Bilder frå den tekniske årskontrollen i Sandeid 4. mars 2006

Her er bilder av nokre av bilane som var på den tekniske årskontrollen på Sandeid:.


Ein Volvo som tidlegare har gått på Torvastad og som var innom hjå Oddvar Kalland, er no hamna i Imsland.


Kenneth Kaldheim frå Ilsvåg skal kjøra BC jr. i sin nybygde Volvo 740.


Sauda Vidaregåande Skule satsar på litt spesielle bilar. I år satsar dei på ein Honda Prelude.


På Eikelandsmyrane i Vats held dei seg til Volvo 360. Denne skal vel og bli svart og raud.


Kenneth Johansen har bygd seg ny Escort. På bagasjelokket står det "Escort 3.1", og det er nok ikkje langt frå sanninga. Det var umiskjennelg sekser-lyd i Escorten. Kenneth skal selja den Kadetten han kjørte med i fjor haust. Den gjekk og gjennom årskontrollen og er klar til start. Sjå på "Kjøp & sal"-sida.


Sierraen til høgre er ein av prosjektbilane i Vikedal som er klar. Svein Bjarte sin 240 var for ein gong skyld klar til den tekniske årskontrollen. Den har fått ein del ny plast og sjølvsagt eit nytt strøk med lakk.