3 vinnerar frå NMK Vikedal i Bergen

3. runden i Vestlandsmesterskapet gjekk på Eikås Motorsenter i Bergen på lørdag. Det var stort sett bra ver heile dagen, men til dei siste finalene kom det kraftige regnbyger. NMK Vikedal var representert i dei fleste klassane og det vart ein god dag for mange av dei.

Ørjan Strand Eikeland vann bilcross junior
Ørjan Strand Eikeland frå Øvre Vats vann igjen bilcross junior-klassa og leiar no samanlagt i Vestlandsmesterskapet med 51 poeng framfor klubbkamerat Egil Nybøe, Avaldsnes, med 44 poeng. Ørjan vann 2 av 3 innleiande omgangar, men hadde full kontroll i finalen. Anja Andersen kom til B-finalen etter ein andre- og to tredjeplassar i innleiande omgangar. I B-finalen var ho raskt oppe på andreplass som ho heldt til mål. Dermed vart det 7. plass totalt på Anja. Egil Nybøe var og i B-finalen og var heilt oppe i ryggen på Anja ei stund, men falt litt av og vart nr. 10. Jan Kåre Frøyland, Tysværvåg, feira 17-årsdagen i Bergen, men nådde ikkje heilt opp denne gang og vart nr. 12. Han held likevel 3. plassen samanlagt. Kenneth Kaldheim, Ilsvåg, vart nr. 13 og Leif Egil Olsen, Imsland, vart nr. 14. Kenneth ligg best an samanlagt av desse med 24 poeng og 6. plass. Bilcross junior har ein runde igjen i årets Vestlandsmesterskap som går i Bergen 23. september.

Endeleg for Bjørn Magne Moland Enge
Etter 4 rallycrossløp med tekniske problemer, ser det endeleg ut til at Bjørn Magne Moland Enge frå Sandeid er kvitt problema med drivverket. Bilen fungerte prikkfritt heile dagen i Bergen, og Bjørn Magne vann alle sine heat inkludert finalen. Dermed gjorde han også eit stort sprang oppover til andreplass på samanlagtlista for rallycross nasjonal over 2400 ccm med sine 39 poeng. Men det er veldig tett i samandraget med berre 18 poeng mellom 1. og 9. plass når det gjenstår 3 rundar. Arnt Olav Lillesund, Røyksund vart nr. 2 i løpet og gjekk med det opp på tredjeplass i samandraget.

Svein Bjarte Holten vann supernasjonal
Svein Bjarte Holten, Vikedal, hadde og ein problemfri dag i Bergen. Han vann 2 av 3 innleiande omgangar og hadde dagens suverent beste tid i andre omgang. Samanlagt leiar han no Vestlandsmesterskapet suverent i sin klasse med 63 poeng.

Lars Reidar Frøyland nr. 3 i bilcross senior
Utanom Vestlandsmesterskapet vart det og arrangert bilcross senior. Der var det Lars Reidar Frøland, Tysværvåg, som gjorde det best av våre lokale førerar ved å ta tredjeplassen, bak Dag Solbakken og Kjell Askeland, begge NMK Bergen.

Samanlagtstillinga i Vestlandsmesterskapet finn du her ...

 Ein del bilder frå løpet:


Mikal Opheim (gul Sierra) og Silje Reneè Pedersen (nr. 18) kom rett utanfor finalane. Joakim B. Hansen (blå Scorpio t.h.) hadde litt fleire problemer og hamna litt lenger bak.


NMK Vikedal junior team viser i gjen med dei blå bilane. At det har snike seg inn ei Higre-bobla får vi oversjå.


Ørjan Strand Eikeland godt med i starten i 1. omg., men må seinare sjå at Robert Sundland (nr. 84) kjører forbi og vinn heatet.


Ørjan litt sein i starten i 2. omgang, der han har Kenneth Kaldheim og Anja Andersen ved sida av seg. Ørjan vinn heatet framfor Anja. Kenneth blir nr. 4.


Egil Nybøe hadde litt problemer i dei første omgangane, men her i 3. omgang kjem han godt ut i starten og vinn heatet.


C-finalistane ventar på å kjøra inn på start. Jan Kåre Frøyland får nokre siste tips av pappa og Thomas Aasbøe.


Kenneth Kaldheim (nærmast), Leif Egil Olsen og Jan Kåre Frøyland kvalifiserte seg til C-finalen. Jan Kåre er lengst framme i starten.


Leif Egil Olsen hadde Kenneth Kaldheim bak seg ei stund, men måtte sleppa han forbi litt seinare.


Jan Kåre Frøyland leia C-finalen, men her må han sleppe Daniel Nilsen framfor seg og ta til takke med andreplass.


Anja Andersen framfor Egil Nybøe i B-finalen. Anja var nære på å vinna, men vart til slutt nr. 2. Egil falt litt av og vart nr. 4.


Ørjan Strand Eikeland tar teten ut frå start og var aldri truga. Han vann greit framfor Robert Sundland (Hylkje-Ascona) og Jørn Torp (boble).


Lars Reidar Frøyland tar teten i 3. omgang og vinn sjølv om Bjørn Arve Hjelmås (nr. 40) heng godt med.


Dag Solbakken vann framfor Kjell Askeland (begge NMK Bergen) og Lars Kåre Frøyland.


Volvo-en til Bjørn Magne Moland Enge (nr. 533) fungerte endeleg slik den skal. Her tek Bjørn Magne starten i 2. omgang, medan Arnt Olav Lillesund har vore litt sein i starten.


Bjørn Magne Moland Enge var jublande glad for at alt no fungerte perfekt. Arnt Olav var godt nøgd med andreplassen, medan Gunnar Hoff berre "beundra" NMK Vikedal-førerane.


Den verkelege oppturen for Svein Bjarte Holten starta i 2. omgang der han hadde ein kanonstart.


Også på vått føre i A-finalen tar Svein Bjarte starten. Når Jostein Skjerve og Øystein Verlo har ein liten smell i første sving, har Svein Bjarte full kontroll på seieren.


Svein Bjarte kjører kontrollert inn til seier i Bergen.


Svein Bjarte Holten på toppen av pallen saman med Jostein Skjerve (t.v.) på andreplass og Øystein Verlo på tredjeplass.