Spenning i alle klassar

Søndag er alt klart for finalen i årets NMK Vikedal Cup, og spenning blir det i alle klassar om kven som skal stikke av med pokalane, og det gjevaste av alt laurbærkransen.

NMK Vikedal Cup blir avvikla i klassane bilcross junior, bilcross og rallycross nasjonal, og på søndag skal det kårast ein meister i kvar av desse klassane.

I bilcross junior er det NMK Vikedal-føraren Egil Nybøe som ligg best an. Han har opparbeidd seg ei fem poengs leiing på KNA Haugaland-føraren Jan Magne Dybvik, medan ein ny NMK Vikedal Førar Ørjan Strand Eikeland følgjer på tredje plass. For Egil Nybøe blir den viktigaste oppgåva å dra i land sigeren i cupen.
- Eg har vore i A-finalen så langt i alle rundane til no, og må nok greie det på søndag òg om eg skal stå på toppen til slutt.
For Ørjan Strand Eikeland er det Vestlandsmesterskapet som har høgaste prioritet denne sesongen, og nyleg vann han eit løp i Bergen i meisterskapen, og leiar denne serien når to rundar gjenstår.
- Det er Vestlandsmesterskapet eg satsar på i år, men det hadde vore artig med eit godt resultat på søndag og ein pokal også i NMK Vikedal Cup, seier han som er nøgd med sesongen så langt.
- Før Bergen fekk eg inn ein ny motor i boble som ska vere litt kvassare enn den gamle, og det virka bra der oppe.

 

Mista bilane
I bilcrossklassen er det NMK Vikedal-førarane Per Gaute Østbø, Arild Riise og Kenneth Johansen som ligg på dei tre øverste plassane i samandraget, men både Per Gaute Østbø og Kenneth Johansen var uheldige i mista dei gode bilane sine under Landsfinalen på Lyngås i august. Per Gaute har fått tak i ein Opel Kadett som han så vidt har fått testa.

- Målet er å sikre leiinga og ta laurbærkransen, men det er klart at når du plutseleg står med ein ny bil som eg ikkje er sikker på og ikkje veit så mykje om, er det lett at noko kan gå gale no i innspurten.

Også Kenneth Johansen har fått tak i ein ny bil.

- Har kjøpt ein Ford Sierra som eg har tenkt å køyre med, men no har han som kjøpte bilen min på Lyngås dukka opp igjen og vi selje den tilbake, så no veit eg ikkje heilt kva det blir til, seier Kenneth Johansen, som trur at det er Arild Riise som sit med dei beste korta føre finalen i cupen.

Situasjonen er nemleg slik at det er Kenneth Johansen og Arild Riise som deler andreplassen, og har seks poeng å hente inn på Per Gaute Østbø.

- Det blir nok fordel Arild Riise dette her.


Kenneth Johansen, Per Gaute Østbø og Arild Riise var på pallen i april, og framleis er det dei som kjempar om sigeren i NMK Vikedal Cup i bilcrossklassen.

Først norgescup
I rallycross er det Rune og Ørjan Lutsi som deler på leiinga før finalen, Rune Lutsi stiller men dei er meir usikkert med Ørjan, som også skal køyre Norgescup på Momarken den helga.

- Ja, eg kjem til Vikedal og sjølv om Ørjan ikkje kjem er ingenting avgjort, seier Rune Lutsi, som måtte stå over Vestlandsmesterskapsrunden i Bergen nyleg.

- Ja, då fekk eg problem med girkassen rett før me skulle reise til Bergen, men no har me fått ting i orden igjen og i Vikedal satsar eg på å vere med å kjempe i toppen, og muligens få med meg laurbærkransen heim.

Vinnaren av NMK Vikedal Cup i 2005, Steinar Stokke NMK Bergen, har åtte poeng å hente inn på Ørjan og Rune Lutsi, også han skal køyre Norgescup på Momarken, men trur også han skal få med seg finalen i Vikedal.

- Løpet på Momarken går på laurdag og om det ikkje er for store skader på bilen etter det løpet er planen å få med seg cupfinalen på Vikedal Motorbane.