Våt men fin finale

Finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane vart ein våt fornøyelse på lørdag, og det regna i strie straumar. Men stemnet vart gjennomført, og Rudi Andre Rossland, Ørjan Lutsi, Tor Erik "Totto" Hermansen og Svein Bjarte Holten kunne kårast til Vestlandsmestrar.

I dei to supernasjonalklassane var det allereie avgjort at Svein Bjarte Holten og Tor Erik " Totto" Hermansen hadde vunne Vestlandsmesterskapet før finalekjøringa sette i gang. Det samme gjaldt for Ørjan Lutsi i store nasjonal. Likevel var det kamp om dei neste plassane på pallen, både i nasjonal og supernasjonal.

Sjølv om NAF Gjesdal-føraren Ørjan Lutsi hadde vunne mesterskapet i store nasjonal, var han på plass på Vikedal Motorbane. Lutsi hadde ikkje dagen denne gongen, og då han uteblei frå A-finalen, var det dei tre NMK Vikedal-førerne Håvard Helland, Bjørn Magne Moland Enge og Arnt Olav Lillesund som kunne innta dei tre beste startspora.

Håvard Helland hadde hatt ein forrykande dag og vunne alle tre omgangane, og i finalen såg det ut til at han skulle ta ein ny heatseier. Men plutseleg stoppa han opp, og trilla ut til sida.

- Gassviren hoppa av, sa ein skikkeleg skuffa Håvard Helland etter løpet, ein finale som han følte han hadde full kontroll på.

- Ja, dette var eg sikker på at eg skulle dra i land. 

NMK Vikedal-føraren Arnt Olav Lillesund vann sitt første løp i rallycross, og vart nummer to i Vestlandsmesterskapet.

Arnt Olav Lillesund overtok leiinga i finalen framfor Moland Enge. Begge starta med rallycross i vår, og Lillesund kom direkte frå bilcross junior. På søndag tok han sin første seier

- Veldig fornøgd med dette, og eg føle at eg har fått det til slik eg ville, og gradvis komme høgare opp på resultatlista utover sesongen.

Seieren i løpet førte til at han og kunne innkassera andreplassen i samandraget, og på banketten fikk han og utøverane sin pris for innsatsen sin.

Debuterte med andreplass

I minste nasjonal var det berre NAF Gjesdal-føreren John Vatland som kunne ta frå Rudi Rossland, NMK Bergen, samanlagtseieren i klassa, men sjølv om det vart vått som Vatland håpa på, kjørte han ikkje fort nok. Rossland derimot kjørte inn til ein ny seier og til topps i Vestlandsmesterskapet.

- Fint å avslutte på denne måten, for det har vore ein vanskeleg sesong med fleire motorras, men i dag fungerte bilen og no er det berre å sjå framover mot neste sesong.

På plassen bak Rossland i løpet kom NMK Vikedal-føreren Lars Reidar Frøyland, som debuterte i rallycross etter sju sesongar i bilcross, og han var fornøgd.

- For meg var dette ein test framfor neste sesong da eg kjem til å satse på Vestlandsmesterskapet, og da er det jo svært bra å koma i gong med på denne måten. 

Arnt Olav Lillesund (t.v.) vart nummer to i store nasjonal, Rudi Rossland vann lille nasjonal, medan NMK Bergen-føraren Ørjan Amundsen vart nummer tre i same klasse.

"Pirka" fornøgd

I supernasjonal vart det ingenting av duellen mellom Tommy Bakkerud og Svein Bjarte Holten. Bakkerud fikk ikkje klar bilen og vart heime i Bergen. Jostein Skjerve var likevel på plass, og i finalen var det han som drog det lengste strået, etter at han kom ut som nummer tre. Da han satte inn støtet mot Svein Bjarte Holten og Terje Josdal i andre runden, greidde dei ikkje å stå imot, og Skjerve var fornøgd.

- Herlig å få kjørt eit helt løp igjen, og i dag fungerte bilen.

For Svein Bjarte Holten markerte løpet slutten på ei lang rallycross karriere, som starta i 1986 på Vikedal Motorbane.

- Ja, no er det slutt, og då er det hyggeleg at det er fleire unge førerar i NMK Vikedal som satsar på rallycross, det gjør det litt lettare å slutta.

Vestlandsmester vart han, og på banketten fekk han prisen for Årets Ildsjel, etter at Tore Rønneberg kunne opplysa at han no var den einaste føreren som har kjørt eit eller fleire løp i alle dei ti åra Vestlandsmesterskapet har eksistert.

- Dette kom som ei stor overrasking, sa Svein Bjarte Holten då han mottok prisen. 

Svein Bjarte Holten (t.v.) og Jostein Skjerve vart nummer ein og to, både i løpet og Vestlandsmesterskapet i store super.

I toliter-klassa var det berre tre førerar som stilte til start, dei to Focus-førerane Ernst Holten Leifsen og Bjørn Stormo, og nykomaren i rallycross John "Pirka" Karlsson, som debuterte i Ole Kristian Nøttveit sin Mazda RX-7. Planen er at Pirka skal leige denne bilen neste sesong, og på Vikedal Motorbane vart han fort venn med redskapen. 

- Den var veldig god å kjøre, og eg trudde eigentleg ikkje at det var mulig å kjøre så fort med ein rallycrossbil. Eg gler meg til fortsetjinga