Løp i 2012:                                                                                                          Sist oppdatert 20.12.2012
  21. april: Rallycross /Bilcross jr. klubbløp + damer                                          NMK Vikedal cup 2012

  22. april: Bilcross                                                                                                    Reglar - bilcross
  2.-3. juni: 2-dagars Rallycross og bilcross                                                        Sluttstilling - bilcross
  25. aug.: Bakkeløp                             
                                                                         Reglar - RC
  26. aug.: Rallycross og bilcross                                                                            Sluttstilling - RC    
  20. okt.:
Rallycross /Bilcross jr. klubbløp + damer  
  21. okt.: Bilcross (VM)                                                                                    Vestlandsmesterskapet
Linkar til aktive medlemmer sine heimesider 


MX-gruppa sine heimesider

Gamle nyheter frå:
2011, 2010, 2009, 2008
2007, 2006, 2005, 2004,  
2003, 2002, 2001


Linkar til nyhetsider:

Motorsportsavisen

NMK Vikedal ønskjer alle medlemmer, deltakerar, funksjonærar, sponsorar og
andre samarbeidspartnerar
ei God Jul og eit godt Nyttår

20.12.2012:
Julehelsing til alle i NMK Vikedal
Nytt styre har stabla seg på beina, og har mangt og mykje å gripa fatt i. Me har fokus på mulighetene, og tar utfordringane som måtte koma etter beste evne. Me veit at det er mange medlemmer i klubben som har mykje kunnskap om motorsport og gode innspel er me opna for.
Medlemmene i bilgruppa, anleggskomiteen og MX-gruppa har nok oppgåver å gripa tak i, og dei er godt i gang med arbeidet.
Med mange positive medlemmer og gode personar i gruppene har eg god tru på eit nytt, spennande og godt motorsport år.

Ynskjer alle medlemmer og støttespelarar i NMK Vikedal ei fredeleg julehelg og eit godt nyttår i vente.

Helsing styret i NMK Vikedal
Kari Holten Leifsen (leiar)

 

30.11.2012:
Funksjonærkurs lørdag 1. desember
Funksjonærkurset er flytta til Bygdahuset i Vikedal med oppmøte kl. 10.00. Alle påmelde skal no ha motteke SMS eller e-post, men sei i frå om du er utegløymd. Me skal framleis få plass til deg.

27.11.2012:
NMK Vikedal gratulerar premievinnerane
NBF si premieutdeling gjekk føre seg på Thon Hotel Arena i Lillestrøm sist lørdag. Det var utdeling av medaljar i Norgesmesterskap, Norgescup og NEZ, saman med andre utmerkingar. Geir Harald Skeie var på plass for å motta premie for 5. plass i NEZ-mesterskapet 2012, og som deltakar i Team Norway, som vann nasjonskonkurransen.


Her er Team Norway samla, der fleire av dei og tok medaljar i dei forskjellige klassane.
(Foto: Rune Johannesen)

I NM var det berre Ingve Andrè Strand av NMK Vikedal sine førerar som tok medalje. Så vidt me har registrert, var ikkje Ingve Andrè til stades for å motta den velfortjente sølvmedaljen i klassen crosskart 650ccm. Du kan lesa meir om sesongavslutninga til Ingve Andrè og Fitjar Racing Team i Fitjarposten her...

NMK Vikedal gratulerar Ingve Andrè Strand med sølvmedaljen i NM og Geir Harald Skeie med 5. plass i NEZ og seier i nasjonskonkurransen.

21.11.2012:
Referat frå årsmøtet
Medlemmer som ikkje kunne delta på årsmøtet eller ikkje fekk med seg alle detaljar, kan gi beskjed til Karina Nonslid, tlf. 92426187 eller e-post karina(a)nonslidbil.no, så vil de få tilsendt referatet frå årsmøtet.

19.11.2012:
Funksjonærkurs - løpsleiar, jurymedlem og teknisk kontrollant
Lørdag 1. desember blir det arrangert funksjonærkurs bil for løpsleiar, jurymedlem og teknisk kontrollant på Suldal Billakkering. NMK Vikedal dekkjer kursavgifta for eigne medlemmer. Me oppfordrar så mange som mulig til å vurdera å delta. Har du spørsmål, kontakt Dag Fisketjøn, tlf. 99229084.
Tid: Lørdag 1. desember
Stad: Suldal Billakkering mellom Sandeid og Ølen
Påmelding: post@nmk-vikedal.net / SMS: 99229084
Frist: Måndag 26. november

15.11.2012:
Ekstra påskjønning frå Haugesund Sparebank
På sponsortreffet til Haugesund Sparebank i går kveld, var NMK Vikedal eit av dei heldige laga som vart tildelt 10.000,- kr. ekstra i sponsormidlar for god innsats i år. Den nye leiaren i bilgruppa, Jostein Vetrhus, tok i mot sjekken på vegne av NMK Vikedal.
-- Reportasje i Haugesunds Avis --

14.11.2012:
Positivt årsmøte i Vikedal
Sjølv om frammøtet ikkje var allverda, vart det eit positivt årsmøte på bygdahuset i Vikedal. Følgjande nytt styre vart valgt:
     Kari Holten Leifsen, leiar
     Karina Nordal Nonslid, nestleiar
     Dag Fisketjøn, sekretær
     Jostein Vetrhus (bil) 
     Odd Ivar Vik (MX)
     Jon Bjarte Aarekol (anlegg)

Det nye styret vil ha sitt første møte i neste veke.

09.11.2012:
Motocrossbanen vinterstengt
MX-gruppa har no gitt seg for sesongen og det vil ikkje bli fleire treningar før til våren.

06.11.2012:
Innkalling/saksliste til årsmøte komande lørdag
Her er sakslista for årsmøtet lørdag 10. november kl. 12.00 på Vikedal Bygdahus (bak COOP Marked Vikedal). Eventuelle forslag til årsmøtet må sendast leiaren så snart som mulig.
-- Sjå sakslista --

04.11.2012:
Jubileumsfest vart dessverre avlyst
På grunn av for liten påmelding måtte dessverre jubileumsfesten avlysast. Me takkar dei som melde seg på for interessa og beklagar at me må avlysa.
Årsmøtet går som planlagt lørdag 10. nov. kl. 12.00 på Vikedal Bygdahus.

26.10.2012:
Invitasjon til 30 års jubileumsfest lørdag 10. november
12. nov. 1982 vart Vikedal Motorklubb starta, men for å kunne bli tatt opp som klubb i NMK, skifta den namn til NMK Vikedal 14 dagar seinare. Sidan det er litt kjedeleg med 30 års jubileumsfest ein måndag, vert det jubileumsfest lørdag 10. november.

NMK Vikedal inviterer alle medlemmer til gratis jubileumsfest på Vikedal Bygdahus lørdag 10. november kl. 19.00. Det blir matservering, velkomstdrink, musikk, open bar og sikkert ein del overraskelsar.

Har du sponsorar eller mekanikerar du ønskjer å invitera med deg, er det mulig. Du betalar då kr. 250,- pr. kuvert.
Påmelding innan 1. nov. til trude.enge@etnevikar eller solveig.reimers@etnevikar.no

For å laga ei fin rame rundt årsmøtet og jubileumsfesten, vil ein prøva å laga nokre "stands". Ein oppfordrar dei forskjellige teama til å laga eigne marknadsføringstands for sitt team fredag 9. nov. mellom kl. 18.00 og 21.00.

22.10.2012- Pressemelding:
Ramsvik og Østerbø Veland best i vest
Det var Henrik Ramsvik og Torbjørn Østerbø Veland som kunne reise heim som vinnarar av Vestlandsmesterskapet  etter finalen på Vikedal Motorbane på søndag.
-- Les meir --

 Rallycross og bilcross jr. klubbløp lørdag 20. okt.:
   Tilleggsreglar, rallycross (finale i NMK Vikedal cup)

   Tilleggsreglar, bilcross junior klubbløp
       Førarmelding nr. 1
   Startliste - lørdag
  
Resultater - bilcross jr/damer
  
Resultater - rallycross

 Finale i VM for bilcross søndag 21. okt.:
   Tilleggsreglar, bilcross (VM-finale)
  
Startliste - søndag

   Resultater - bilcross søndag

Innmelding av vakter:
Medlemmer i NMK Vikedal skal som vanleg melda inn ein vakt for kvar dag dei deltek (enten 2 vakter den eine dagen eller 1 vakt kvar dag for dei som deltek begge dagar). Innmeldinga av vaktene skal sendast på e-post til vakt(a)nmk-vikedal.net med førars namn, namn på vakt, adresse, mob. tlf. nr. kva dag og arbeidsoppgåver ein ønskjer.
Frist for innmelding av vakt er fredag 12. oktober kl. 12.00. Dei som ikkje har skaffa vakt innan fristen og som møter, vil måtte betala 500,- kr. i ekstra "vaktgebyr" pr. manglande vakt ved innsjekk. Dette gjeld og dei som melder seg på etter denne fristen.

20.10.2012:
Finnvik og Skårland vann NMK Vikedal cup for rallycross
Hallvard Finnvik og Ove Skårland sikra seg laurbærkransane i rallycrossklassane i NMK Vikedal cup. Hallvard hang ikkje heilt med i finalen, men sjetteplassen var likevel nok til å sikra samanlagtseieren i klassen inntil 2400 ccm. I klassen over 2400 ccm var Ove Skårland åleine, og var i tillegg klar som vinnar før løpet i dag.


Hallvard Finnvik vann NMK Vikedal cup for rallycross inntil 2400 ccm

20.10.2012:
Glenn-Roar Gåsdalen og Katrine Tveit til topps i klubbløpet
Glenn-Roar kjørte svært godt under dei vanskelege forholda og vann bilcross junior framfor Anders Lint Moland. Sveinung Sandvik tok tredjeplassen.
Dameklassen vart vunnet av Katrine Tveit framfor Lisa van Es og Heidi Steine.

Anders Lint Moland (f.v), Glenn-Roar Gåsdalen og Sveinung Sandvik tok dei 3 første plassan i klubbløpet for bilcross junior.

