175 til start i Vikedal

Motocrossen på Vikedal Motorbane til helga får ny rekorddeltaking og 175 deltakarar er påmelde i knatte- og motocrossklassane. – Ikkje så verst dette, seier leiar i MX-gruppa Lisa Skrunes, som kan lova mykje motocross på banen laurdag og søndag.

I fjor var det 160 deltakarar som tok turen til Vikedal Motorbane, då NMK Vikedal arrangerte sitt første motocrossløp på den nye traseen. At det er fleire i år tyder på at interessa held seg.
- Me fekk gode tilbakemeldingar på anlegget i fjor, og det er moro at det blir ny rekord i år, seier Lisa Skrunes, som kan lova mykje køyring, spesielt på laurdagen. I tillegg håpar ho på god lokal innsats.
- Ole Eirik Mæland køyrer veldig bra for tida og er med og kjempar i toppen i seniorklassen, og juniorane Anders Mæland og Erik Skrunes har også muligheter til å hevde seg i juniorklassen, seier ho.

Mæland i støtet
For Etnebuen Ole Eirik Mæland har sesongen så langt vore bra, men travel.
- Eg bestemte meg før sesongen at satsing i NM skulle har prioritet noko som førte til at eg valde å stå over runden i Vestlandsmesterskapet som gjekk i Sauda, eit løp som kolliderte med ein NM-runde, forklarar han som dermed er blitt hengjande litt etter i samandraget.
- Målet no for dei tre siste løpa, her i Vikedal, på Bybergsanden og Karmøy, er å ta igjen det tapte, og eg er skikkeleg sugen på å vinne Vestlandsmesterskapet i år.


Ole Eirik Mæland i luftig svev i Vikedal.

Det er Ronny Weum frå Stord og Morten Bragstad som er med å kjempar i toppen saman med Ole Eirik Meland, og begge fryktar han før løpet i Vikedal.
- Han har køyrt og trent mykje på banen i Vikedal, og har nok betre kontroll på dei mest gunstige linjene enn det me har, er dei begge einige om.

Det var Morten Bragstad som leia klassen etter dei to første rundane i vår, men under runden i Sauda køyrde han med ein skade i handa og måtte ta det med ro, og måtte gje frå seg leiinga til Ronny Weum. Denne har Weum tenkt å behalde også etter Vikedal.
- Sjølv om det heilt klart blir hardt er det som er målet.

Lokale håp
I juniorklassen er det Tomas Klingsheim frå Bybergsanden Motocrossklubb som har gått i leiing, og sjølv OM det skal mykje til for å slå han, har både Anders Mæland og Erik Skrunes frå arrangørklubben NMK Vikedal muligheter til å blande seg inn i toppen. Erik Skrunes frå Øvre Vats meiner sjølv han har blitt ein mykje betre førar i år, utan at han har fått utteljing for dette i løp.
- Under opningsløpet på Sotra skada eg skuldra, og på Stord køyrde eg ut. No håpar eg at eg har lagt uhella bak meg, og kan få til eit godt resultat i Vikedal, seier han.
Dameklassen i motocross er det Kartrine Rye Holmboe som leiar, etter at ho har vunne dei tre rundane som er køyrt til no. Sjølv meinar ho at ho har blitt ein betre førar i år, men det har også konkurrantane.
- Nivået er blitt høgare og sjølv om eg har opparbeidd meg ei leiing må eg nok skjerpe meg om dette skal halde heilt inn, seier ho, som også kan konstatere at det er ei aukande interesse for dameklassen.
- Frå Sotra er det no fleire som satsar, og sjølv om dei ikkje køyrer løp i år, så kjem dei kanskje til neste år.