Favorittane vann i Vikedal

Jarl Tore Johansen, NMK Rana, og Ørjan Lutsi, NAF Gjesdal Motorsport, leiar Norgescupen for rallycross nasjonal etter at dei vann kvar sin klasse i Vikedal på lørdag. Lutsi var suveren i den store klassen, medan det var litt meir kamp i den minste.

Jarl Tore Johansen fekk lønn for langturen frå Rana
Jarl Tore Johansen var svært godt nøgd etter seieren i Vikedal. Han opna med beste tid i første omgang med sin BMW M3, men det var Kai Roger Lund, KNA Halden, som vann dei 2 neste omgangane med wankel-bobla si. Hans Kristian Strandbråten, NMK Modum & Sigdal, fekk ein tjuvstart i første omgang, men det gjekk heller ikkje fort nok. Når han i tillegg fekk tekniske problemer, måtte han via B-finalen. Morten Madsen Moe, NMK Trøgstad, kjørte jamnt fort og sikra seg og plass i A-finalen. Dagen overraskelse var Stian Thorkildsen, NMK Bergen, som sikra seg siste direkte plass i A-finalen

I A-finalen var det Kai Roger Lund som tok starten med Johansen rett bak. Det kunne sjå ut som om wankel-bobla til Lund mista effekt utover i finalen. Han fall iallefall ned til fjerdeplass. Strandbråten var rett bak Johansen som no leia, men hadde ingen reelle forsøk på å ta seg forbi. 


Så nærme var Hans Kristian Strandbråten, NMK Modum & Sigdal, Jarl Tore Johansen, NMK Rana (startnr. 45), men Johansen kontrollerte inn til mål.

Dermed vann Jarl Tore Johansen framfor Hans Kristian Strandbråten med Morten Madsen Moe på tredjeplass. Kai Roger Lund vart nr. 4 og Stian Thorkildsen nr. 5. Rune Lutsi, NMK Vikedal, hadde tredje startspor i A-finalen, men problemer med differensialen gjorde at han ikkje kom til start.


Jarl Tore Johansen (i midten) vann inntil 2400 ccm -klassen, med Hans Kristian Strandbråten (t.v.) på andreplass og Morten Madsen Moe på tredjeplass.

I samandraget i Norgescupen leiar fortsatt uoffisielt Jarl Tore Johansen med 72 poeng, 4 poeng framfor Hans Kristian Strandbråten. Kai Roger Lund er rett bak der igjen med 64 poeng.

Ørjan Lutsi suveren
Ørjan Lutsi var heilt suveren i den store klassen i Vikedal. Han var over 6 sek. framfor nestemann i første omgang, og 4,5 sek. i andre omgang. Dermed stod han over tredje omgang, som Steinar Stokke, NMK Bergen hadde full klaff i og vann med ei tid som var nesten var like god som Lutsi si bestetid. Petter Brauten, NMK Rana, kjørte jamnt fort heile dagen, og sikra seg andre startspor i A-finalen. Per Christian Doksrød, NMK Grenland, hadde og ein god dag i Vikedal og fekk plass i A-finalen saman med gjesteførar Stein Svardal, NMK Konsmo. Leiaren i Norgescupen, Ove Halvorsen, NMK Gardermoen, fekk det ikkje til i Vikedal. Plass i B-finalen og ein litt skuffande 9. plass vart resultatet hans.

I starten i A-finalen forsvant bakskjermen på PV-en til Lutsi, men det var einaste gong konkurrentane var i nærleiken av han. Etter første sving drog han berre frå og hadde full kontroll. Steinar Stokke, som sleit litt i dei første 2 omgangane, kom nærmast. Stein Svardal kjørte seg opp til ein tredjeplass, medan Per Christian Doksrød vart nr. 4. Petter Brauten vart nr. 5 og Håvard Helland, NMK Vikedal, som vann B-finalen vart nr. 6.


Ørjan Lutsi vann klassen over 2400 ccm suverent. Einaste gongen dei andre hadde kontakt var i starten, då bakskjermen forsvann.

Ørjan Lutsi leiar no Norgescupen igjen med 71 poeng, eit poeng framfor Steinar Stokke. Ove Halvorsen mista leiinga, men har fortsatt kontakt med 68 poeng. Hans Jøran Østreng, NMK Aurskog-Høland, vart poenglaus i Vikedal etter tekniske problemer, og har no eit stykke fram med sine 55 poeng.

Neste runde i Norgescupen går i Sigdal 2. september, før avslutningsrunden på Momarkedet 16. og 17. september.