19. plass på Olav B. Bjelland i Landsfinalen
Ufyselege
forhold med store nedbørsmengder skapte store utfordringar for
førerar og arrangør. Før 3. omgomg måtte ein leggja om til å
kjøra rallycrosstraseen, og deler av banen vart stengt under
brua pga. store vannmengder.
I tillegg vart deler av depotet oversvømt. NMK Vikedal fekk
forøvrig positiv omtale frå speaker som den klubben med flest
deltakerar saman med NMK Hønefoss.
Under er ei oversikt over korleis det gjekk for våre deltakerar i dei innleiande omgongane. Sidan det var umulig å ta notater (papir og kulepenn er umulig i kombinasjon med 100% luftfuktighet), kan det vera små feil i oppsummeringa.
1. omgong: Gisle Flatraaker Aarbø kjørte inn til ein grei 3. plass i det aller første heatet. Glenn-Roar Gåsdalen følgde opp og vart og nr. 3 i sitt heat. Sondre Hundseid Eikeland heldt seg ikkje innanfor reglane i sin kamp om plasseringane, og vart utelukka i sitt heat. Anders Lint Moland må ta til takke med sjetteplass i sitt heat etter ei snurring på det vanskelege føret. Mot slutten av omgongen kjem Olav Bakkedal Bjelland og Asbjørn Hustvedt Lærdal i same heat.Asbjørn er raskast i starten, men Olav kjem seg forbi i første sving. Der hamnar Asbjørn i kamp med ein annan Volvo, og vert pressa ut i sandfella der dei vert ståande begge to. Olav kjører godt og vinn heatet greitt. Kjartan Dale sleit med sin Volvo på treninga fredag, men den fungerte brukbart lørdag og det heldt til 2. plass i første omgong.
2. omgong:
Asbjørn (ytterst til venstre) har ein god start, men må seinare gi seg pga. tekniske problemer
Gisle har tatt ein fin forbikjøring og sikrar seg heatseier i 2. omgong
3. omgong: Olav er ute alt i første heat. Han ligg på 2. plass etter ei boble når bilen stoppar. Det er gasswiren som har hoppa av på pedalen, så Olav fiksar det og kjører sjølv i depotet, men utan poeng. Glenn-Roar kjører inn til ein ny 3. plass. Anders har fått fiksa vindusviskerane, men er uheldig og snurrar under dei vanskelege forholda og gir seg for dagen. Kjartan tyr til ulovlegheter for å koma forbi ein Volvo 245, og vart utelukka frå sitt heat. Sondre vart på ny utan poeng. Gisle har 2. plass i lomma (noko som ville gitt finaleplass), men blir forbikjørt i siste runde og blir nr. 4.
Finalar: I det første finale-oppsettet blir det trekning mellom Olav og Fredrik Ågedal (NMK Konsmo) om siste plass i D-finalen. D-finalen startar og Olav tek teten, men blir litt seinare forbikjørt. Runden etter stoppar bilen igjen, men heldigvis blir finalen samtidig rødflagga. Det er funne feil i oppsettet, og den skal kjørast om igjen. Etter hektisk skruing på Golfen medan ein ventar på nytt finaleoppsett, blir Olav klar igjen. Det nye oppsett gjer at Fredrik Ågedal er med i finalen. Han kjører ein Golf I med VR6-motor, og vinn suverent og går til C-finalen. Olav får det ikkje heilt til, eller kanskje bilen ikkje fungerer 100%, så det vert ein 19. plass i hans første landsfinale. Om ikkje bilen hadde svikta i 3. omgong, ville det iallefall blitt B-finale. No er det berre å sjå framover til ny mulighet neste år poå Bollandsmoen i Melhus. Det var Petter Leirhol, NMK Valdres, som vann Landsfinalen 2012, etter først å ha vunne B-finalen. Han kjørte ei VW Boble med Wankel-motor som bytta eigar etter løpet. John Magnus Sivesind, NMK Gjøvik, i Opel Ascona vart nr. 2, medan fjorårsvinnar Thomas Hårberg, NMK Verdal/Levanger i Opel Kadett vart nr. 3.
|
|