18.10.2012:
Grov tidsplan for helga
Lørdag:
Kl. 11.45    Trening
Kl. 12.30    Start, 1. omgong (BC jr - BC damer - Rallycross)
ca. kl. 15.20 Start, finalar
ca. kl. 16.05 Siste finale i mål

Søndag:
Kl. 10.00      Start 1. omgong (BC jr. - BC)
Kl. 11 - 12    Kyrkjepause
Kl. 12.30      Start 2. omgong (BC jr. - BC)
ca. kl. 14.45  Start, finalar
ca. kl. 15.30  Siste finale i mål

17.10.2012 - Til medlemmene:
Medlemsmøte måndag 22. okt kl 19.00 på Bygdahuset i Vikedal
Gode medlemmer. I samband med at me er førespurt av Bilsportforbundet om å ha NM-runde i rallycross, så er det ynskjeleg med eit medlemsmøte.
Tema på møtet vert om me vil arrangera NM og kva det inneber for medlemmene.
Velkommen - enkel servering.

16.10.2012 - Til medlemmene:
Gode medlemmer
Løps-komiteen har ei stor utfordring med å få nok mannskap på banen til helga. Me treng 10 personar både på laurdag og søndag, og dette må vera personar som kan stå i post (flagg- eller brannvakt). Vær gild å meld inn på: vakt(a)nmk-vikedal.net. Slik stoda er no, så har me ikkje nok vakter til å arrangera løpet, men siste frist er på onsdag. Hugs at medlemmer som ikkje har meldt inn vakt, vil bli kravd for kr. 500,- i vaktgebyr, så ein mulighet er å betala ein kompis litt for å stå vakt for deg.

16.10.2012- Pressemelding:
Finale i Vestlandsmesterskapet
På søndag blir Vestlandsmesterskapet i bilcross avslutta med finale på Vikedal Motorbane. NMK Bergen førarane Henrik Ramsvik og Torbjørn Østerbø Veland leiar junior og seniorklassen. I tillegg er det finale i NMK Vikedal Cup.
-- Les meir --

16.10.2012- Pressemelding etter VM-runden i Bergen (sendt ut 09.09.2012):
Lars-Erik Stangeland og Kenneth Johansen til topps
Lars-Erik Stangeland og Kenneth Johansen frå NMK Vikedal gjekk heilt til topps i kvar sine klassar i Vestlandsmesterskapsrunden som gjekk i Bergen lørdag 8. sept.


Lars-Erik Stangeland med vinnarpokalen etter løpet

-- Les meir --

10.10.2012:
Klubbløpet for bilcross utvida med dameklasse
Etter at det melde seg 10 spreke damer som ville delta i eigen dameklasse, er det opna for det i påmeldingssystemet og lagt ut ein førarmelding om det.

07.10.2012:
Påmeldinga for sesongavslutninga er no opna
Følg linkane over.

04.10.2012:
Påmeldinga for sesongavslutninga opnar i helga
Det manglar eit par ting i tilleggsreglane før me kan opna påmeldinga til sesongavslutninga med finalen i Vestlandsmesterskapet i bilcross, og finalane i NMK Vikedal cup for både bilcross og rallycross. Klasseinndelinga i rallycross blir som i 2-dagarsløpet, under og over 2400 ccm + RC junior. Klubbløpet i BC junior lørdag vil gå over 4 omgongar som i vår.

04.10.2012:
Sett av lørdag 10. november
Lørdag 10. november vert det både årsmøte om dagen og jubileumsfest om kvelden på bygdahuset i Vikedal. NMK Vikedal kan nemleg feira 30-års jubileum nesten akkurat på den datoen. Ein eigen, hemmelighestfull jubileumsfestkomite vil så langt ikkje røpa meir enn datoen, men invitasjon vert lagt ut litt seinare.

04.10.2012:
Daniel Holten nr. 3 i Ruglandsfestivalen
Daniel Holten var i Kristiansand i helga og deltok i Ruglandsfestivalen over 2 dagar. Der vart det tredjeplass bak to KAK-førerar. Ettersom Fiestaen ikkje fekk motoren installert før i august med påfølgjande problemer, nyttar teamet høvet til å testa og forbereda seg til neste sesong på dei siste løpa i sesongen.

04.10.2012:
Bjørn Magne Moland Enge til topps i Vestlandsmesterskapet
NMK Vikedal-førerane dominerte i samandraget i Vestlandsmesterskapet etter finalerunden som gjekk som bakkeløp ved Jærhagen kjøpesenter på Klepp søndag 23. sept. Sjølv om dei ikkje nådde heilt opp i finaleløpet, tok dei alle pallplassane i samandraget med Bjørn Magne Moland Enge heilt på toppen, eit lite poeng framfor Ingvar Auestad på andreplass. Kenneth Johansen tok tredjeplassen.
-- Les meir --

04.10.2012:
Vanskeleg NM-finale for våre medlemmer
NM-finalen i rallycross på Gardermoen 15. - 16. sept. vart eit tidkrevjande arrangement sidan både supernasjonal, rallycross nasjonal og shortcar skulle kjøra same helg. Dermed vart det over 150 deltakarar. For våre medlemmer gjekk det meste stang ut.
     I rallycross junior hadde Joakim Rønnevik mulighet til å klara bronsen med ein pallplass i A-finalen. Han stod i tredjespor, og hadde kjørt godt sjølv om eit drivledd rauk i den eine omgongen. Og det var det som skjedde før A-finalen og. Når Joakim spann reine dekka, rauk eit nytt drivledd, og det var berre å trilla til side ut frå start. Dermed vart det femteplass på Joakim, 3 poeng bak bronsen i rallycross junior cupen.
     Sjølv om verken Kenneth Johansen eller Daniel Holten hadde muligheter til medalje i klasse 2 (inntill 2000 ccm), hadde dei likevel håp om A-finaleplass. Diverse småproblemer med Fiestaen som vatn i bensinen, bensinledning som losna, manglande servostyring o.l. øydela for Daniel, medan Kenneth vart litt for ivrig og snurra seg bort. Dei var begge i C-finalen, men Daniel stoppa tidleg medan Kenneth var ein halvmeter bak å gå vidare til B-finalen. Samanlagt vart det sjuandeplass på Kenneth og åttande på Daniel.
     Tekniske problemer øydela og for Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge. Geir Harald klypte svinghjulsboltane i 2. omgong, medan Bjørn Magne sleit ut dei siste lamellane i clutchen. Bjørn Magne vart nr. 15 samanlagt i NM, medan Geir Harald vart nr. 29 (deltok berre i 2 rundar).
     Ørjan Strand Eikeland hadde god heng på Ørjan Lutsi i B-finalen for rallycross nasjonal over 2400 ccm, men måtte og gi seg med problemer. Han vart nr. 5 samanlagt i Norgescupen i denne klassen.

04.10.2012:
Endeleg oppe igjen
Etter ein virusinfeksjon har nettsida vore utilgjengeleg ein periode, men er no heldigvis oppe igjen.

04.10.2012:
Lars Reidar nr. 6 i 2-dagarsløpet i Skien
Lars Reidar Frøyland vart nr. 6 i RCN inntil 2400 ccm i 2-dagarsløpet i Skien 1. og 2. sept. Det var 10 deltakerar i klassen

04.10.2012:
Lars Ivar Øie fekk tekniske problemer på Mestermøtet
Lars Ivar Øie fekk tekniske problemer i 2. omgong på Mestermøte i Konsmo 1. og 2. august og trekte seg frå stemnet etter første dag. Olav Bjelland, som og var påmeldt, valde heller å stilla ut bilen på Sandeid-dagen.

02.09.2012:
Ingve Andrè vann i Orkla og tok sølv i NM
Ingve Andrè Strand gjorde det han kunne og vann finalerunden i NM for crosskart 650 ccm. Men i samandraget mangla det likevel 1 lite poeng på å gå heilt til topps. Ingve Andrè opna litt svakt med 3. plass i første omgong, men vann deretter dei neste omgongane klart.
       Åsmund Holten, som og tok turen til Orkla på kort varsel,
kom til A-finalen i 125 ccm-klassen, men fekk stopp der og vart nr 9. Anders Strand kom på 10. plass i same klassen.

02.09.2012:
Fjerdeplass på Ørjan i NC-runden for RCN i Orkla
Ørjan Strand Eikeland måtte om B-finalen i NC-runden for RCN på Wallenberg Arena i går. Han kom seg vidare til A-finalen, og var ei stund heilt oppe på tredjeplass, men kom i mål som fjerdemann. Ørjan fall ned ein plass til sjuande i samandraget, men det er berre 3 poeng opp til fjerde- og 9 poeng opp til tredjeplass. Med fleire deltakerar i finalen på Gardermoen og litt flaks, kan Ørjan snusa på medalje i Norgescupen i RCN klasse 2.

30.08.2012:
Trening for bil lørdag 1. sept. frå kl. 12.00
Det blir trening for bil lørdag 1. sept. med innsjekk og teknisk mellom 12 og 13, og trening frå kl. 13.00. Nokre sleit kanskje med problemer sist helg og andre har fåttt nye bilar dei ønskjer å testa før neste VM-runde i Bergen 8. sept. Hugs påmelding i god tid før løpet. Treningsansvarleg: Tor Egil Mæland, tlf. 90041503.

30.08.2012:
Medlemmer landet rundt på løp igjen
Crosskartførerane kjører finalen i NM i Orkla saman med RCN som har sin nest-siste runde i Norgescupen. Ingve Andrè Strand er på plass for å kjempa om NM-medalje, og har med seg sonen, Anders. Ørjan Strand Eikeland hadde ei god helg i Vikedal, og håpar på ein plass i A-finalen i RCN klasse 2 på Wallenberg Arena i Orkla. Dei beste i klassen er på plass, men det er litt færre deltakerar enn vanleg.
       Lars Reidar Frøyland, som lånte ut bilen i Vikedal sist helg, kjører sjølv i Skien i eit 2-dagarsløp på Grenland Motorsenter. I Konsmo er det Mestermøte, og der er Olav Bakkedal Bjelland og Lars Ivar Øie påmeldt. Olav hadde ikkje nokon god dag i Vikedal og er nok revansjesugen. Lars Ivar kjørte betre og betre med sin nye Corsa i Vikedal, og satsar nok på finaleplass i Konsmo.

