poeng, Steinar Stokke har 50 poeng, medan Lars Reidar Frøyland ligg på tredje med 47 poeng. Finalen går på Vikedal Motorbane 7. oktober.

Vil ha fleire med
Det vart også køyrd supernasjonal på Vikedal Motorbane , men her var det berre dei to NMK Bergen-førarane Rudi Andre Rossland og Bjørn Stormo som stilte opp. Rossland var best, men dei var skuffa over at ikkje fleire kom.

- Sjølv om det er NM-runde neste helg, der me òg skal delta, hadde de vore meir moro om fleire hadde vore med her i dag, sa dei to, som hadde hatt ein fin dag på Vikedal Motorbane.

Bra med framhjulstrekk
Søndagens bilcross vart vunne av Ruben Nodland frå NMK Egersund i juniorklassen, medan Johannes Holten Leifen frå arrangørøklubben gjekk til topps i seniorklassen. For Johannes Holten Leifsen var dette han aller første siger, sidan han begynte i bilcross junior for om lag 10 år sidan.

- Eg kan ikkje hugse at eg har stått på toppen før, så i dag var det full klaff, seier han, som stilte i ein nybygd Golf til løpet.

- Ja, i dag passa det godt godt med framhjulstrekk, for det var både vått og skikkeleg sleipt på banen.


Johannes Holten Leifsen (Golf) og Lars Reidar Frøyland kjempar i teten i tredje omgang.

Hans Kristjan Kristjanson og Joakim B. Hansen blei nummer to og tre i bilcross, begge NMK Vikedal.

Med dette resultatet gjekk Johannes Holten Leifsen også opp på ein tredjeplass samanlagt i Vestlandsmesterskapet med 33 poeng. Per Gaute Østbø, som blei nummer seks på søndag, leiar framleis med 43 poeng, medan Joakim B. Hansen ligg på andre med 40 poeng.

Kennet Kaldheim og Anja Andersen, begge frå NMK Vikedal, la beslag på dei to siste pallplassane i bilcross juniorklassen, bak Ruben Nodland.

Anja Andersen leiar framleis Vestlandsmesterskapet i klassen med 49 poeng, men no berre to poeng føre Kennet Kaldheim, Glenn-André Skråmestø NMK Bergen følgjer på tredje med 29 poeng.