Dobbelsiger til Ørjan Lutsi.
 

Joakim Rønnevik,  Ørjan Lutsi, André Hustoft Nesheim og Bjørn Tore Teigland til topps på Vikedal Motorbane i bilcross og rallycross.  Ørjan Lutsi vann i tillegg lørdagens bakkeløp.


Ørjan Lutsi vann begge dagar i sin 50 år gamle Volvo PV

 

For NMK Jørpeland-føraren Ørjan Lutsi vart det dobbelsiger på Vikedal Motorbane. Han vann rallycrossklassen både under bakkeløpet på laurdag og søndagens rallycross.
-Veldig godt nøgd med helga, har trass alt berre køyrt eit løp tidlegare i år, seier Lutsi, som innrømmer at han tok skikkeleg i under A-finalen på søndag.
-Måtte det om eg skulle greie å halde Bjørn Magne Moland Enge bak meg. Han gav meg skikkeleg kamp i A-finalen.

 


Ørjan Lutsi (midten) vann rallycrossen på Vikedal Motorbane, føre Bjørn Magne Moland Enge (t.v.) og Ørjan Strand Eikeland.
 

NMK Vikedal-førarane Bjørn Magne Moland og Ørjan Strand Eikeland kom på andre og tredje i rallycrossen. Strand Eikeland var også på pallen under bakkeløpet på laurdag til ein andreplass, med Kenneth Johansen NMK Vikedal, på tredje her.
I Vestlandsmesterskapet er det framleis Ingvar Auestad NMK Vikedal som leiar i samandraget med 45 poeng, men han har fått Bjørn Magne Moland Enge heilt opp i ryggen med 44, Ove Skårland NMK Egersund følgjer igjen poenget bak.
 

I rallycross junior var det tre deltakarar denne gongen. I tillegg til Joakim Rønnevik, frå arrangørklubben, hadde både Martin Svendstad og Lina Holt tatt turen frå Austlandet for å få med seg rallycrossen på Vikedal Motorbane. Likevel skulle det vise seg at Joakim Rønnevik vart suveren, og han var nøgd.
-I dag har alt fungert veldig bra på ein god bane å køyre på, seier Rønnevik, som gjekk i tet i samtlege omgangar og blei der.
-Prøvde å køyre litt taktisk, og gjekk inn i alternativsporet i runden etter dei andre, for då er avstanden størst, seier Joakim, som også auka avstanden i Vestlandsmesterskapet. Han leiar no med 60 poeng mot Martin Svendstad, NMK Hønefoss, sine 54 poeng. Lina Holt NMK Larvik,  som køyrde sitt første løp i Vestlandsmesterskapet, ligg på tredje med 15 poeng.

        I bilcross junior var det NMK Vikedal-føraren André Hustoft Nesheim som gjekk til topps, føre NMK Bergen-førarane Robert-André Heimvik og Eirik Fjeldstad. I A-finalen gjekk Hustoft Nesheim i direkte i tet frå fjerdespor.
-Greidde likevel å ta starten, og greidde å halde meg i leiinga og fekk køyre fritt heilt til mål. Alternativsporet venta eg med til siste runde, seier André Hustoft Nesheim, som var godt nøgd med Golfen han køyrer.
-Har køyrt den gjennom heile sesongen og i dag fungerte den veldig bra, seier han. No har han køyrt seg fram til andre plass i Vestlandsmesterskapet. NMK Bergen-føraren Henrik Ramsvik leiar framleis med 80 poeng, André Hustoft Nesheim har 63, medan Gisle F. Aarbø, også han frå NMK Vikedal, ligg på tredje plass med 53 poeng. To rundar igjen i meisterskapen, og finalen for bilcrossklassane blir køyrd på Vikedal Motorbane 21. oktober.
 

NMK Vikedal –juniorane Joakim Rønnevik (t.v.) og André Hustoft Nesheim vann sine klassar. Joakim i rallycross og André i bilcross
 

I seniorklassen i bilcross var NMK Bergen-føraren Bjørn Tore Teigland både overraska og glad etter at han kom først i mål i A-finalen.
-Har køyrt bilcross i mange år,  men aldri vore i nærleiken av dette, sa han etter målgang. I bilcross er det Volvo som gjeld.
-Volvoen som eg har no er veldig bra, og eg har alltid hatt Volvomotor, tidlegare i ein Opel Ascona, seier han, som fekk Ruben Stava,  NAF Sola, og Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, på dei neste plassane bak seg i A-finalen.
Også i Vestlandsmesterskapet rykkjer Bjørn Tore Teigland oppover på samanlagtlista. Fire poeng hadde han med seg til Vikedal, no har han 24 og ligg på sjuande plass samanlagt.
-Inspirerande dette og no satsar eg på å vere med å kjempe i toppen også i dei to siste rundane. 
NMK Bergen-føraren Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås er framleis i leiing i Vestlandsmesterskapet med 89 og 75 poeng. NMK Vikedal-føraren Tor Egil Mæland ligg på tredje med 53 poeng.
 

Best i bilcross. Bjørn Tore Teigland ( midten) vann bilcrossen føre Ruben Stava  (t.h.) og Torbjørn Østerbø Veland. Veland leiar også Vestlandsmesterskapet i bilcross samanlagt.
 

Det vart også køyrd bilcross sprint på laurdag saman med rallycrossførarane sitt bakkeløp. NMK Vikedal-førarane Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Tor Egil Mæland og Per Gaute Østbø var raskast her.