Fartsfylt bilcross på våt bane

Sesongopninga på Vikedal Motorbane på søndag vart så tøff som ein kunne vente seg, på ein bane der tela enno ikkje var ute av jorda, og betre vart det ikkje då regnet sette inn. Jan Magne Dybvik frå KNA Haugaland og Per Gaute Østbø NMK Vikedal var dei som greidde seg aller best og vann bilcross junior og bilcrossklassen.

Lars Reidar Frøyland var den som hadde mest å forsvare etter at han i fjor hadde ein svært god sesong og vann NMK Vikedal Cup i suveren stil. Søndagens løp var det første runde i NMK Vikedal Cup denne sesongen, og Frøyland sikra seg ein ti poengar i første omgang, og alt såg lyst ut. I andre omgang fekk han problem med bensinpumpa. 
- Eg hadde sett inn ny pumpe før løpet, for å vere på den sikre sida, men etter andre omgang var det ikkje liv i den, seier Frøyland, som heller ikkje blei klar til tredje.
            Etter to omgangar var det berre NMK Vikedal-førarane, Per Gaute Østbø og Glenn Olav Lothe som hadde 20 poeng, og med ein ny 10 poengar i tredje omgang var Per Gaute Østbø åleine igjen med full poengpott etter tre omgangar.


Per-Gaute Østbø i tet framfor Arild Riise medan sølespruten står.

I A-finalen var det heller ingen som kunne hamle opp med den erfarne bilcrossføraren frå Ølen. Han gjekk rett i tet og blei der, berre pressa av Arild Riise.
- Det er kjekt når alt fungerer, i dag gjekk det bra sjølv om eg merka nokre feilslag i motoren når eg køyrde gjennom dei verste pyttane mot slutten i dag.
         No blir det vidare køyring i NMK Vikedal Cup.
- Det er artig med cupen, no er utgangspunktet bra og det er berre å halde fram i same sporet.
Det vart ei rein NMK Vikedal pall i bilcrossklassen, etter Per Gaute Østbø vart nemleg Arild Riise nummer to, medan Kenneth Johansen tok tredjeplassen.

Glade vinnarar Per Gaute Østbø flankert av Kenneth Johansen (t.v.) som vart nummer tre og Arild Riise som kapra andreplassen. Alle frå NMK Vikedal.

Omkøyring i junior
I juniorklassen var det nok Jens Idar Juel som hadde dei største forventingane på seg, og han innfridde meisterleg i dei tre innleiande omgangane. Før finalen var han den einaste som hadde full pott, og han hadde også god tru på at han kunne forsvare posisjonen i finalen. Slik gjekk det ikkje. Den som gjekk opp i leiinga var Anette Aarre, før finalen var flagga av på grunn av bilane til Jan Magne Dyvik, Kennet Kaldheim og Jens Idar Juel blokkerte banen. Jens Idar Juel kom ikkje ut i omstarten som enda med ein andre plass for Anette Aarre, som slett ikkje var misfornøgd med det.
- Eg kunne kanskje greidd å vinna om ikkje finalen hadde blitt flagga av, men dette var heilt topp for meg, sa ho etter andreplassen.
         Den som vann var KNA Haugaland-føraren Jan Magne Dybvik, som peika på flaks som ei viktig årsak til at han gjekk heilt til topps.
- Bilen fungerte bra, men utan all den flaksen eg hadde i dag hadde eg nok ikkje vunne, seier han.

NMK Vikedal-føraren Kennet Kaldheim i Volvo i kamp med vinnaren av bilcrossklassen Jan Magne Dybvik, KNA Haugaland.

            Kennet Kaldheim køyrde sitt aller første bilcrossløp, var opp i teten før første forsøk vart flagga av, og blei til slutt nummer tre i omkøyringa. Han sleit på det glatte føret i sin store Volvo 740.
- Den understyrte litt og var vanskeleg å få gjennom svingane. 

Jan Magne Dybvik, i midten, tok sin aller første seier i bilcross junior, Anette Aarre vart nummer to og Kennet Kaldheim vart nummer tre i sin debut. Dybvik køyrer for KNA Haugaland, dei andre to for NMK Vikedal.

Alternativspor
For første gong vart det køyrt med alternativspor på Vikedal Motorbane, og både Lars Reidar Frøyland og Per Gaute Østbø syns dette var artig.
-Nytt for alle dette her i Vikedal, men det lovar bra, og sjølv om det alternativen ikkje skilde så mykje her i dag, kan det godt hende at det vil endre seg når det blir tørt.