27.08.2012 - Pressemelding:
Dobbelsiger til Lutsi
Joakim Rønnevik,  Ørjan Lutsi, André Hustoft Nesheim og Bjørn Tore Teigland til topps på Vikedal Motorbane i bilcross og rallycross. Ørjan Lutsi vann i tillegg lørdagens bakkeløp.
-- Les meir --


NMK Vikedal –juniorane Joakim Rønnevik (t.v.) og André Hustoft Nesheim vann sine klassar. Joakim i rallycross og André i bilcross.

27.08.2012:
Resultatlister og stilling i NMK Vikedal cup
Komplette resultatlister og oppdatert stilling i NMK Vikedal cup er no lagt ut. Følg linkane under for resultatlister og linkane på toppen av sida for oppdatert stilling i cupen.

 Bakkeløp lørdag 25. august:
   Tilleggsreglar, bakkeløp (VM-runde)

   Tilleggsreglar, bilcross sprint (bakkeløp - kun BC senior)
   Kart over traseen (med forbehold om mindre justeringar)
   Startliste for lørdag

   Resultatliste for lørdag

 Bilcross/rallycross søndag 26. august:
   Tilleggsreglar, rallycross (VM-runde)
   Tilleggsreglar, bilcross (VM-runde)
   Startliste for søndag

   Resultatliste - bilcross
   Resultatliste - rallycross

Innmelding av vakter:
Medlemmer i NMK Vikedal skal som vanleg melda inn ein vakt for kvar dag dei deltek (enten 2 vakter den eine dagen eller 1 vakt kvar dag for dei som deltek begge dagar). Innmeldinga av vaktene skal sendast på e-post til vakt(a)nmk-vikedal.net med førars namn, namn på vakt, adresse, mob. tlf. nr. kva dag og arbeidsoppgåver ein ønskjer.
Frist for innmelding av vakt er fredag 17. august kl. 12.00. Dei som ikkje har skaffa vakt innan fristen og som møter, vil måtte betala 500,- kr. i ekstra "vaktgebyr" pr. manglande vakt ved innsjekk.

22.08.2012:
Overnattingsgjester til løpa i helga
Det er mulig å parkera bubilar og campingvogner på NMK Vikedal sitt område rett ved banen. Det er tilgong til straum som kostar kr. 200,- for helga. Det vil sjølvsagt bli krav om billett frå dei som ikke er funksjonær, førar eller mekanikar (2 pr. førar) den aktuelle dagen. Førerar/mekanikerar som skal delta søndag har ikkje rett på fri inngong lørdag og motsett, men må løysa billett på vanleg måte. Ver vennleg å følg instruksar og pålegg frå vaktene slik at det vert best mulig forhold for alle partar.
        Førerar som berre skal delta søndag, men som kjem lørdag og ønskjer å koma inn i depot, vert sterkt oppmoda om å koma før kl. 10.30 eller etter kl. 17.00. Dette for å unngå kaos i depot under bakkeløpet. Alternativet er å parkera ved ungdomshuset og gå opp dei siste 500 metrane.

20.08.2012:
Alle påmeldte får delta i bilcross sprint
Grensa for antal deltakerar på lørdag stemte temmeleg godt med dei som var interesserte i å delta. Alle påmeldte får dermed delta, også i bilcross sprint. Dersom det fortsatt er nokon som vurderer å trekkja seg, er det fint om dei gir beskjed så snart som mulig.

20.08.2012:
Tor Egil Mæland nr. 55 i Landsfinalen på Gol
Tor Egil Mæland vart nr. 55 blant dei 130 deltakerane som stilte til start i Landsfinalen på Gol. Han hadde to 3. plassar og ein 4. plass i sine heat, og hadde rullande bilar nesten på panseret i to av dei. Ellers var det fleire medlemmer som hadde tatt turen til Gol for å sjå og delta i lotteriet. Sidan det vart kjøpt heile 3508 lodd (anbud), var det få som hadde hellet med seg. Anfinn Mæland og Lars Ivar Øie var dei som hadde hellet med seg og fekk ny bil med seg heim.

20.08.2012:
2. plass til Ingve Andrè Strand forrige helg
Det var mange som var ute på tur forrige helg. Best av dei gjorde Ingve Andrè Strand det med andreplass i 650 ccm-klassen i NM-runden for crosskart på Finnskogen. Med det drog han litt frå dei bak, men ligg fortsatt på tredjeplass samanlagt, 9 poeng bak leiaren Harald Engerund og 9 poeng framfor fjerdemann. Medaljen er ikkje sikra enno, men det er eit godt utgongspunkt før finalen i Orkla 1.-2. sept. Anders H. Strand vart nr. 14 i 125 cccm-klassen og ligg på sjetteplass samanlagt. På Finnskogen køyrde og Bjørn Cato Aarekol sitt første løp i 85 ccm-klassen, og fullførte med stil på 12. plass, to plassar bak Hauk Hamre-Hagen som vart nr. 10.
      Rallycross nasjonal køyrde Norgescup-runde saman med crosskart, og her var Ørjan Strand Eikeland på plass. Han køyrde seg fram til ein plass i B-finalen som han vann. I A-finalen fekk han ein god start, men fall litt bakover og vart til slutt nr. 5. Med det ligg han no på 6. plass, 15 poeng bak medaljeplass før dei 2 siste rundane. Neste runde går og saman med crosskart på Orkla før finalen samane med Supernasjonal på Gardermoen 14. - 16. sept.
       I tillegg til dette var Kenneth Johansen og Lars Reidar Frøyland i Kristiansand og kjørte rallycross. Kenneth vart nr. 2 i sin klasse og var godt nøgd med det, medan ei uleseleg resultatliste på kak.no gjer at me ikkje veit korleis det gjekk med Lars Reidar.
       Same helg var søstrene Pedersen deltakerar på Smådølfestivalen der NMK Nore og Uvdal er arrangør. Monica gjorde det best og vart nr. 41, medan Silje Reneè vart nr. 60.

17.08.2012:
Dugnad - klypping i skråningar
Det veks godt i skråningane og nå er det sterkt behov for ein ny runde med klypping. Det hadde vore fint om dei som har tilgong til kraftige kantklypperar/ryddesager med trekantblad, kan hjelpa til og gjera ein innsats med denne klyppinga. Svein Bjarte Holten (tlf. 98283791) vil vera på banen lørdag for å preparera, så han kan kontaktast ved evt. spørsmål.

10.08.2012:
Bilcross sprint - avklaringar
Vi registrerar at det er diskusjonar rundt bilcross sprint og kva det inneber. Her er litt forklaringar:
   - Bilcross har, ifølgje NBF, ikkje lov å kjøra bakkeløp etter regelverket for bakkeløp, NSR §601.
   - Bilcross sprint blir kjørt etter NSR §603 med enkeltstart og på tid som det står i tilleggsreglane
   - Bilcross sprint-løpet er eit eige løp og dermed underlagt vanlege anbudsreglar

08.08.2012:
Tilleggsreglar er no lagt ut og påmeldinga til
bakkeløp/BC/RC helga 25. - 26. august er opna
Følg linkane over. Medlemmer i NMK Vikedal må hugsa å melda inn vakter.
Får du feilmelding om at du må velja løp, velg linken ein gong til.

06.08.2012:
Tilleggsreglar/påmelding til bakkeløp/BC/RC 25. - 26. august
Tilleggsreglane vert lagt ut onsdag 8. august. Då vert det og opna for påmelding. I tillegg til bakkeløpet for rallycross- og rallybilar, er det opna for å kjøra bilcross-sprint i same bakkeløpstraseen. Det er sett tak på 40 deltakerar totalt. Sidan løpet tel med i VM for rallycross, vil alle som melder seg på innan fristen der, få plass. Resten vil bli fylt opp med deltakerar i bilcross sprint, der det blir sett opp venteliste ettersom påmeldingane kjem inn. For medlemmer i NMK Vikedal er det siste tidspunkt for levert påmelding eller innmeldt vakt som tel. Endeleg startliste blir lagt ut når påmeldingsfristen i bakkeløpet går ut.

05.08.2012:
Joakim på pallen igjen i Skien
Joakim Rønnevik gjorde det best av våre førerar i den fjerde NM-runden på Grenland Motorsenter ved Skien. Han vart nr. 2 i første omgong, vann dei 2 neste og hadde dermed beste startspor i A-finalen. I finalen måtte han sjå Hans-Anders Brænden og Joachim Hvaal framfor seg, og vart dermed nr. 3. Samanlagt rykka han opp ein plass til fjerdeplass, og har no 5 poeng opp til bronseplassen før NM-finalen på Gardermoen i september.
     I klasse 2 vart det som nemnt under dramatisk for Daniel Holten, og dermed smått med NM-poeng. For Kenneth Johansen gjekk det betre. Han fekk ei tredjetid i første omgong, medan ei snurring i andre omgong førte til ei ellevtetid. I tredje omgong vart det sjettetid, og dermed fekk han beste startspor i B-finalen. Etter tredje omgong starta eit voldsomt regnver i Skien, noko som gav utfordrane forhold. Kenneth fekk det ikkje heilt til i finalen, og klarte ikkje å gå vidare til A-finalen. Totalt vart det ein 8. plass, og Kenneth ligg og på 8. plass samanlagt med same poengsum som Daniel på 7. plass.
      Bjørn Magne Moland Enge var einaste deltakar frå oss i klasse 3. Det gjekk berre sånn passe i første omgong med 13. tid, medan andre omgong vart øydelagt av ei snurring som førte til 14. tid. Derimot gjekk det kjempebra i tredje omgong der det vart ei 4. tid, 2 sek. bak Stian Haugan som vart raskast i alle omgongane. Bjørn Magne var dermed klar for 2. startspor i C-finalen. Dei vanskelege forholda gjorde at han fall ned eit par plassar, og vart nr. 13. totalt. Samanlagt i NM er Bjørn Magne no nr. 15.
       Geir Harald Skeie stod over runden i Skien etter at motorproblemer i dei første rundane øydela for mulighetene i samandraget. Han prioriterte difor å kjøra NEZ-cup, men vurderer å kjøra NM-finalen på Gardermoen 15. - 16. september.

