Gisle Morten Hetland nr. 2 i Jærhagen

NMK Sandnes og Jæren arrangerte sitt tradisjonelle bakkeløp på Jærhagen, eit kjøpesenter i Klepp sentrum. Det mest spesielle med dette løpet er at det er ei sløyfa inni parkeringshuset, noko som byr på litt ekstra spenning .Det blei kjørt 3 klasser, bilcross senior, free for all opptil 2500 ccm og over 2500 ccm.

NMK Vikedal stilte med 3 førerar. I bilcross kjørte Aleksander S. Eikeland med Volvoen sin, men etter 1. omg. og prefinalen var han ikkje blant dem 10 som gjekk vidare til finalekjøringa. I denne klassen var det 20 biler med.

I free for all opptil 2500 var Sigmund Lutsi og Gisle Morten Hetland på plass med boblene i ein klasse med tilsaman 14 biler. Sigmund var ikkje heilt fortruleg med løypa, men stod etter prefinalen med 6. beste tid. I finalen klarte han ikkje å følge opp og endte til slutt på ein 10. plass. Gisle Morten trivdes godt og stod etter prefinalen med bestetid i klassen og 2. tid totalt. Men i finalen satsa han litt mykje, sladda borti ein rundballe, snurra og endte på 2. plass nokre 100-dels sekund bak Erlend Gjesdal og med Odd Byberg på 3. plass.

I over 2500 var det kun 4 bilar og Håkon G Nilsen vann, Ørjan Lutsi nr. 2 og Henning Vårdal nr. 3.

www.lutsi.com er det lagt ut film frå stuntet til Gisle Morten Hetland og litt av den publikumsvennlege kjøringa til Ørjan Lutsi. 


Gisle Morten har her kvitta seg med bakskjermen på andre sida og justert hjulvinklane litt midt i finalen. Dessverre gjorde ikkje det kjøreegenskapane betre. (Bildet er lånt av Stian Friis frå www.trim-4-eldre.com)