Vått, men vellukka i Vikedal

Eit forrykande uvêr natt til laurdag sette sitt preg på andre runde i Vestlandsmesterskapet i motocross på Vikedal Motorbane i helga, som likevel vart gjennomført etter den oppsette tidsplanen.

- Det er klart at når me til slutt fekk godt over 200 deltakarar til løpet, som skal gjennom ei løype som vart skikkeleg vasstrukken etter det kraftige regnveret natt til laurdag, blei dette ei utfordring, seier løpsleiar Bryn Rønnevik, som med 20 års erfaring som arrangør og løpsleiar av billøp på Vikedal Motorbane, ikkje har sett maken.

- Vikedal er ein av dei stadene i landet det regnar mest gjennom året, denne gongen trur eg det kom endå meir, seier han, som likevel etter løpet kunne seie seg nøgd med det dei hadde vore gjennom.

- Me køyrde etter den oppsette tidsplanen både laurdag og søndag, på ein bane som stabiliserte seg og som eg trur imponerte dei fleste, seier løpsleiaren.


Bryn Rønnevik og Lisa Skrunes var godt nøgd etter helga.

Også leiaren i motocrossgruppa, Lisa Skrunes, er nøgd med det som skjedde, og hadde også forhøyrt seg hos førarane kva dei syns om baneforholda.

- Etter laurdagen, då det var skikkeleg surt med regnbyer utover dagen, fekk eg tilbakemelding frå fleire som synst dette har vore kjekt. Om alle syns dette veit eg ikkje, men det er ei god tilbakemelding å få, seier ho.

Også Jørgen Dehlin Jørstad (t.v.) frå Jevnaker MK, som hadde tatt turen frå Østlandet for å vere med på løpet i Vikedal, var nøgd. Han vann begge heata i open klasse, og i finalen slo han Jørgen Andreas Engvik frå Bømlo Motocrossklubb med litt over 45 sekund.

- I dag var det tungt, men eg likar å køyre på tunge banar så dette passa meg bra. Det var verst i begynnelsen, men det tørka litt opp etterkvart, og vart betre.

Jørgen Dehlin Jørstad har planar om å køyre alle rundane i Vestlandsmesterskapet, i tillegg til NM og Norgescup. Fjortande plass i den første NM-runden er han likevel ikkje nøgd med.

 

 

 

 


Kamp om leiinga i open klasse. Jørgen Dehlin Jørstad (222), Roger Skjønberg (18) og Thomas Klingsheim (59)

Nummer tre i open klasse vart Roger Skjønberg frå Stord Motocrossklubb, medan Ole-Reidar Ljung frå Sauda Motocross Klubb kom på fjerdeplass.

Klassen MX 85 13-16 år vart vunnet av Marius Ripel Jensen frå Stord Motocrossklubb, mens Erlend Klingsheim, Elgane Motocrossklubb, og Nikolas M. Skjerping frå Sotra Motocrossklubb, kom på dei neste plassane.

I dameklassen var Katrine-Rye Holmboe og Maria Sangolt Jensen, begge frå Sotra Motocrossklubb, raskast, medan Lene Ljung, Sauda Motocross Klubb, tok tredjeplassen.

Senior 35+ blei vunnen av Roger Skjønberg Stord, føre Magnus Nordmark Bybergsanden Motocrossklubb og Jarle Matre Os MC & MX.

Juniorklassen, som blei køyrd ferdig laurdag, blei vunnen av Tomas Klingsheim frå Bybergsanden føre dei to Bømlo-førarane Jørgen Andreas Engevik og Kjetil Bråthen. Ole-Reidar Ljung frå Sauda kom her på fjerde