05.08.2012:
Dramatisk for Daniel i Skien
Det vart dramatisk for Daniel Holten under NM-runden i Skien i helga. På treninga tok det fyr i den nye motoren som vart sett inn i Fiestaen for eit par veker sidan. Teamet fekk drift på den til 1. omgong, men då kom det bankelydar frå motoren og Daniel måtte stoppa. Undersøkelsar tyder på at oljeutluftinga var tett, noko som gjorde at motoren kasta ut olje ved peilepinnen. Olja vart antent og førte til brannen. Dette kan og vera årsaka til bankelydane. Motoren er no tatt ut og blir sendt til motorbyggjar Trond Stensbøl for gjennomgong.

01.08.2012:
Dugnad og biltrening lørdag 4. august og ny trening 7. august
Det blir dugnad lørdag 4. august frå kl. 09.15 med fokus på klypping av plenar og skråningar og fjerning av stein på banen før den blir preparert til løpet. Ansvarleg er Kjartan Vaka Lothe, tlf. 91369063.
    Etter dugnaden blir det trening for bil til vanleg tid, teknisk kontroll mellom 12.00 - 13.00, og trening frå kl. 13.00. Ansvarleg er Jon Bjarte Aarekol.
    Tirsdag 7. august er det ny trening for bil med oppmøte kl. 17.00. Ansvarleg er Leif Roald Bjelland.

01.08.2012:
Ny NM-runde i rallycross i Skien til helga
I helga går den 4. NM-runden i rallycross på Grenland Motorsportsenter i Skien, saman med shortcar. Joakim Rønnevik (RC Junior), Daniel Holten (kl. 2), Kenneth Johansen (kl. 2) og Bjørn Magne Moland Enge er på plass for å forsvara NMK Vikedal sine fargar. Det blir kjørt 2 omgongar lørdag etter tidskjøringa som startar kl. 11. Søndag er det warm-up kl. 13.00 før 3. omg. startar kl. 14.00.

29.07.2012:
Olav B. Bjelland på 19. plass i Landsfinalen for junior
Olav B. Bjelland gjorde det best av våre medlemmer i Landsfinalen for bilcross junior på Gardermoen Motorpark lørdag. Hadde ikkje bilen svikta i 3. omgong, hadde han vore enno høgare oppe i finalane. Ufyselege forhold med store nedbørsmengder skapte store utfordringar for førerar og arrangør. Før 3. omgomg måtte ein leggja om til å kjøra rallycrosstraseen, og deler av banen vart stengt under brua pga. store vannmengder.
-- Les meir --

Her finn de bilder og videoar frå Landsfinalen med god dekning av våre medlemmer:
     bilder frå bilcross.no
     bilder frå Rune Johannesen
     film frå Galskap Motorsport


Her er Olav B. Bjelland i kamp med vannmengdene i 2. omgong før ein gjekk over til rallycross-traseen på denne sida av grushaugen.

24.07.2012:
Landsfinalen for bilcross junior
Lørdag 28. juli er det klart for Landsfinalen for bilcross junior på Gardermoen Motorpark. I år stiller NMK Vikedal med heile 7 deltakerar, og er saman med NMK Hønefoss den klubben i landet som har flest deltakerar. I tillegg var det 2 til som kvalifisert, men som ikkje hadde høve til å delta. Dei skal kjempa med dei 110 beste juniorane i landet om ein plass i ein av finalane.
     
Me håpar sjølvsagt at alle som har høve tek turen til Gardermoen og støttar opp om juniorane. Det er faktisk mogleg å fly over på dagen for rundt 1.500,- kr. Arrangøren har og inngått avtale med
Quality Airport Hotel Gardermoen om gode prisar på overnatting. Rabattkoden er "NMK" og det kostar 644,- kr. for enkeltrom og 844,- kr. for eit dobbeltrom.
De finn meir informasjon om dette, startlister, tilleggsreglar og anna på heimesidene til Landsfinalen her ...

       NMK Vikedal ønskjer alle våre 7 deltakerar lykke til og håpar dei får ein fin og vellukka dag på Gardermoen Motorpark.

24.07.2012 - Pressemelding:
Klare for Landsfinalen
Heile sju førarar frå NMK Vikedal køyrer NMK sin Landsfinale i bilcross junior som går på Gardermoen Motorpark på laurdag. Asbjørn Hustvedt Lærdal, Anders Lint Moland og Olav Bakkedal Bjelland, alle frå Sandeid, er tre av desse.
-- Les meir --


Asbjørn Hustvedt Lærdal (t.v.), Anders Lint Moland og Olav Bakkedal Bjelland er klare for NMK sin Landsfinale i bilcross junior.

23.07.2012:
Ikkje som planlagt for Geir Harald i finalen i NEZ-cupen
Det gjekk ikkje heilt som Geir Harald Skeie håpa i finalen i NEZ-cupen søndag. Under vanskelege forhold i Ukmerge i Litauen, kjørte Geir Harald inn til sjetteplass i finalerunden i NEZ-cupen. Dermed fall han ned til femteplass samanlagt i NEZ-cupen, istadan for å rykka opp til medaljeplass. Markus Johannessen vann finalen framfor Hans Jøran Østreng og Ola Frøshaug. Ola Frøshaug vann NEZ-cupen samanlagt i klassen "Open" framfor Markus Johannessen og Hans Jøran Østreng.

23.07.2012:
2 frå NMK Vikedal på Goldagsløpet
Lars Erik Stangeland (BC jr.) og Lars Ivar Øie (BC) hamna begge midt på resultatlistaunder det store Goldagsløpet som gjekk i helga. Lars Erik vart nr. 24 av 40 deltakerar, medan Lars Ivar vart nr. 64 av 143 deltakerar. Begge hadde andreplass som beste plassering i dei 4 innleiande omgongane.


Lars Erik Stangeland hadde ein liten luftetur ifølgje dette bildet frå bilcross.no, men me veit ikkje korleis hoppet enda, så det får du spørja om på neste trening (Fleire bilder frå bilcross.no)

16.07.2012:
Geir Harald på fjerdeplass samanlagt i NEZ-cupen
Etter tredjeplassen i går, ligg no Geir Harald på fjerdeplass samanlagt i NEZ-cupen, med same poengsummen (28 poeng) som Hans-Jøran Østreng på tredje. Markus Johannessen ligg på andreplass med 30 poeng, medan danske Peder T. Jensen ligg rett bak Geir Harald med 27 poeng. 2 av desse 4 vil altså ta andre- og tredjeplassen samanlagt, sidan Ola Frøshaug alt er klar som vinnar av NEZ-cupen med sine 54 poeng. Finalerunden går i Ukmerge i Litauen komande helg.

15.07.2012:
Flott tredjeplass til Geir Harald i Litauen
Geir Harald Skeie kjørte inn til ein flott tredjeplass i den 3. runden i NEZ-mesterskapet i Litauen i dag. Geir Harald kjørte godt heile dagen, heilt frå tidstreninga med ei femtetid i klassen. I 1. omgong vart det ei tredjetid før det vart femtetid i 2. omgong. I 3. omgong bomma han og fekk ei dårleg tid, men hadde femte startspor i A-finalen. Der kjørte han seg opp til tredjeplass, bak Hans-Jøran Østreng, som vann, og Ola Frøshaug på andreplass. Ola Frøshaug auka leiinga si samanlagt, og ligg veldig godt an til å vinna. Geir Harald rykka oppover lista, men sidan me ikkje har komplett resultatliste, er det uklart kor høgt.

13.07.2012:
Geir Harald på "rallycross-ferie" i Litauen
Geir Harald Skeie er på tur til Litauen for å kjøra 3. og 4. runde i NEZ-mesterskapet. 3. runden går i Vilkyciai søndag, medan 4. runde, og finalen, går i Ukmerge neste helg. Geir Harald ligg på 11. plass samanlagt etter den gode plasseringa i runden i Nysum i Danmark i mai. Det er forholdsvis tett på lista etter dei 2 løpa i Danmark og på Momarken, så det er absolutt mulig å avansera. Me ønskjer lykke til i begge rundane.

13.07.2012:
Niandeplass i Høljes på Daniel
Daniel Holten følgde godt opp innsatsen på Lånke og kjørte inn til niandeplass i EM-runden i Høljes.
      Det opna bra alt på treninga for Daniel. På tidstreninga vart det sjuandetid. I første omgong gjekk det enno betre med ei sjettetid etter ein tett og spennande kamp med Morten Bermingrud. Daniel hadde ei strålande forbikjøring på innsida av Morten i målsvingen, men dessverre fekk han ei bomgiring i neste runde og måtte sleppa han forbi igjen. Morten fekk forøvrig fjerdetid her. I andreomgong var Daniel i nest siste heat. Heatet gjekk så fort at fjerdeplassen i heatet og vart fjerdeplass i omgongen. Heatet etter fekk nokre få regndråpar, men det var nok til at alle hamna bak Daniel. Dermed låg han på sjetteplass etter 2 omgongar. I tredje omgong hølja regnet ned, og det vart svært vanskelege kjøreforhold. Daniel var godt med i sin første start på vått føre, men i første runden sklei han ut og hamna oppå kurbsen. Han frykta då at eit styrestag var gått og kjørte i depotet. Sjekken etterpå viste ingen feil, så det var nok føret som lurte Daniel til å tru at han ikkje hadde styring. Dermed fall Daniel ned til første spor i B-finalen med minst mogleg margin. 3 førerar stod med 10 poeng og kjempa om 2 plassar i A-finalen, men i EM er det poenget i den omgongen som ikkje tel som er avgjerande. Det såg lyst ut i starten av B-finalen. Daniel kom ut på tredjeplass, men etter ein runde såg det ut til at han skulle klara ein av dei to første plassane. Men dessverre kom han litt for fort inn i alternativsporet og snurra. Dermed vart det den sure tredjeplassen i B-finalen for Daniel, men alt i alt er han strålande nøgd med det han har fått vist i Supercar-klassen. Alle NMK Vikedal-medlemmene og andre støttespelarar som var på plass i Høljes kunne gleda seg overr flott kjøring av Daniel, spesielt i 1. og 2. omgong.


