Klingsheim og Bragstad raskast i Vikedal

Tomas Klingsheim var i ein klasse for seg under motocrossen på Vikedal Motorbane i helga og vann juniorklassen i suveren stil. I senior var Morten Bragstad igjen tilbake i toppen, medan Magnus Nordmark vann 40+ klassen, Silje Vagle vann dameklassen og Marius Ripel Jensen MX85.

For Tomas Klingsheim, Bybergsanden MX, blei det ei travel helg. Laurdag køyrde han NM-runde på Austlandet, og han kom ikkje til Vikedal for langt ut på natta natt til søndag. 
- Me var her i halv to tida, og no er eg ganske sliten, sa han etter at han hadde vunne A-finalen i juniorklassen: Nøgd var han med køyringa.
- Eg fekk bra flyt på køyringa, og etter at eg kom først ut i starten både i heatet og finalen satsa eg på å få ei tidleg luke, noko som ofte fører til at konkurrentane gir litt opp, og det såg ut til at det virka i dag, seier han.
Også vinnaren av dette løpet på Vikedal Motorbane i fjor, Jo Christian J. Larsen, som hadde tatt turen frå Notodden for å forsvare resultatet, måtte sjå seg slått av Klingsheim
- Det gjekk betre i fjor, men no i finalen hadde eg i tillegg problem med girkassa som hoppa ut av gir, så eg er ikkje heilt nøgd med dette.
Alle kunne sjå at Tomas Klingsheim var ganske suverén i juniorklassen, og i Vestlandsmesterskapet er det Alexander Aasheim og Jørgen Andreas Engevik, begge frå Bømlo Motorsportsklubb, som følgjer på plassane bak Klingsheim. Dei innrømmer at Tomas Klingsheim er i ein klasse for seg på Vestlandet for tida, eller som Alexander Aasheim seier det.
- Tomas er ganske enkelt hakket betre enn oss andre, og det blir nok vanskeleg å gjere noko med han også i dei siste løpa. 

Alexander Aasheim (t.v) Bømlo Motorsportsklubb blei nummer tre, Jo Christian J. Larsen frå Notodden nummer to og Tomas Klingsheim frå Bybergsanden MX vann juniorklassen på Vikedal Motorbane i helga.

Bragstad tilbake
Sjølv om deltakinga i juniorklassen langt overgår deltakartalet i senior, var det i denne klassen at det var mest spenning om kven som skulle dra av garde med sigeren. På førehand var det annonsert at det var mellom Morten Bragstad, Ole Eirik Mæland og brørne Edvin og Ronny Weum at kampen skulle stå. Klassen køyrer to heat der resultata blir slått saman til slutt. Morten Bragstad frå Nesttun vann det første heatet, medan NMK Vikedal-føraren Ole Eirik Mæland vann det siste. Begge måtte innom ei 15 minuttars tidsstraff i finalen, ei straff Mæland tok tidleg og greidde raskt å ta innpå konkurrentane. 
- Siste heatet var bra, men i det første kvelte eg sykkelen i ein sving ein halv runde før mål, og eg fekk ikkje gang på den igjen, og tredjeplassen eg låg på blei til ein femte og dermed glapp også sigeren og det blei berre ein fjerde plass totalt. 
Dermed kunne Morten Bragstad frå Nesttun innkassere ein ny siger i Vestlandsmesterskapet og trygge leiinga.
-Det er eg sjølvsagt veldig godt nøgd med.
Brørne Edvin og Ronny Veum frå Stord & Fitjar MX Klubb var kanskje dei som til slutt var mest nøgde med det som skjedde i Vikedal. Dei blei nummer to og tre i løpet, og heldt også desse plassane samanlagt.
- To rundar og fire heat igjen i meisterskapen, og får Morten ein miss i eit av desse kan mykje endra seg, seier dei. 

Morten Bragstad frå Nesttun kunne smile etter ein ny siger.

Vagle til topps i dameklassen
I klassen 40+ har Magnus Nordmark frå Bybergsanden MX vore suveren denne sesongen, og på søndag tok han sin fjerde siger av fire mulige i Vestlandsmesterskapet i år. 40 åringen som er inne i sin første sesong i denne klassen, innrømmer at nivået er lågare her enn i senior.

- I fjor vann eg løpet i seniorklassen på Byberg, og eg merkar at det er lettare å vinne denne klassen enn det var i fjor i senior.

I dameklassen var det denne gongen Silje Vagle frå Bybergsanden MX som vann, og braut dermed sigersrekkja til Katrine Rye-Holmboe frå Sotra. Lene Ljung frå Sauda kom på tredjeplass. 

Laurdag vart det køyrd knattecross på Vikedal Motorbane, saman med MX85 13-16 år. Her vann Marius Ripel Jensen frå Stord & Fitjar MX Klubb, føre Nikolas M. Skjerping frå Sotra Motocrossklubb og Kristoffer Tingvik Bybergsanden MX.