Bilder frå Norgescuprunden 12. august 2006


Så nærme var Hans Kristian Strandbråten Jarl Tore Johansen (startnr. 45), men Johansen kontrollerte inn til mål.

Gisle Morten Hetland (t.v.) vant C-finalen og kjørte inn til 9. plass, medan Frode Leirhol hadde ikkje heilt dagen i Vikedal og måtte ta til takke med 10. plass.

Rune Lutsi (t.v.) vart beste NMK Vikedal-førar. Problemer med differensialen gjorde at han ikkje fekk brukt 3. startspor i A-finalen, men måtte kjøre rett i parc fermè. Kai Roger Lund tok starten i A-finalen frå beste startspor, men bobla med Wankel-motor slakna av og han falt ned til 4. plass i mål.


Jarl Tore Johansen (i midten) vann inntil 2400 ccm -klassen, med Hans Kristian Strandbråten (t.v.) på andreplass og Morten Madsen Moe på tredjeplass.

Arnt Olav Lillesund kjørte ein flott B-finale i sitt første Norgescupløp og vart nr. 8. Håvard Helland vann B-finalen, og nådde A-finalen slik målet var men kom seg ikkje lenger fram. Dermed vart det sjetteplass.


Ørjan Lutsi vann klassen over 2400 ccm suverent. Einaste gongen dei andre hadde kontakt var i starten, då baksjermen forsvann.


Per Christian Doksrød (fremst) hadde tredjeplassen inne, men på turen innom alternativsporet forsvann den til Stein Svardal.


Steinar Stokke (startnr. 82) tok eit nytt trinn oppover pallen og vart nr. 2. Han gjekk og opp på 2. plass i samandraget. Stein Svardal (bak) lånte PV'en til Håkon Gjesdal Nilsen, men måtte gi tapt for både "jyplingen" Ørjan Lutsi og Steinar Stokke. Men det heldt til ein plass på pallen, sjølv om det vart nederste trinn.


Steinar Stokke (f.v.), Ørjan Lutsi og Stein Svardal utgjorde seierspallen i over 2400 ccm.