Bilcross jr. og rallycrossløp 19. sept. 2004
-- Tilleggsregler --
-- Plakaten i høg oppløysning
--
-- Pressemeldingar
--
--
Overnatting --
-- Foreløpig
startliste 19/9 --
-- Resultater 19/9
--
Søndag
19. september er det klart for 7. runde i Vestlandsmesterskapet 2004. Reglar og
stillinga i
Vestlandsmesterskapet finn du på VM's eigne sider her.
Løpet tel og med i NMK Vikedal cup for Rallycross Nasjonal og
Bilcross junior.
Vestlandsmesterskapet
I supernasjonal er det klassen under 2000 ccm som er mest
spennande. Her er det svært jevnt mellom Ole-Kristian Nøttveit,
Knut Erik Ludviksen og Svein Bjarte Holten. Det er berre 3 poeng
frå Svein Bjarte opp til Ole-Kristian som leiar med 70
poeng. I klassen over 2000 ccm er det Ernst Holten Leifsen som
ligg best an, ettersom det berre er han som har kjørt
alle løpa.
I RCN under 2400 ccm er det Jens
Olav Bertelsen som leiar framfor Sigbjørn Hannisdal og
Cato Endresen. Vi skal heller ikkje sjå vekk frå at
Ernst Roald Lutsi og Steinar Stokke kan blanda seg inn i teten,
ettersom dei berre har 3 teljande rundar så langt. Over
2400 ccm leiar Ørjan Lutsi med berre 3 teljande løp.
Rett bak ligg Roger Kalstad, men han må nå stryka løp.
Dermed har Ørjan gode muligheter til å sikra seg
VM-tittelen i sin klasse. Øyvind Eikeland ligg på
tredjeplass, men har havarert motor i si boble og stiller
sannsynlegvis ikkje til start.
NMK Vikedal Cup.
Løpet inngår som 4. runde i NMK Vikedal cup for
bilcross jr. og 3. runde Rallycross Nasjonal. I bilcross jr.
overtok Johan Andrè Øverland leiinga etter seieren
på sist løp.Han har 48 poeng, medan Knut Endre F.
Ringhagen ligg rett bak med 44 poeng. Kjetil Nybøe, som måtte
selja bilen sist og Aleksander S. Eikeland kjem deretter med 37
poeng.
I RCN er det Ørjan Lutsi
som har leiinga etter seier i dei 2 første rundane. Nærmast
han kjem onkel Sigmund Lutsi med 32 poeng og Steinar Stokke, NMK
Bergen, med 31 poeng.
|