Klart for sesongopning på Vikedal Motorbane

Til helga er det klart for sesongopning på Vikedal Motorbane, og sjølv om vinteren den siste tida har vore hard, har det skjedd mykje på banen sidan fjorårssesongen blei avslutta i oktober. I sist veke vart 260 meter nytt autovern sett opp, og til helga er dermed alt klart til første runde i NMK Vikedal Cup. Det er Glenn Olav Lothe som styrer bilgruppa i klubben, og han kan opplyse at for første gong har klubben nytta profesjonell hjelp til oppsetting av autovern.
- Firmaet Arvid Gjærde gjorde autovernjobben på to dagar, og sjølv om me ikkje har fått rekninga ennå, er avtalen at den skal liggje på rundt 250.000 kroner.
Før autovernet kunne setjast opp var det også mykje maskinarbeid som måtte gjerast, noko som har gjort at banen no har fått eit løft og blitt meir moderne.
- Ja, no kan startplata gjerast breiare, noko som er eit krav om me vil køyre NM-runde i rallycross, seier Glenn Olav, som legg til at det som no er gjort er etter krav frå Norges Bilsportforbund.
- Me har enno ein del som står igjen i høve til utskifting av autovern og omlegging av trasear, eit arbeid som me har frist fram til sesongstart i 2007 for å få gjennomført.

Glenn Olav Lothe (t.v.) og Marius Vaka Lothe.

Oppgraderinga av banen fører også til at NMK Vikedal for første gong kan tilby førarane køyring i alternativ spor, og løpsleiar Steinar Høyvik seier at det er rallycrosstraseen forbi start som vil bli nytta til dette.
- Me er litt spente på korleis dette vil fungere, og vel å teste dette ut for bilcrossklassen no i det første løpet.

Vil vinne på nytt
I overkant av 50 førarar er påmeldt til løpet, som også er første runde i NMK Vikedal Cup. Cupen blir avvikla i bilcross, bilcross junior og rallycross nasjonal. Bilcrossen startar med første runde no, medan rallycrossen har sesongopning i slutten av månaden.
          Lars Reidar Frøyland kunne i fjor motta laurbærkrans som cupvinnar, og han er klar til å gjenta suksessen i år.
- Eg kan ikkje ha som mål å bli dårlegare enn i fjor, og då må eg stille siktet inn mot ein ny samanlagtsiger i bilcross, det er klart, seier Frøyland.

Lars Reidar Frøyland i tet.

I fjor var det svoger og klubbkamerat Martin Tveit som kom nærast Frøyland til slutt. Sjølv om han ikkje kan love at han får med seg alle løpa i årets cup, er han klar til dyst på søndag.
- Eg har ei dotter som skal begynne med bilcross i år og vil prioritere henne i dei løpa dette kolliderer med mine, men på søndag er målet heilt klart å slå Lars Reidar, seier Martin Tveit.

Juel har muligheten
I bilcross junior er både vinnaren og andremann frå i fjor borte frå klassen. Arnt Olav Lillesund har gått over til rallycross nasjonal, medan Joakim B. Hansen køyrer seniorklassen i bilcross. Heller ikkje nummer tre frå fjor, Ørjan Strand Eikeland, blir klar til søndag
- Eg har kjøpt ny bilcrossbil, og den blir ikkje klar før til neste runde.
Dermed er det kanskje Jens Idar Juel som kan klatre til topps. Han hadde ein god sesong i fjor, med andreplass i Vestlandsmesterskapet og fjerdeplass i NMK Vikedal Cup. Han er likevel litt usikker.
- Har ikke fått saman bilen annå, men håpar at den vil fungere like bra som i fjor slik at det kan bli eit godt resultat på søndag.

Jen Idar Juel