Daniel flyg over det velkjende Høljes-hoppet. (foto: Rune Johannesen)

24.06.2012:
Strålande åttandeplass til Daniel på Lånke
Daniel Holten imponerte alle på Lånke i helga og enda til slutt på åttende plass. Han hadde 3. startspor i B-finalen som han med god taktisk kjøringa vann overbevisande. I A-finalen var han på andreplass og nesten på sida av Tanner Foust i første sving då eit styrestag rauk. Dermed var det berre å trilla inn til sida og ta til takke med åttandeplassen. Tanner Foust vann framfor Liam Doran og Timur Timerzyanov. Mats Lysen vart nr. 5 og Alexander Hvaal nr. 6.
      Nå håpar vi mange haugalandingar og andre vestlendingar tar turen til Høljes kommande helg for å sjå meir fantastisk kjøring av Daniel, og støtta han i kampen om nok ei fin plassering.


Foto: Rune Johannesen

24.06.2012:
Joakim med teknisk problem på Lånke
Joakim Rønnevik fekk nok ein gong problem med eit drivledd på sin Golf og måtte gi seg alt på startplata i finalen i Rallycross Junior på Lånke. Joakim stod i fjerde startspor, men vart altså nr. 7.

20.06.2012:
Daniel Holten klar til EM

Daniel Holten og hans innleigde Volvo C30 er no klar for EM-rundane på Lånke og i Høljes.
Både www.holtenmedia.no og www.holten-motorsport.no vil bli flittig oppdatert under og mellom løpa. Frå Lånke kan du og følgja løpet på "EM-radioen" her ...

I tillegg til Daniel deltek og Joakim Rønnevik frå NMK Vikedal i gjesteklassen for rallycross junior på Lånke.

19.06.2012:
Tredjeplass til både Sondre og Glenn Olav på Eikås
Det var 2 bergenserar først både i junior- og seniorklassen i VM-runden på Eikås i helga. I juniorklassen var det Sondre Hundseid Eikeland som gjorde det best etter først å ha vunne B-finalen. Gisle Flatraaker Aarbø vart sist i A-finalen på femteplass. Andrè Hustoft Nesheim, Asbjørn Hustvedt Lærdal kom på sjette- og sjuandeplass, medan Olav Bakkedal Bjelland vart sist i B-finalen og nr. 9. Lars-Erik Stangeland følgde på 11. plass, Kjartan Dale på 14. og Anders Lint Moland på 15. plass. Det var Henrik Ramsvik som vann, og samanlagt ligg han no 22 poeng framfor Gisle Flatraaker Aarbø. Andrè Hustoft Nesheim og Olav Bakkedal Bjelland følgjer rett bak Gisle på tredje- og fjerdeplass, medan Kjartan Dale, Lars-Erik Stangeland, Asbjørn Hustvedt Lærdal og Sondre H. Eikeland følgjer på rekke og rad frå sjette til niandeplass.
      Glenn Olav vann alle sine heat fram til sist omgong lørdag der han fekk stopp. Heldigvis fekk han låna plass i garasjen til NMK Bergen og fekk fiksa problemet med god hjelp av "jekkpassar" Steinar Høyvik. Det vart ny heatseier i femte omgong, men 40 poeng heldt berre til plass i B-finalen. Denne vann han, og kjørte seg inn til ein flott 3. plass i A-finalen. Tor Egil Mæland vart nr. 7, Lars Ivar Øie nr. 8, Reidar Skeie nr. 11 og Martin Tveit nr. 15. Nok ein gong var det Anders Hjelmås og Torbjørn Østerbø Veland som stod øverst på pallen. Dei 3 siste rundane har dei veksla på å vera nr. 1 og 2. Torbjørn leiar samanlagt, 10 poeng framfor Anders. Tor Egil Mæland følgjer deretter, 23 poeng bak Torbjørn. Glenn Olav ligg berre 1 poeng bak Tor Egil.
   Komplette resultatlister finn du NMK Bergen sine heimesider her...

19.06.2012:
Pallplass til Daniel på Dokka
Daniel Holten gjorde det best av våre førerar under NM-runden i rallycross på Dokka lørdag. Gode dekkvalg på det vanskelege og våte føret hjalp Daniel inn til ein flott tredjeplass. Han hadde andreplass inne i siste runden, men ein liten feil av Daniel gjorde at Henning Nyberg smatt forbi. Lar Øyvind Enerberg vann klassen. Kenneth Johansen sleit med festet og vart nr. 3 i C-finalen, 11 totalt. Samanlagt ligg no Daniel på 6. plass, 11 poeng bak 3. plass. Kenneth er nr. 10, 9 poeng bak Daniel.
      Bjørn Magne Moland Enge hadde og problemer med å få feste. 12. og 13. tid ikkje plass i finalane, men ein 16. plass totalt.
      I Rallycross junior kjørte Joakim godt med første- og andretid, noko som gav beste startspor i finalen. I finalen kom han godt ut, men dessverre rauk eit drivledd og han måtte trilla inn til sida. Han ligg no på 5. plass i samandraget, men det er berre 3 poeng opp til 3. plass.
   Resultater frå NM-runden på Dokka her...

   Poengstillinga i NM finn du her...

12.06.2012:
2 ledige plassar på biltransportbilen til Eikås i helga
Det er 2 ledige plassar på biltransportbilen til Eikås i helga. Det blir sannsynlegvis opplasting på Knapphus torsdag ettermiddag. Interesserte kan ta kontakt med Knut Endre Fønnebø Ringhagen, tlf. 91533654, snarast.

10.06.2012:
Ingve Andrè Strand til topps i NM-runden i Flå
Ingve Andrè Strand gjekk heilt til topps i 650 ccm klassen i NM-runden for crosskart i Flå i Hallingdal i går. Han hadde beste startspor i A-finalen og hadde leiinga gjennom heile finalen. Med det resultatet rykka Ingve Andrè opp på 2. plass i NM og knappa inn på leiinga til Harald Engerud.
   Sonen, Anders Halleråker Strand, kjørte inn til sjetteplass i 125 ccm klassen.


Ingve Andrè Strand på toppen med Ludvik S. Einarsen som nr. 2 og Harald Engerud som nr. 3.
(Foto: Sigurd Andrè Maraas)

10.06.2012:
Asbjørn vart nr. 9 som er kvalifisert til Landsfinalen for BC junior
Asbjørn Hustvedt Lærdal vart den niande føraren frå NMK Vikedal som er kvalifisert til Landsfinalen for BC junior. Han sikra seg billetten i går med femteplass på Grenland Motorsenter i Skien. Han hadde andreplass i lommen til rett før mål då det dukka opp ein siloballe som stoppa vidare ferd mot mål.
     På veg heim stakk dei innom NMK Kvinesdal sitt løp i dag. Der vart det ei ny god plassering med 7. plass. Per Erling Lønning kom til C-finalen i Kvinesdal, men me har ikkje nøyaktig plassering enno.

04.06.2012 - Pressemelding:
Til topps igjen
Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås tok ein ny dobbelsiger for NMK Bergen i bilcross, men i bilcross junior var NMK Vikedal best.
-- Les meir --


André Hustoft Nesheim (t.v.) Olav Bakkedal Bjelland og Kjartan Dale gjorde reint bord for NMK Vikedal i juniorklassen.

03.06.2012:
NMK Vikedal har no 8 kvalifiserte til Landsfinalen for BC junior
2 dagarsløpet var kvalifisering til Landsfinalen for bilcross junior på Gardermoen siste helga i juni. Alle A-finalistar blir kvalifisert og etter at Andrè Hustoft Nesheim, Kjartan Dale og Anders Lint Moland kvalifiserte seg i dag, har NMK Vikedal no 8 førerar som er kvalifisert. I tillegg til dei tre nemnde, er Olav Bjelland, Sindre Vikedal, Glenn Roar Gåsdalen, Sondre Hundseid Eikeland og Gisle F. Aarbø kvalifisert frå før.

03.06.2012:
Dei 4 i BC junior i dag frå NMK Vikedal
Olav Bjelland gjekk til topps i bilcross junior framfor Andrè Hustoft Nesheim, Kjartan Dale og Anders Lint Moland. I seniorklassen tok NMK Bergen dei 2 første plassane med Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås. Tor Egil Mæland vart nr. 3 og Thomas Nonslid nr. 4.
     Rallycross-klassane vart litt amputert etter avbud, men Lars Reidar Frøyland vann klassen inntil 2400 framfor Hallvard Finnvik. I klassen over 2400 ccm vann Ørjan Strand EIkeland framfor Håvard Helland, Ove Skårland og Johnny Bådsvik.


 2-dagarsløpet lørdag 2. og søndag 3. juni:
   Tilleggsreglar, rallycross

   Tilleggsreglar, bilcross
  
   Påmelding, rallycross
   Påmelding, bilcross

   Offisiell startliste inkl. etteranmeldte

   Resultat - bilcross
   Resultat - rallycross

Innmelding av vakter:
Medlemmer i NMK Vikedal skal som vanleg melda inn ein vakt for kvar dag (enten 2 vakter den eine dagen eller 1 vakt kvar dag). Innmeldinga av vaktene skal sendast på e-post til vakt(a)nmk-vikedal.net med førars namn, namn på vakt, adresse, mob. tlf. nr. kva dag og arbeidsoppgåver ein ønskjer.
Frist for innmelding av vakt er fredag 25. mai kl. 12.00. Dei som ikkje har skaffa vakt innan fristen og som møter, vil måtte betala 500,- kr. i ekstra "vaktgebyr" ved innsjekk. Sist løpshelg var det alt for mange som ikkje stilte med vakt, og det vil få konsekvenser denne gong.

