Alle laurbærkransane til NMK Vikedal

Førarane frå NMK Vikedal gjorde reint bord i NMK Vikedal Cup 2007. Arild Vik gjekk til topps i rallycross, medan Kennet Kaldheim og Vidar Riise vann dei to bilcrossklassane.


Kennet Kaldheim (t.v.) vann junior, Arild Vik rallycross og Vidar Riise bilcross i NMK Vikedal Cup 2007. Alle køyrer for NMK Vikedal.

Fitjarbuen Arild Vik kunne dermed avslutte ein fantastisk sesong, der han har kjempa i toppen både i NMK Vikedal Cup og Vestlandsmesterskapet, og i tillegg har ein femteplass å sjå tilbake då han testa nivået i Norgescupen på Lyngås tidlegare i haust.
- For meg vart dette berre ein kjempeavslutning, og med to bestetider var eg klar for pole position før tredje omgang, seier Arild Vik, som også kjem tilbake til neste år, men då i ny bil.
- Me held på med ein Volvo 240 for nasjonal, og dersom økonomien går i orden er det planen å køyre full Noregscup i tillegg til løpa her på Vestlandet.

NMK Bergen føraren Steinar Stokke var den som kunne ta cupsigeren frå Arild Vik. I NMK Vikedal Cup blir nemleg poenga frå dei to nasjonalklassane slått saman, og Stokke måtte vinne finalen i store nasjonal om han skulle slå Arild Vik. Det gjorde han ikkje.
- Nei, var ikkje topp motivert i dag og rota det til for meg, seier Stokke, som kom på tredjeplass i løpet, dermed på andre i cupen. Etter fem år i rallycross nasjonal blir det truleg klassebyte for han til neste år.
- Planen er supernasjonal, men enno er det ikkje bestemt om det blir toliterklassen eller store super.
NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland blei nummer tre samanlagt i rallycross.

Alt til NMK Vikedal
I dei to bilcrossklassane var det leiarane før finalen, Kennet Kaldheim i junior og Vidar Riise som greidde å forsvare posisjonane sine, og tok kvar sin samanlagtsiger. Begge blei likevel berre nummer fire i løpa. Karsten Hermansen KNA Klepp vann nemleg bilcrossklassen, medan Katrine Tveit frå NMK Vikedal gjekk til topps i junior.

For Vidar Riise var det ei punktering som øydela A-finale innsatsen.
- Ja, eg fekk ei punktering i første runde og hadde nok med å kome meg til mål på den våte og sleipe banen.
Likevel visste han at samanlagtsigeren var så godt som sikra.
- Johannes Holten Leifsen var den eg frykta mest, og då han ikkje kom lenger enn til B-finalen forstod eg at dette kunne gå.

Det blei ein rein NMK Vikedal pall samanlagt i NMK Vikedal Cup i bilcrossklassen, og Joakim B. Hansen og Per-Gaute Østbø kom på dei neste plassane.
I juniorklassen var det Vestlandsmester Kennet Kaldheim som leia NMK Vikedal Cup føre finalen, og sjølv om den verste konkurrenten hans Anja Andersen slo han i finalen, var det ikkje nok til å gå forbi i samandraget. Seks poeng hadde Kennet å gå på til slutt, og kunne berre glise.
- Andre samanlagtsigeren i år, så dette har vore ein sesong over all forventing, seier Kennet Kaldheim, som likevel kan konstatere at bilen har fått mykje bank.
- Ja, eg må nok få tak i ein god delebil før neste sesong.

For Anja Andersen blei det ein ny andreplass både i løpet og i cupen.
- Dette var det siste løpet mitt i juniorklassen, og eg hadde lyst å vinne. Men eg kom for dårleg ut i starten og Katrine Tveit vart for sterk mot slutten.
Som første jente nokon gong tok nemleg Kartine Tveit ein klassesiger på Vikedal Motorbane.
Anja Andersen vart altså nummer to i NMK Vikedal Cup i juniorklassen, medan Ole Rasmus Solheim, også han NMK Vikedal, vart nummer tre.