Løpsreferat
frå løp 1. og 2. juli 2006 2-dagars
løp i Bø:
Gisle Morten Hetland, Glenn Olav Lothe, Kjetil Johnsen og Petter
Andrè Gunther tok turen over fjellet til Bø i Telemark for å
delta i 2-dagarsløpet der.
Gisle Morten gjorde
det bra i dei første omgangane, men ei øydelagt tannstang
gjorde at det var berre å reise heim lørdag kveld.
Også Glenn Olav fekk
tekniske problemer. Hjå han var det girkassa som ikkje vill
samarbeida meir. Kjetil Johnsen opna svært bra og låg godt an
etter lørdagens kjøring. Litt meir problemer på søndag,
gjorda at han til slutt mangla 2 poeng på finaleplass.
Times bilcrossløp lørdag i Kristiansand:
På Ruglandsbanen i Kristiansand har dei arrangert timesløp i
bilcross dei siste par åra. Kvart heat kjører i ein time med
opptil 15 bilar der kvar bil har 2 sjåførar.
Johnny Bådsvik
hadde fått med seg Knut Endre Fønnebø Ringhagen som andreførar
i Saaben. Knut Endre kjørte først og kjørte seg opp 5
plasser, men så smalt det. Diffrensialen røyk og tok med seg
giroverføringa. Dei klarte dermed berre å kjøra 10 runder før
det vart full stopp.
Bilcross- og rallycrossløp søndag i Kristiansand:
På søndagen var det Eirik Aasbøe i RCN i/2400 og Jens Idar
Juel bilcross junior sin tur. Eirik starta første omgang med ein
2. plass og Jens Idar fekk ein 3. plass. I 2. omgang fekk Eirik
ein 3. plass og Jens Idar ein 2. plass. Så i 3. omgang gjekk
alt gale. Først var det Eirik. Han tok starten, men blei
forbikjørt og låg på ein 2. plass. Men han tok innpå igjen
og låg an til ei god tid som kunne ha sikra han ein A-finale,
men så røyk coilen! Så var det Jens Idar sin tur. Han låg
på førsteplass og hadde ei god luke ned til dei andre, så
røyk eit drivledd! Ei helg som såg ut til å gå så bra, enda
berre med 3 ukjørbare bilar.
|