Lokale vinnerar i bilcrossløpet i Vikedal

Førerane frå NMK Vikedal dominerte bilcrossløpet i Vikedal søndag og sikra seg alle pallplassane i både junior- og seniorklassa. Juniorklassa vart vunnen av Ørjan Strand Eikeland, medan Hans Kristjan Kristjansson vann seniorklassa.

Spennande juniorklasse
Sist løp dominerte Ørjan Strand Eikeland frå Øvre Vats, men denne gongen skapte småproblemer med bobla meir spenning. Men til finalen var problema løyst, og då var det ingen som kunne slå Eikeland. Nærmast kom Egil Nybøe frå Avaldsnes. Han vann alle sine heat i innleiande omgang, men klarte ikkje slå Eikeland. For andre gong i år var det ei jente på pallen. Anja Andersen fekk endeleg Golfen til å fungera, og da kjørte ho inn til tredjeplass. Espen Holm, Vormedal, vart nr. 4, Leiv Egil Olsen, Imsland, nr. 5 og Jan Magne Dybvik, Torvastad, nr. 6.


Ørjan Strand Eikeland vann juniorklassa etter at små-problema med bobla var løyst.

3 med full pott etter innleiande omgangar
I seniorklassen hadde både Arild Riise, Førland, Lars Reidar Frøyland, Tysværvåg, og Per-Gaute Østbø, Ølen, full poengpott etter innleiande omgangar. Hans Kristjan Kristjansson, Førdesfjorden, og Kenneth Johansen, Ølen, var og kvalifisert til A-finalen, og fekk selskap av Sveinung Skjæveland, Klepp, som vann B-finalen. På førehand var det knytt spenning til kva Kenneth Johansen kunne få til i nyinnkjøpt Hillman Imp frå 1966. Det er første gong ein slik bil kjørte i Vikedal, og godt gjekk han, sjølv om han ikkje nådde heilt til topps.

Det var jamnt ut frå start i A-finalen, men nokre samanstøt i første sving gjorde at Per-Gaute Østbø og Hans-Kristjan Kristjansson kunne smetta forbi. Eit par rundar seinare smatt Kristjansson forbi Østbø, og i siste runde kom også Riise seg forbi Østbø. Dermed gjekk Kristjansson til topps framfor Riise og Østbø. Deretter kom Frøyland, Johansen og Skjæveland.


Hans Kristjan Kristjansson vann sitt første bilcrossløp, medan Arild Risse sikra seg andreplassen i siste runden. Per-Gaute Østbø vart nr. 3, men leiar fortsatt NMK Vikedal cup.

Tett i toppen i NMK Vikedal cup
Ingenting er avgjort i NMK Vikedal cup når ein runde står igjen. I juniorklassen har Egil Nybøe og Jan Magne Dybvik ei lita luke til dei andre med henholdsvis 66 og 61 poeng. Ørjan Strand Eikeland, som har vunne dei 2 siste rundane, ligg på tredjeplass og har 51 poeng. Jan Kåre Frøyland ligg rett bak med 49 poeng.

I seniorklassa auka Per-Gaute Østbø leiinga med 3 poeng. Med sine 50 poeng har han no 6 poeng tilgode på Arild Riise og Kenneth Johansen som deler andreplassen med 44 poeng. Bak dei kjem Sveinung Skjæveland med 37, Lars Reidar Frøyland med 33 poeng og Hans Kristjan Kristjansson med 31 poeng.

Kven som stikk av med laurbærkransane blir avgjort i neste billøp i Vikedal, finalen i NMK Vikedal cup som går søndag 17. september.