02.06.2012:
Joakim nr. 3 og Kenneth nr. 6 på Bollandsmoen
Joakim Rønnevik vart nr. 3 i rallycross junior under NM-runden på Bollandsmoen i Melhus i dag. Han hadde tredje startspor i A-finalen og heldt den plasseringa til mål.
      Kenneth Johansen stod for dagens prestasjon med å vinna først C-finalen, deretter B-finalen og kjørte inn til femteplass, men ei tvilsam forbikjøring gjorde at han vart flytta ned til sjetteplass. Daniel Holten hadde heng på Kenneth i C-finalen, men eit eller anna skjedde med motor/girkasse som gjorde at han kjørte ut.
      Dagen vart ein opptur for Bjørn Magne Moland Enge, sjølv om det berre vart ein 15. plass. Fjerdetid på tidskjøringa var svært bra, men etter 1. omgong oppdaga ein lekkasje i den eine støtdemparen bak. Dermed vart dagen fullført med defekt støtdempar.
Geir Harald Skeie deltok ikkje på Bollandsmoen pga. motorsproblemer.

02.06.2012:
Blanda forhold under første dag av 2-dagarsløpet
Det har vore blanda forhold frå støvproblemer til regn under første dag. Stillinga finn du ved å følgja linkane over.
    I morgon satsar vi på fine forhold heile dagen. Me startar alt kl. 10.00 med 4. omgong fram til kyrkjetid kl. 11.00. 5. omgong startar kl. 12.30, før finalane startar ca. kl. 14.00.

29.05.2012 - Pressemelding:
Klart for Todagarscrossen
Todagarscrossen på Vikedal Motorbane i byrjinga av juni er eit av høgdepunkta for bilcrossfolket på Vestlandet i løpet av året. I år er også løpet tredje runde i Vestlandsmesterskapet for bilcrossklassane.
-- Les meir --

28.05.2012:
Dugnad onsdag 30. mai kl. 18.00
Det blir dugnad onsdag 30. mai frå kl. 18.00. Det blir ryddearbeid og klargjering til løp. Ta med relevant utstyr, ryddesag, plentraktor (tips ansvarleg), biltilhengjar. Ansvarleg er Jarle Nes, tlf. 92814859.

28.05.2012:
Innmelding av vakter
Dei aller fleste førerane frå NMK Vikedal har vore svært flinke til å melda inn vakter denne gongen. Det er likevel nokon som ikkje har meldt inn vakter, og sidan informasjonen kom ut litt seint, får desse ein utvida frist til tirsdag kl. 21.00 med å melda inn vakter. Dei som ikkje har meldt inn vakter til vakt(a)nmk-vikedal.net innan fristen, vil måtte betale kr. 500,- ekstra i vaktgebyr på innsjekk. Føraren er ansvarleg for at vaktene møter.

26.05.2012:
Ørjan Strand Eikeland i C-finalen i Norgescuprunden på Lyngås
Ørjan kvalifiserte seg til beste startspor i C-finalen under Norgescuprunden for RCN på Lyngås. Der kjørte han inn til 3. plass og vart dermed nr. 11 i denne Norgescuprunden.

26.05.2012:
2 nye kvalifisert til Landsfinalen for BC junior i Bø i dag
Sindre Vikedal og Glenn Roar Gåsdalen kvalifiserte seg til Landsfinalen for BC junior etter A-finaleplassar i løpet på Rallebanen i Bø i dag. Sindre kvalifiserte seg direkte til A-finalen og tok ein sterk andreplass i ein nybygd Opel Corsa, medan Glenn Roar vann B-finalen og vart nr. 5. til slutt. Lars Erik Stangeland var og i B-finalen, men var uheldig og punkterte og vart nr. 11. Det var Sondre Elton Rolid frå NMK Hønefoss som vann løpet.
     Dermed har NMK Vikedal 5 kvalifiserte til Landsfinalen for junior, og me håpar på nokre til på 2-dagaren i Vikedal neste helg.

23.05.2012 - Pressemelding:
Daniel Holten kjører Supercar på Lånke og i Høljes
Daniel har leigd bilen til Frode Holte, ein Volvo C30, for å delta i Supercar-klassen under EM-rundane på Lånke 23-24/6 og i Høljes 30/6 og 1/7.
-- Les meir --


Det er denne Volvo C30-en Daniel skal kjøra i EM-rundane på Lånke og i Høljes. I fjor vart Frode Holte nr. 10 på Lånke og nr. 13 i Høljes, og det var dei dårlegaste resultata hans i fjor.

22.05.2012:
Glenn Roar og Lars Erik prøver seg i Bø
Glenn Roar Gåsdalen og Lars Erik Stangeland tar turen til Bø komande lørdag for å kjøra bilcrossløp der. Løpet er kvalifisering til Landsfinalen for bilcross junior, og det er å kvalifisera seg dit som er målet for dagen. Påmeldingsfristen går ut i dag, så det er fortsatt mulig å melda seg på for dei som er raske.
-- Tilleggsreglar og startliste --

20.05.2012:
6. plassar på Anders og Ingve Andrè Strand i crosskart NM
Det vart sjetteplass på både Anders og Ingve Andrè Strand i den andre NM-runden i crosskart i Skien lørdag. Ingve Andre ligg på delt tredjeplass samanlagt i NM.
   Hauk Hamre-Hagen kjørte inn til 8. plass i klassen inntil 85 ccm.

20.05.2012:
Opptur for Kenneth og Bjørn Magne. Nedtur for Geir Harald
Dagens NEZ-cup runde på Momarken vart ein opptur for Moland Racing Team. Kenneth Johansen måtte rett nok om ein B-finale i NEZ 2000, men etter god kjøring i A-finalen (med heile 8 bilar) vart det ein fin 4. plass på Kenneth. Bjørn Magne Moland Enge fekk det mykje betre til NEZ Open i dag, kjørte inn til gode tider i alle omgongar og hadde 4. startspor i A-finalen. Der hadde han leiinga inntil eit fjørbein svikta og han måtte gi seg med ein 8. plass. Tidene og stillinga når fjørbeinet svikta gjer likevel at dette var ein finn opptur for Bjørn Magne.
      For Geir Harald Skeie vart det derimot ein nedtur etter den fine fjerdeplassen i NEZ-cupen i Danmark. Etter ein litt svak første omgong, øydela Geir Harald forstillinga i 2. omgong. Skadane var så store at dei ikkje klarte å fiksa det til 3. omgong, og det vart dermed berre 27. plass på Geir Harald i dag.

.19.05.2012:
Fjerdeplass på både Joakim og Daniel i første NM-runden
Joakim Rønnevik hadde andre startspor i A-finalen for Rallycross Junior etter 2 andretider i dei innleiande omgongane. Han klarte ikkje heilt å forsvara det, men kjørte inn til ein grei fjerdeplass. Joachim Hvaal vann denne første runden.
      I klasse 2, inntil 2000 ccm, stod Kenneth Johansen i beste startspor i C-finalen etter småproblemer heile dagen. Heller ikkje i finalen vart perfekt, og Kenneth var skuffa over at det berre vart fjerdeplass der og 12. totalt. Daniel Holten, som leiger Escorten til Per Magne Flatebø, kjørte inn til 3. og 6. tid i dei 2 første omgongane. Det gav tredje spor i B-finalen, der han kjørte inn til andreplass og dermed plass i A-finalen. I A-finalen kjørte han seg ytterlegare opp og vart til slutt nr. 4. Henning Nyberg vann klassen.
      Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge sleit dessverre og med å få alt til å stemma i denne første NM-runden. Geir Harald hadde det beste resultatet i 3. omgong då det vart 10. tid. Det heldt til ein 15. plass samanlagt og akkurat ikkje finale på Geir Harald. Bjørn Magne var litt lenger bak på 25. plass. Det var Terje Morstad som vann etter først å ha vunne B-finalen.
      Ellers gratulerar me Håkon Gjesdal Nilsen frå Ålgård med seieren i klasse 4, Supercars.

18.05.2012:
Minner om trening for bil lørdag 19. mai
Det blir trening for bil lørdag 19. mai frå kl. 13.00. Innsjekk/teknisk frå kl. 12.00.

18.05.2012:
3 frå NMK Vikedal til NM-runden for crosskart i Skien
Lørdag er det klart for 2. NM-runden i crosskart i Skien. Ingve Andrè Strand ligg på 3. plass i NM for 650 ccm etter den første runden. Der vart han eigentleg nr. 5, men det var 2 svenskar framfor han som ikkje får poeng i NM. Sonen, Anders, ligg på 7. plass i 125 ccm klassen. Begge desse er på plass i Skien
     Hauk Hamre Hagen, som kjører i 85 ccm klassen, kjørte ikkje 1. NM-runden, men er no klar til start i Skien.
Søndag er Hauk og Anders påmeldt til IC-cup, som er ein bakkeløpsvariant for crosskart.

18.05.2012:
5 frå NMK Vikedal til NM-opninga for rallycross på Momarken
Lørdag er det klart for NM-opninga for rallycross på Momarken.
      Joakim Rønnevik, som vann Rallycross Junior-cupen i fjor, er klar til å forsvara den tittelen. Men han har ein forsiktig målsetting om å bli blant dei 3 beste samanlagt i år.
      I klassen inntil 2000 ccm har Kenneth Johansen fått klar motoren igjen etter havariet på treninga i april. Daniel Holten har ikkje fått den nye motoren til Fiestaen, og leiger Escorten til Per Magne Flatebø til denne første runden.
      Geir Harald Skeie kjem rett frå 4. plass i NEZ-runden i Danmark, og har nok sjølvtilliten i orden etter det. Bjørn Magne Moland Enge har og fått rett opp skadene etter at han gjekk rett i rekkverket ved start i løpet i Vikedal i april.
      Ettersom det er langhelg, har ein stor kontingent supporter tatt turen over fjellet for å støtta våre lokale heltar. I tillegg er det ein ny NEZ-runde på søndagen, der Kenneth, Geir Harald og Bjørn Magne er påmeldt.

