Klart for todagerscrossen

Til helga er det klart for andre og tredje runde i NMK Vikedal Cup, under todagarscrossen på Vikedal Motorbane. Så langt er rundt 90 førarar påmeldt i klassane bilcross junior, bilcross og rallycross nasjonal.

I bilcross junior er det KNA Klepp-føraren Gunleiv Kvål som har gått i leiing, etter ein tredje og andre plass i dei to første rundane. Dei to første løpa var det NMK Vikedal-førarane Jan Kåre Frøyland og Ørjan Strand Eikeland som vann, men litt dårlegare resultat i kvart av dei andre løpa gjer at desse to ligg nede på femte og tredje plass. Ein annan NMK Vikedal-førar, Kenneth Kaldheim, ligg på andre.

For Jan Kåre Frøyland, som vann løpet i mars, vart det ein siger som sat langt inne etter at han sleit med bremsane på sin Ford Escort i dei innleiande omgangane.

- Ja, frå femtesporet måtte eg ta ein sjanse, og eg gjekk nok fortare inn i startsvingen enn eg trudde var mogeleg, men eg kom meg gjennom og inn til mål til siger den gongen.


Jan Kåre Frøyland vann juniorklassen på Vikedal Motorbane i mars. Kan han gjere det igjen?

Under opning av Vestlandsmesterskapet i april, som også var andre runde i NMK Vikedal Cup, var det Ørjan Strand Eikeland som hadde suksess, og vann to av innleiingsomgangane, og gjekk direkte i tet i A-finalen, som han leia frå start til mål.

Det blir eit spanande framhald i cupen, og berre sju poeng skil leiaren Gunnleiv Kvål og Anja Andersen NMK Vikedal på sjetteplass.

Også Vestlandsmesterskap
Medan det er køyrt to rundar i NMK Vikedal Cupen i bilcross junior, er løpet andre runde for førarane i seniorklassen, etter at første runde vart avvikla i mars. NMK Vikedal-føraren Vidar Riise vann dette løpet, og ligg dermed i leiing, føre Glenn Rostøl frå KNA Klepp, medan ein annan NMK Vikedal-førar Kenneth Johansen ligg på tredje.

For Vidar Riise var søndagen i mars første gongen i karrieren at han kunne klatre opp på toppen av pallen, etter først å ha vunne alle sine innleiingsheat.

- For meg har dette vore ei optimal helg, sa Vidar Riise den gongen.

Etter fem innleiande omgangar i helga og finalar på søndag vil det vise seg om han framleis er på toppen etter to køyrde rundar i cupen.


Jan Kåre Frøyland (t.v) og Vidar Riise kunne juble etter seier på Vikedal Motorbane i mars.

For bilcrossklassen er løpet til helga også første runde i Vestlandsmesterskapet for klassen, andre runde går i Bergen St.Hans-helga, og meisterskapen er tilbake med tredje runde på Vikedal Motorbane 19. august.

Lutsi og Frøyland ?
Rallycross nasjonalløpet til helga kolliderer med Norgescupen, og dermed er verken NMK Bergen-føraren Steinar Stokke, eller NMK Vikedal-førarane Bjørn Magne Moland Enge eller Geir Harald Skeie å finne på startlista. Det er desse tre som ligg på topp så langt i NMK Vikedal Cup etter god køyring i nasjonal over 2400 kubikk. I denne klassen er det så langt berre Arnt Olav Lillesund som er påmeldt.

I klassen inntil 2400 kubikk stiller det heile 17 bilar i løpet til helga, og med førarane frå store nasjonal på norgescup, skulle det difor vere muligheter for NMK Vikedal-førarane Lars Reidar Frøyland og Sigmund Lutsi å klatre opp i toppen i samandraget. I den andre runden i april var dei begge på pallen, og kan nok gjere det igjen til helga.


Sigmund Lutsi har gått i tet føre Lars Reidar Frøyland og dei andre i feltet.