Spanande cupfinale

NMK Vikedal Cup 2006 blei avgjort på målstreken i begge bilcrossklassane, der Per Gaute Østbø og Egil Nybøe vann med berre eitt poeng til slutt. I rallycross nasjonal derimot tok Ørjan Lutsi ein suveren siger.


Vinnarane av NMK Vikedal Cup 2006. Ørjan Lutsi, NAF Gjesdal (t.v.) rallycross nasjonal, Egil Nybøe, NMK Vikedal bilcross junior og Per Gaute Østbø, NMK Vikedal bilcross.

Før finalen var det mellom dei tre NMK Vikedal-førarane Per Gaute Østbø, Kenneth Johansen og Arild Riise det stod, om kven som skulle kunne kalle seg cupmeister i bilcrossklassen for 2006. For Per Gaute Østbø, som hadde det beste utgangspunktet før finalane, blei starten på det avgjerande stemnet verst mogeleg.

- Ja, i første omgang gløymde eg å køyre innom alternativsporet, og vart ståande utan poeng i den omgangen.

Men Østbø kom tilbake, vann sine heat i dei to siste omgangane, og kapra ein plass i A-finalen. Her gjekk han opp i leiiing og det såg ei stund ut til at han skulle gå vidare til A-finalen, der Kenneth Johansen alt hadde fått plass.

- Etterkvart mista eg leiinga, og etter ein del klabb og babb vart eg ståande godt plassert i ei grøft utanfor banen, og då trudde eg ikkje at dette skulle halde, sier han. Med Kenneth Johansen i A-finalen, og med berre seks poeng å hente inn på Østbø vart det spennande minutt.

Men også i A-finalen blei det ein del styr, og til slutt blei Kenneth Johansen køyrande sist i finalen med punktert bakhjul: Med berre eitt poeng opp til Østbø i kampen om cupsigeren, var han nok litt skuffa.

- Klart det, men i dag fekk eg ikkje dreis på bilen, og det var både tenningsproblem, ein motor som kokte og ei punktering til slutt, og då må ein i grunnen vere nøgd med at det gjekk så bra, seier han.

Arild Riise nådde ikkje heilt opp i finalen, blei nummer åtte i løpet og fem i cupen, medan NAF Gjesdal-føraren Sveinung Skjæveland blei nummer tre i cupen, etter ein andreplass i løpet bak Lars Reidar Frøyland NMK Vikedal. Frøyland, som har vore ein bilcrossprofil dei seks- sju åra han no har køyrt bilcross, avslutta dermed bilcrosskarrieren på topp.

- Eg har kjøpt meg rallycrossbil, som eg debuterer med her i oktober, og no blir det rallycross som blir satsinga framover sjølv om eg nok kjem til å køyre litt bilcross i tillegg.

Rallycross neste
I juniorklassen vart det like spennande, og det som såg ut som ein komfortabel andreplass i løpet og siger i cupen, blei brått endra for Egil Nybøe.

- Eg vart diska frå andreplassen, og dermed var eg ikkje sikker på om dette heldt i høve til Jan Magne Dybvik, seier Nybøe, som likevel kunne hente laurbærkransen, etter at også han slo Dybvik med berre eitt poeng. Dermed avslutta Egil Nybøe si køyring i bilcross juniorklassen på topp.

- Til neste år blir det rallycross nasjonal på meg, seier han.

Finaleløpet på Vikedal Motorbane i bilcross junior vart vunne av Gunleiv Kvål KNA Klepp, føre Anja Andersen NMK Vikedal og Jan Magne Dybvik KNA Haugaland.

Lutsi i storform
Medan det var spenning i bilcrossklassane om kven som skulle ta cupsigeren, blei det fort klart kven som skulle stikke av med sigeren i nasjonal. Poenga til førarane i dei to nasjonalklassane blir nemleg slått saman, og føre finalen var det Ørjan og Rune Lutsi som delte på leiinga. Ørjan Lutsi kom rett frå Momarken der han både hadde vunne finaleløpet i Norgescupen og cupen i store nasjonal, og viste under søndagens køyring på Vikedal Motorbane at han var i storform.

- Det har gått greitt i år, og etter at me fekk justert bilen ein del i vinter, passar denne betre til min kjørestil, seier Ørjan Lutsi, etter at ein ny løps og cupsiger var vel i hamn.

- Det var ikkje heilt bestemt at me skulle køyre her i dag, men etter at bilen var like fin etter køyringa på Momarken, valde me å ta turen og det er eg glad for. Rune Lutsi NMK Vikedal og Steinar Stokke NMK Bergen kom på dei neste plassane i cupen, medan Tor Olav Kleven NMK Vikedal vann minste nasjonal føre Gisle Morten Hetland, også han NMK Vikedal, med Vidar A. Olsen KNA Haugaland på tredje.