Resultater frå første helgane i mai:

Ingen finaleplassar verken på Lyngås eller i Egersund

Rallycross:
Svein Bjarte Holten var naturleg nok einaste deltakar i første NM-runden i rallycross på Lyngås 13. og 14. mai. Motoren var ein tur hjå Alf Eng for bytte av nokre feilmonterte ventilstyringar. Ein velfungerande motor var likevel ikkje nok til finaleplass i den knallharde største supernasjonal klassen. Det vart til slutt ein 21. plass. Han satsar no på å gjera det betre i neste runde i Bergen 27. og 28. mai.
Det ligg mange bilder frå NM-runden her...

Bilcross:
NMK Vikedal hadde 2 deltakerar i sesongopninga i Sør-Vest-cup på Konsmo den 7. mai. Ove Tjøstheim, Tau, vart nr. 25 i sin Kadett medan Oddgeir Heng, Jørpeland, vart nr. 36 i sin Volvo 360.

Egersund arrangerte andre runden i Sør-Vest-cupen helga etter, den 14. mai. Også her var NMK Vikedal representert med 2 deltakerar. Hans Kristjan Kristjanson opna svært bra med 2. og 1. plass i dei to første omgangane, men eit omdiskutert svartflagg i 3. omgang sette stopp for ei topp-plassering og mulig plass i landsfinalen. I tillegg fekk han ikkje den plassen han skulle hatt i C-finalen, men vart tildelt 18. plass. Petter Andrè Gunther, som var vår andre deltakar, fekk 5., 3. og 4. plass i sine heat. Det heldt til 29. plass.