Finalen i Vestlandsmesterskapet lørdag 7. oktober 2006

-- Tilleggsregler --             -- Plakaten i høg oppløysning --

-- Pressemeldingar --         -- Overnatting --

-- Foreløpig startliste --      -- Resultater--             -- Heimesida til Vestlandsmesterskapet --

Vestlandsmesterskapet kan sjå tilbake på 10 aktive sesongar. I starten var det få deltakerar, men litt etter litt klarte ein å byggja opp eit godt rallycrossmiljø på Vestlandet. Som eit resultat av det kan Vestlandet skryta av å ha fått norgesmesteren i supernasjonal inntil 2000 ccm både i fjor og i år, og vinnarer i norgescupen for rallycross nasjonal over 2400 ccm i år.

Etter rundane i Bergen 23. - 24. sept. er situasjonen samanlagt slik:
RCN inntil 2400 ccm:
Rudi Andres Rossland vinn samanlagt dersom John Vatland ikkje vinn og tar bestetid i Vikedal. Rudi vinn uansett dersom han kjem på pallen. Rune Lutsi og Ørjan Amundsen kan ikkje vinna, men dei ligg godt an til plass på pallen om dei tek ein av dei 3 første plassane i Vikedal.

RCN over 2400 ccm:
Ørjan Lutsi er allereie klar som vinnar, men stiller i Vikedal. Håvard Helland, Bjørn Magne Moland Enge og Arnt Olav Lillesund kan alle ta andreplassen frå Steinar Stokke, men då må dei vinna finale-løpet. Ellers blir det ein kamp mellom dei om tredjeplassen

Super inntil 2000 ccm:
Så lenge Tor Erik "Totto" Hermansen stiller til start, vinn han samanlagt. Roar Ulvatn blir nr. 2 utan å stilla til start. 3. plass går til Petter Brauten dersom ikkje Bjørn Stormo vinn eller blir nr 2 og har bestetid i Vikedal.

Super over 2000 ccm:
Svein Bjarte Holten er klar som vinnar i denne klassen. Jostein Skjerve blir nr. 2 om han kjem til start. Øystein Verlo og Tommy Bakkerud kjempar om tredjeplassen samanlagt.

 

 


10 års jubileumsfest for Vestlandsmesterskapet 

I samband med finalen i Vestlandsmesterskapet lørdag 7. oktober arrangerer NMK Vikedal jubileumsfest på Vikedal Bygdahus. Her vil og premieutdelinga for Vestlandsmesterskapet 2006 finna stad. Jubileumsfesten startar kl. 20.00 og det blir mat, drikke og musikk. Pris pr. person er kr. 350,- og alle må melda seg på til Kari Holten Leifsen, tlf. 920 42004, innan 30. sept.
Alle deltakerar, funksjonærar, medlemmer og andre interesserte er velkomne.

Hovedstyret i NMK Vikedal har bestemt at denne festen også skal markera sesongavslutninga. Det vil difor ikkje bli årsfest etter årsmøtet i november som vanleg. Vi ønskjer difor at så mange som mulig av våre medlemmer og funksjonærar vil delta på Vestlandsmesterskapet sin jubileumsfest.

-- Til toppen --


Tilleggsreglar:
Her kan du laste ned tilleggsreglane i Acrobat-format (.pdf):

  Rallycross
(tidsplan justert 01/10/2006)

-- Til toppen --


Pressemeldingar:

Før løpet: Les den her ...

Etter løpet: Les den her ...

-- Til toppen --


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane:
I Vikedal:
Vikedal Gjesteheim & hytter  tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping                   tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping                   tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge                  tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel              tlf. 52 760113             Rom
Vikedal Vertshus                  tlf. 52 760010             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom

.-- Til toppen --