Favorittane sikra titlane

Morten Bragstad, Alexander Aasheim, Katrine Rye-Holmboe og Magnus Nordmark til topps i Vestlandsmesterskapet i motocross. Finalen på Karmøy samla nesten 200 deltakarar.

I seniorklassen var det NMK Vikedal-føraren Ole Eirik Mæland som hadde den beste avslutninga, og han vann begge heata og dermed også løpet.

- Denne gongen hadde eg ingen uhell, bortsett frå at eg punkterte i siste heatet og måtte slå av litt på farten, seier han, som likevel vann begge heata med klar margin til konkurrentane

- I første omgang var det om lag 29 sekund ned til nummer to, medan det i siste heatet blei 38 sekund ned til Morten Bragstad, som var den som vart nummer to bak meg i begge heata.


Ole Eirik Mæland i svevet under VM-runden i Vikedal i august.

Med dette resulatet er Morten Bragstad Vestlandsmester i seniorklassen, men likevel hadde han ingenting å stille opp med mot Ole Eirik Mæland.

- Nei, uansett hadde eg ikkje hatt kjangs på han i dag, for han køyrde rett og slett fortare enn meg, seier Bragstad, som heller brukte kreftene på å kontrollere at Edvin Veum ikkje tok innpå.

- Eg hadde full kontroll på han, og når eg tok det litt med ro og såg at han tok innpå, gav eg på igjen og merka at avstanden auka.

For brørne Ronny og Edvin Veum vart det ein stor dag, og dei kunne begge klatre opp på pallen og hente andre og tredjepremien i klassen samanlagt. For Ronny blei det dette som blei det viktigaste under finalen på Karmøy, å sikre andreplassen.

- I dag blei det berre ein fjerde og ein femte plass, men at eg ikkje kom på pallen i dag er ikkje så viktig, i dag var det viktigaste at eg blei nummer to, og at Edvin i tillegg greidde tredjeplassen er jo veldig bra for teamet, seier han, og peikar på at dette er ny rekord for deira del.

- Nei samanlagt har me aldri vore så høgt oppe i Vestlandsmesterskapet begge to på same tid.

Over i senior
I juniorklassen greidde Alexander Aasheim det han var komen til Karmøy for å greie. 17 åringen frå Bømlo leia nemleg juniorklassen før finalen, og trong ikkje ei ny topplassering for å sikre samanlagtsigeren i klassen.

- Eg blei nummer seks, noko som var godt nok, seier han, som hadde ein velt i kvalifiseringa.

- Eg kom meg fort opp igjen, og bortsett frå denne velten gjekk alt som eg hadde planlagt i dag, seier han, som har eitt år igjen i seniorklassen.

Klubbkamerat i Bømlo Motorsportklubb Jørgen Andreas Engevik sikra dobbeltsiger til klubben, men greidde ikkje å nå pallen i løpet.

- Hadde håp om ein tredjeplass, men eg var rett og slett tom for energi og måtte ta til takke med ein fjerdeplass, seier han, som dermed har køyrt sitt siste løp i juniorklassen.

- No blir det tørrtrening framover, og ny sykkel til våren og satsing vidare i seniorklassen.

Vagle uheldig
I dameklassen var Silje Vagle frå Elgane Motocross-klubb maks uheldig då ho låg i leiing i finalen.

- Det var førarar i herreklassen som køyrde forbi meg og ein av desse køyrde inn i armen min, seier ho frå sjukehuset.

- Armen er gipsa, men det er litt usikkert om eg må operere.

Dermed vart det ein ny siger til Katrine Rye-Holmboe frå Sotra, som dermed tok Vestlandsmesterskapstittelen i dameklassen for andre gong.

- No går eg for ein ny sesong og den tredje tittelen på rad, seier Rye-Holmboe med eit smil, som hadde ein grei dag på Karmøy. No håpar ho at fleire kjem med i klassen til neste år.

- I år har me vore fem jenter som har køyrt, og håpet er at det blir nokre fleire til neste år.

På andre plass i Vestlandsmesterskapet kom Silje Vagle med Lene Ljung på tredjeplass.

I 40+ klassen vann også Magnus Nordmark frå Bybergsanden Motocrossklubb både løpet og Vestlandsmesterskapet. På Karmøy vann han føre Jarle Matre og Nils Skeie begge frå Os MC Klubb.

I MX 85 vann Niklas Løken frå NMK Oslo føre Erlend Klingsheim Bybergsanden, men Marius Ripel Jensen frå Stord på tredje plass. Ripel Jensen blei vestlandsmester i klassen.