13.05.2012:
Olav Bjelland nr. 2 på Konsmo
Olav Bjelland (bilde t.h.) kvalifiserte seg til Landsfinalen for bilcross junior på Gardermoen 28. juli etter tre strake heatsigrar på Konsmo og 2. plass i A-finalen, bak heimeføraren Fredrik Ågedal. Gisle Aarbø og Sondre Hundseid Eikeland vart kvalifisert til landsfinalen på løpet i april i Bergen.
      Asbjørn Hustvedt Lærdal, som og stilte til start på Konsmo,  klarte ikkje å nå finalane denne gongen.
 

13.05.2012:
Flott 4. plass til Geir Harald i Danmark
Geir Harald Skeie kjørte inn til ein flott 4. plass i klassen NEZ Open i 1. runde av NEZ-mesterskapet på Nysumbanen i Danmark i dag. Ola Frøshaug vann klassen framfor Børre Håkelia og Atle Aamodt. Håkon Gjesdal Nilsen frå Ålgård vann klassen for 4WD med sin Volvo S40.


Flott innsats av Geir Harald Skeie i sin Volvo 940 i Danmark

12.05.2012:
Reglane og stillinga i NMK Vikedal cup oppdatert
Reglane for NMK Vikedal cup som hang på oppslagstavla under 1. runden i april er no tilgjengeleg under linken øverst til høgre. Samstundes er resultata etter den 1. runden lagt ut.

12.05.2012:
Geir Harald til Danmark og Asbjørn og Olav til Konsmo
Geir Harald Skeie deltek i helga i 1. runde i NEZ-mesterskapet i rallycross på Nysum-banen i Danmark med sin Volvo 940. NEZ står for "North European Zone", og er et regionalt mesterskap for Norden og dei baltiske landa, og Geir Harald stiller i klassa "NEZ Open". Neste runde går søndag 20. mai på Momarken, etter første NM-runden dagen før. Deretter vert mesterskapet avslutta med 2 rundar i Litauen og Latvia midt i juli. Geir Harald planlegg å kjøra alle desse. Dei som er på Facebook, kan følgja oppdateringane hans der.
        Asbjørn Hustvedt Lærdal og Olav B. Bjelland prøver seg igjen med ein tur sørover, denne gong til Konsmo der det er kvalifiseringsløp til Landsfinalen både for junior og senior søndag.
Me ønskjer alle lykke til i helga.

08.05.2012:
Ørjan Strand Eikeland nr. 10 i NC-opninga
Ørjan var nok ikkje heilt nøgd etter at han vart nr. 10 i eit tynt startfelt i NC-opninga for RCN o/2400 ccm på Krabyskogen ved Gjøvik i helga. Henrik Paulsen, NAF MS Gjøvik, vann klassa. Neste runde går på Lyngås lørdag 26. mai så me håpar det går betre der.

06.05.2012:
Lars Reidar nr. 2, Ingvar nr. 3 og Olav nr. 7 i Kvinesdal
Det var Lars Reidar Frøyland som gjorde det best av våre medlemmer i Kvinesdal i dag. Han vart nr. 2 i RCN i/2400 ccm. Ingvar Auestad vart nr. 3 i RCN o/2400 ccm.
    Både Olav Bjelland og Asbjørn Hustvedt Lærdal kvalifiserte seg til C-finalen for bilcross junior. Denne vann Olav og kjørte seg heilt opp til andreplass i B-finalen og dermed 7. plass totalt. Dermed nådde han akkurat ikkje eit av måla i helga, kvalifisering til Landsfinalen. Asbjørn vart nr. 15. I seniorklassen var det berre Per-Gaute Østbø som nådde finale. Han hadde plass i D-finalen, men ein smell i 3. omgong gjorde at han stod over den. Dermed vart han nr. 21. Glenn Olav Lothe øydela ein drivaksling i første omgong, og fekk øydelagt løpet med det. Me har så langt ikkje detaljane om korleis det gjekk med Tor Egil Mæland, Anfinn Mæland eller Martin Tveit.
NMK Konsmo-førerane Petter von Zernichow Olsen (BC jr.) og Joachim Kerim (BC) vann bilcross-klassane.

06.05.2012:
Berre middels for crosskart-førerane på Gjøvik
Far og son Strand, Ingve Andrè og Anders Halleråker Strand, var berre middels fornøgd med resultata i den første NM-runden på Krabyskogen ved Gjøvik lørdag. Anders vart nr. 7 i 125 ccm klassen, medan Ingve Andrè vart nr. 5 i 650 ccm klassen.

04.05.2012:
Mange på tur til løp i helga
Det er mange som har tenkt seg på løp i helga. På Krabyskogen Motorbane ved Gjøvik går 1. runde i NM for crosskart og NC for RCN. Der stiller Anders Strand (250 ccm) og faren, Ingve Andre Strand (650 ccm), til start. I tillegg skal Ørjan Strand Eikeland delta i Norgescupen for RCN over 2400.
       I Kvinesdal er de bilcross og RCN-løp søndag. Der er heile 9 førerar frå NMK Vikedal påmeldt. Olav Bjelland og Asbjørn Hustvedt Lærdal stiller i BC jr. Glenn Olav Lothe, Anfinn Mæland, Martin Tveit, Tor Egil Mæland og Per-Gaute Østbø i BC senior, Lars Reidar Frøyland i RCN i/2400 og Ingvar Auestad i RCN o/2400.

30.04.2012:
Ekstra trening for bil tirsdag 1. mai
Det er sett opp ein ekstra trening tirsdag 1. mai. Frammøte seinast kl. 17.00. Ansvarleg er Lars Reidar Frøyland, tlf. 46799065.

26.04.2012:
Treningar for bil fram til sommarferien
Bilgruppa har no fått ferdig oversikt over treningane for bil fram til sommarferien. Ta kontakt med bilgruppa dersom du kan bidra til å få gjennomført treningane eller har andre innspel.
-- Oversikt over biltreningar 1. halvår --

26.04.2012:
Takk til alle funksjonærar og deltakerar
Løpskomiteen nyttar høvet til å takka alle funksjonærar og førerar for innsatsen i helga som var. Sjølv om det periodevis var litt kaldt for dei som stod i ro ute, håpar me alle hadde ei fin helg.

Knut A. Myklebust tok mange bilder på løpa som ligg tilgjengeleg på http://www.facebook.com/KAMfoto

Lørdag 21. april:
   Tilleggsreglar, rallycross

   Tilleggsregler, klubbløp bilcross jr. og bilcross damer

   Resultater - bilcross jr./damer
   Resultater - rallycross

Søndag 22. april:
   Tilleggsreglar, bilcross


   Resultater - bilcross søndag

   Verutsikter for Vikedal Motorbane

   Tidsplan for helga til publikum

23.04.2012 - Pressemelding:
Veland og Ramsvik til topps
Det er NMK Bergen-førarane Torbjørn Østerbø Veland og Henrik Ramsvik som leiar Vestlandsmesterskapet i bilcrossklassane. Begge har vunne to og blitt nummer to i løpa som er avvikla.
-- Les meir --


NMK Vikedal-føraren Glenn Olav Lothe var den einaste som greidde full pott, 30 poeng før A-finalen.

21.04.2012 - Pressemelding:
Ove Skårland til topps
Ove Skårland gjekk heilt til topps under den andre runden i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane i går, føre Ingvar Auestad og Hallvard Finnvik.
-- Les meir --

21.04.2012:
Spennande lørdag i Vikedal

Seierspallen i bilcross junior der Olav Bjelland gjekk til topps, Andrè Hustoft Nesheim vart nr. 2 og Sølve Østbø vart nr. 3.


I BC damer gjekk Heidi Elin Stein til topps framfor Elise Vikre og Trude Hustoft.


Martin Svendstad fekk problemer med servostyring, men fullførte finalen utan. Joakim Rønnevik kunne dermed kontrollere inn seieren.


Ove Skårland vann den samla rallycrossklassen framfor Ingvar Auestad og Hallvard Finnvik.

Innmelding av vakter til løpa (for medlemmer i NMK Vikedal)
Medlemmer i NMK Vikedal må skaffa minst ein funksjonær til løpa. Det kan vera ein sjølv som stiller den dagen ein ikkje er deltakar, eller ein annan person same dag.
Vaktene skal ein melda inn ved å senda ein e-post til vakt(krøllalfa)nmk-vikedal.net med opplysningar om førars namn, tlf. nr, namn på vakt, tlf. nr. og ønskje om dag og arbeidsoppgåve. Vakter på baneområdet skal vera minst 16 år.
Ved å gjera dette sparar de løpskomiteen med arbeidet med å ringa til dykk. Alle som ikkje melder inn vakt vil bli oppringt av løpskomiteen med krav om vakt.
Det er skuffande få som har meldt inn vakter, så nå må resten raska på å skaffa vakt. Oppringa til dei som ikkje har skaffa vakt startar måndag kveld og dei som ikkje oppfyller kravet kan bli tatt ut av startlistene.
===========================================================================

17.04.2012 - Pressemelding:
Mange til sesongopning
Til helga er det sesongopning på Vikedal Motorbane og over 120 er påmelde til stemnet. Løpet er andre runde i Vestlandsmesterskapet for både bilcross og rallycross.
-- Les meir --


Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie har kome godt i gong i Vestlandsmesterskapet.

16.04.2012:
Preparering i god gjenge og verutsiktene for helga er bra
Svein Bjarte Holten brukte 7 timar på søndag til skraping og preparering av banen. Konsistensen på grusen var nærmast perfekt for det i går, og i dag er planen at banen skal valsast.
     Ifølge yr.no er verutsiktene bra for resten av veka (følg link over for detaljer), noko som bør gi svært gode baneforhold til løpa i helga.

