Bilder frå årsfesten 2005

Her er nokre bilder frå årsfesten for dei ulykkelege som ikkje var tilstades.


Lajla diskuterer strategi, eller kanskje andre ting, med nyvald nestleiar Marius under forretten.


Representantar frå Holten Motorsport nærmast, saman med både ferske og meir erfarne førerar.


Motocross-hjørna samt representantar både frå dei ferske og dei meir erfarne innan bilsporten.


Geir Harald vart positivt overraska over sportsprisen han fekk.


Prisvinnerane, Geir Harald og Steinar, på kvar si side av Lajla.


Kylles Racing og Higre-teamet hadde gått saman for å innføra litt ny teknologi til bruk ved teknisk kontroll under løpa. Den vart tildelt Per Harald Hansen, som har vore med på teknisk kontroll på mange av løpa i år. Steinar demonstrerer den nye hjelmen med innebygd kommunikasjonsløysning.


Her er det malen for røyrdimensjonane som bli demonstrert med kategoriar for Herverk, Rikeleg, Perfekt, Godt og Pinleg.


Sidan ikkje alle hugsar alt, er det viktig med ein god manual,
E-manuel for Sikkerhetsklareringsverktøyforbilcrossograllycrås 2006.


Ein ufaglært kontrollant frå Jelsa slit litt med bruken av det nye verktøyet.