NMK Vikedal-førerane nådde ikkje opp, men bilane var attraktive.

Lars Reidar Frøyland gjorde det best, men måtte ta til takke med 58. plass i Landsfinalen på Lyngås på lørdag. Per Gaute Østbø vart nr. 91 og Kenneth Johansen vart utan poeng på delt 127. plass av dei 136 deltakerane. Dessverre var bilane så attraktive at alle tre vart selde og utan flaks i loddtrekninga om andre bilar, vart det tome hengerar over fjellet heim igjen


Per-Gaute Østbø (nr. 95) var godt med ut frå start i 1. omgong , men vart taparen ut av første sving og vart berre nr. 5 i heatet.


Kenneth Johansen (raud Hillman Imp) sleit med motorproblemer, sjølv om dei hadde jobba heile veka før med å få skikk på maskineriet. Han gir opp og kjører i depot også her i andre omgong og stilte ikkje til start i 3. omgong.


Lars Reidar Frøyland (heilt til venstre) fekk ein dårleg start i andre omgong etter at bobla datt ut av gir i det starten gjekk. I tillegg går det litt for fort inn i Schanche-svingen, så dermed blir det berre 5. plass. I første omgong var det gasswiren som takka for seg rett før mål, men han trilla inn til 3. plass.


Per-Gaute tapar terreng i det han legg inn 3. gir ut frå start i 2. omgong. Oppe i svingen blir det ein smell med bobla, og han er oppe på 2 hjul eit øyeblikk. Nok ein 5. plass.


I 3. omgong stemmer alt for Lars Reidar. Han tar starten og Stig Bjørnstad i startnr. 18 har nok med å halda følgje. Bjørnstad kjem likevel til C-finalen og blir nr. 14.


Eit jamnt heat ut frå start i 3. omgong, men Per-Gaute er heldigare i første sving og kjører inn til 2. plass 


Ein av dei finaste bilane var denne, ein BMW 335, som tilhøyrde Jan Håkon Hofton. Han vart nr. 2 i C-finalen. Det var ein av dei mest attraktive bilane med 93 bud.


Ola Hustad og Morten Gjerstad vart trekt ned i B-finalen ettersom det var 7 med full poengpott etter innleiande omgongar. Men her tar Hans Petter Røsrud starten framfor Hustad. Hustad snurrar deretter i første sving og er ute av kampen. Gjerstad derimot kjører seg oppover feltet og avanserer til A-finalen.


Startoppstillinga i A-finalen. Frå venstre Svein Hagen, Rolf Erik Sandvoll, Einar Stadshaug, Henning Gjerstad, Christer Larsson og Morten Gjerstad.


Svein Hagen tok ein soleklar leiing ut fra start, men det heldt ikkje så lenge.


Einar Stadshaug passerer Svein Hagen på innsida etter to rundar og overtar leiinga.


Einar Stadshaug passerer målstreken som vinnar av Landsfinalen for andre år på rad. Morten Gjerstad, som vann B-finalen, blir nr. 2.


Dei tre beste etter målpassering, Einar Stadshaug med laurbærkransen på taket av Golfen, Morten Gjerstad i grå kjøredress til venstre og Henning Gjerstad til i svart kjøredress til høgre. Morten er onkel til Henning.


Tydelegvis hadde våre medlemmer gode bilar sidan alle vart selde. Dette er siste bildet av Skodaen til Per-Gaute. Per-Gaute har kjørt bilcross med den sidan 2002, men kjørte litt rallycross nasjonal før det.
Skodaen vart seldt til Espen Linnerud frå NAF Hamar jr.

Bobla til Lars Reidar vart seldt til Tommy Mythe på Gol medan Hillman Imp'en gjekk tilbake til tidlegare eigar. Totalt var det 2727 bud, noko som gir over 800.000,- i klubbkassa til NMK Drammen. Einar Stadshaug fekk behalda vinnarbilen med eitt av 49 bud. Flest bud var det, så lenge me følgde med, på Tommy Engh sin Volvo 245 med 141. Saab'ane til fam Gjerstad var heller ikkje langt bak med 121 og 108 bud.