Ove
Skårland til topps
Ove Skårland gjekk heilt til topps under den andre runden i
Vestlands-mesterskapet på Vikedal Motorbane i går, føre Ingvar
Auestad og Hallvard Finnvik.
Ove Skårland (t.h.) vann andre runde i Vestlandsmesterskapet
føre Ingvar Auestad (t.v) og Hallvard Finnvik.
NMK
Egersund-føraren Ove Skårland sette standarden alt i første
omgang, og sette den beste tida føre Ingvar Auestad NMK Vikedal.
Etter ei snurring i andre omgang var Skårland tilbake i tredje
omgang, fekk ei andre tid og var klar for andresporet i A-finalen.
Geir Harald Skeie hadde det beste startsporet men fekk problem i
finalen.
-Øydela den andre girkassen for dagen og måtte berre trille
innover til mål.
Dermed var det duka for Ove Skårland, som har køyrt
Vestlandsmestskapet sidan 2008, men aldri gått til topps i eit
løp.
- Me har jobba mykje med bilen i det siste for å få den klar, og
då er det herleg når det fungerer.
Ove Skårland i tet med sin BMW i ein innleiande omgong.
Også Ingvar Auestad hadde ein god dag på Vikedal Motorbane, og
hadde andretider både i første og andre omgang.
-Var litt skuffa etter femteplassen, og målet var å slå tilbake
i dag og det greidde me. Pallplassen smakte godt, seier Ingvar
Auestad.
Etter at det var få bilar under den første runden i
Vestlandsmesterskapet, vart klassane i rallycross slått saman.
NMK Vikedal-føaren Hallvard Finnvik vart den beste av bilane
under 2400 kubikk.
-Har gjort litt med bilen for å gjere bilen betre, og i dag
fungerte det. Dette var bra, seier han om tredjeplassen.
Begge skrytte av heimebanen.
-Trur det må vere det beste banedekket me har køyrt på her på
Vikedal Motorbane.
To bilar stilte til start i rallycross junior og Joakim Rønnevik
NMK Vikedal, vann føre Martin Svendstad, NMK Hønefoss.
Joakim Rønnevik NMK Vikedal (t.v.) og Martin
Svenstad NMK Hønefoss, var einaste deltakarar og rallycross
junior. Joakim Rønnevik var først i mål.
NMK Vikedal avvikla i tillegg til rallycrossen, klubbløp i
bilcross junior og dameklasse.
Olav Bjelland vann bilcross junior, føre André Hustoft Nesheim
og Sølve Østbø.
Bjelland tok sigeren på målstreken, etter at Sølve Østbø hadde
leia store delar av finalen.
-Tok alternativsporet tidleg og håpte det skulle gå, og det
gjorde det akkurat.
Olav Bjelland slo til på målstreken og var meteren føre André
Hustoft Nesheim over mål.
Dameklassen var det Heidi Elin Steine som vann . Ho starta med
bilcross i fjor, og køyrde inn til siger i sin svarte Volvo 240.
For nummer to Elise Vikre var det første gongen.
-Akkurat no er eg heilt skjelven, men kjempemoro var det.
Heidi Elin Steine (midten) frå Suldal vann klubbløpet for damer.
Her saman med Elise Vikre (t.h.) som vart nummer to og Trude
Hustoft nr. tre.
|