16.04.2012:
Ingen NMK Vikedal-førerar på pallen i bilcross i Bergen
NMK Vikedal-førerane nådde ikkje heilt opp i den harde konkurransen i bilcross-klassane på Eikås. Nærmast var Gisle Aarbø i bilcross jr. som vart nr. 4 etter 3 strake heatsigrar. Vidare i finalane vart Sondre Hundseid Eikeland nr. 6, Lars_Erik Stangeland nr. 7, Kjartan Dale nr. 10 og Asbjørn Hustvedt Lærdal nr. 12. Anders Lint Moland vart nr. 29, medan Olav Bjelland fekk tekniske problemer alt i første omgong. Gisle og Sondre er dermed kvalifisert til landsfinalen for junior som går på Gardermoen 28. juli. 2-dagarsløpet i Vikedal er neste mulighet til å kvalifiera seg dit.
     I senior-klassen vart Tor Egil Mæland best av våre på 5. plass og dermed plass i landsfinalen på Gol 18. august. Glenn Olav Lothe hadde ein stund hand om den siste landsfinaleplassen, men vart dytta ut i siste sving og vart nr. 9. Per-Gaute Østbø var siste frå NMK Vikedal i finalane på 17. plass. 2-dagarsløpet i Vikedal er ikkje kvalifiseringsløp for landsfinalen for senior.
     Komplett resultatliste bilcross junior
     Komplett resultatliste bilcross senior

16.04.2012:
Dårleg deltaking i 1. runde i VM for rallycross
Det var rekorddårlig deltaking i 1. runden i VM for rallycross på Eikås lørdag. Berre 8 bilar deltok, der 2 av dei var juniorar. Dermed blir det berre ein klasse i Vestlandsmesterskapet i år.
      I juniorklassen var det Martin Svendstad, NMK Hønefoss, som gjekk til topps etterat Joakim Rønnevik fekk tekniske problemer i finalen. Joakim såg ut til å ha kontroll på seieren inntil problema dukka opp. I den andre klassen vann Frode Leirhol, NMK Valdres, framfor Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie. Ingvar Auestad vart nr. 5 og Aleksander S. Eikeland nr. 6.
     Komplett resultatliste klasse A (RC junior)
     Komplett resultatliste klasse F (Free for all)

09.04.2012:
Ny trening tirsdag 10. april kl. 17.00
Det blir ein siste mulighet for å testa bilane før løpet i Bergen tirsdag 10. april kl. 17.00 - 19.00.
Ansvarlege er Leif Roald Bjelland og Kurt Birger Hagen (tlf. 45607056)

04.04.2012:
Opplegget for løpa 21. og 22. april
Det meste rundt løpa 21. og 22. april er no på plass. Tilleggsreglane er klar og dermed kan påmeldinga opnast.
       Lørdag blir det kjørt 2. runde i Vestlandsmesterskapet for rallycross. I tillegg blir det kjørt klubbløp for bilcross junior og bilcross damer. Som ein bonus kjører bilcrossklassane 4 omgongar, ein omgong meir enn vanleg. Sidan det er klubbløp, kan juniorar med BCJT/HAJT-lisens (dei som er 15 år) og delta. Dameklassen er open for medlemmer i klubben eller damer som kjører med eingongslisens.
       Søndag blir det kjørt vanleg bilcrossløp med 3 innleiande omgongar.
Begge dagar startar løpa kl. 12.30 og er planlagt ferdig mellom 16.00 og 16.30, litt avhengig av antal deltakerar.

04.04.2012:
Nye reglar for eingongslisensar på bilcrossløp
Bilsportforbundet har i år endra reglane for eingongslisensar. Tidlegare kunne ein delta i konkurransen sjølv om ein løyste eingongslisens. Det kan ein no berre gjera på klubbløp. I ordinære løp vil alle som deltar med eingongslisens ikkje vera med på resultatlista, dvs. delta som debutantar. Dei andre vilkåra for å løysa eingongslisens er:
   - ein er medlem i norsk folketrygd
   - gjeld berre for senior, dvs. ein må vera 18 år
   - ikkje er fråtatt førarkort eller har fått sperrefrist
   - det er ikkje krav om medlemskap i NBF tilslutta klubb
   - lisensen gjeld berre for eit løp
   - lisensen kostar kr. 300,- og kan kjøpast på innsjekk

04.04.2012:
Bilder frå treninga 24. mars
Her finn du litt bilder frå treninga lørdag 24. mars.
-- Les meir --

04.04.2012:
Bilder frå praksisdelen av lisenskurset 17. mars
Her finn du litt bilder frå praksisdelen av lisenskurset lørdag 17. mars.
-- Les meir --

03.04.2012:
Ny trening for bil påskeaften lørdag 7. april
Det blir ny trening for bil lørdag 7. april med Kurt Birger Hagen (tlf. 45607056) som kontaktperson.
Tidsplan:
               Kl. 10.00 - 10.30  Innsjekk
               Kl. 10.00 - 10.45  Teknisk kontroll
               Kl. 11.00             Førarmøte
               Kl. 11.30             Treninga startar

Alle som skal trena må møta til innsjekk seinast kl. 10.30. På innsjekk vert alle lisensar og medlemskap sjekka. Dei må sjølvsagt vera betalt (oblat eller manuelt stempel), og ellers gyldig for 2012.


Nybygd Volvo 240 frå Etne i aksjon på første treninga den 24. mars.

21.03.2012:
Trening for bil lørdag 24. mars
Årets første trening for bil går lørdag 24. mars med Bryn Rønnevik (tlf. 48893130) som ansvarleg.
Tidsplan:
               Kl. 10.00 - 10.30  Innsjekk
               Kl. 10.00 - 10.45  Teknisk kontroll
               Kl. 10.45             Førarmøte
               Kl. 11.00             Treninga startar

Alle som skal trena må møta til innsjekk seinast kl. 10.30. På innsjekk vert alle lisensar og medlemskap sjekka. Dei må sjølvsagt vera betalt (oblat eller manuelt stempel) og ellers gyldig for 2012.

13.03.2012:
Litt færre til årskontrollen i Haugesund

10 bilar møtte til kontrollen i Haugesund, mellom anna desse Sierraene til Arild Brekke og Runar Bjelland. Her stilte Johnny Bådsvik med den einaste rallycrossbilen som er godkjent så langt.

07.03.2012:
24 bilar gjennom den første årskontrollen

Det var ein god blanding av gamle, velbrukte og nybygde bilcrossbilar som møtte til den første tekniske årskontrollen på Sandeid. Som ein ser av bildet, var Team Himamekk godt representert med sine svarte og grøne bilar. Alle bilane vart godkjent, men ein del fekk påpeikt nokre punkter som skal utbetrast før trening eller løp. Rallycrossbilane var savna, men dukkar forhåpentlegvis opp på lørdag i Haugesund hjå Saltvedt Auto-Grip der neste kontroll er. Me håpar flest mogleg stiller der, slik at kontrollantane slepp mange tidkrevjande enkelt-kontrollar.

07.03.2012:
Godt frammøte på medlemsmøtet
Rundt 30 personar møtte på medlemsmøtet på Vikedal Bygdahus. Bil- og MX-gruppa informerte om sine planlagte aktivitetar i år, og anleggskomiteen gjekk gjennom det dei har tenkt å få utført med god hjelp av medlemmane.

07.03.2012:
Referat frå årsmøtet
Referat frå årsmøtet i november finn du her ...
Organisasjonsplan med kven som er med i gruppene finn du her ....

27.02.2012:
Medlemsmøte i Vikedal torsdag 1. mars kl. 19.00
Gode medlemmer! Det vert medlemsmøte torsdag 1. mars kl 19.00 på Vikedal Bygdahus (inn bak COOP Marked). MX-, Bil-, anleggskomiteen og hovudstyret vil orientera om planane sine for 2012. Vonar flest mogleg stiller! Dess fleire som møter og viser interesse, dess meir inspirerande er det for dei som gjer ein innsats for klubben.

27.02.2012:
Teknisk årskontroll 3. (Sandeid) og 10. mars (Haugesund)
Me minner om dei tekniske årskontrollane for bil i Sandeid lørdag 3. mars og i Haugesund 10. mars frå kl. 10.00.

27.02.2012:
Teoridelen av lisenskurset for junior på 4-hjul vel gjennomført
Teoridelen av lisenskurset gjekk forrige torsdag og kursleiarer skryt av 12 flotte ungdomar som bestod teoriprøven. Det lovar godt for rekrutteringa framover. Kursdeltakerane ser nok fram til det praktiske kurset som er planlagt den 17. mars.

02.02.2012:
Lisenskurs for junior på 4-hjul
Som vanleg blir det arrangert lisenskurs for hastighet jr. (rallycross, bilcross og crosskart) i vår. Det er ein teoridel og ein praksisdel. Teoridelen går torsdag 23. februar kl. 16.00 i Smedasundet 97B (Byggopplæringskontoret sine lokaler). Praksisdelen er planlagt til lørdag 17. mars der deltakerane må stilla med eige utstyr. Kursavgift kr. 400,-.
Nærmare informasjon får du hjå Steinar Høyvik, tlf. 90061073 eller e-post higre@online.no.
Påmelding innan 17. februar til Steinar.

02
.02.2012:
Teknisk årskontroll for bil
Dei tekniske årskontrollane er planlagt til 3. mars i Sandeid og i Haugesund 10. mars. Som vanleg er det ein del endringar i regelverket, så for å unngå å visa bilen fleire gonger er det lurt å lesa alt med raud tekst i Bilsportboka nøye.

02.02.2012:
Velkommen tilbake
Etter drygt 2 månadars pause der det ikkje har skjedd noko på nettsida, er det på tide å få opp aktiviteten igjen. Som de ser er det snart for lisenskurs og årskontrollar.

Me ønskjer alle
eit godt nytt motorsportsår!

29.01.2012:
Dårleg frammøte på årsmøtet i Vikedal
Det var enno litt dårlegare frammøte enn i fjor på årsmøtet i Vikedal i november.
Dag Fisketjøn frå Suldalsosen vart attvald som leiar. Organisasjonen vart justert litt ved at komiteleiarane går inn som styremedlemmer. I tillegg går nestleiarane i bil- og MX-komiteen inn i anleggskomiteen. Dermed håpar ein å få til eit betre samarbeid og engasjement.
Her er lista over dei tillitsvalde for 2012

 

 

Nyhetene frå i fjor (2011), eller andre år, finn du ved å følgja linken øverst i høgre hjørnet.


holtenmedia

motormania.no



Hovudsponsor:



Sponsorar:

Vikedal Mur & Anlegg AS

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Saltvedt Auto Grip as
Haugesund


Samarbeidspartnerar:

Lokalavisa Grannar