Mange til sesongopning

Til helga er det sesongopning på Vikedal Motorbane og over 120 er påmelde til stemnet. Løpet er andre runde i Vestlandsmesterskapet for både bilcross og rallycross.

Etter første runde er førarane frå arrangørklubben NMK Vikedal godt med i Vestlandsmesterskapet, både i bilcross og rallycross. Sjølv om ingen frå NMK Vikedal greidde å klatre opp på pallen i bilcrossklassane i Bergen på lørdag, var både Gisle Aarbø i junior og Tor Egil Mæland i senior i A-finalen, og blei nummer fire og fem til slutt.
Gisle Aarbø starta i juniorklassen i fjor og kjem frå bilsportmiljøet på Fitjar, Fitjar Racing Team.
-Me er fleire som driv i bilcross junior, og har også førarar i rallycross og crosskart, fortel Gisle, som sjølv satsar på bilcross junior i ein Ford Sierra.
I fjor vart Gisle Aarbø nummer 13 i Vestlandsmesterskapet, no ligg han på fjerde etter første runde. På Vikedal Motorbane likar han seg.
-Hadde to fjerdeplassar der i fjor, den eine i Vestlandsmesterskapet og håpar på eit nytt godt resultat til helga.

Tor Egil Mæland er frå Tysvær og køyrer for Higre Racing Team. Han legg vekt på at han køyrer bilcross mest fordi det er moro, og bryr seg ikkje så veldig mykje om resultatet.

-Men eg har ingenting i mot å kvalifisere meg til finale, då blir det jo berre meir kjøring, seier han og smiler.
Mæland køyrer ein litt spesiell bil i bilcross, ein Mazda 323 F, med framhjulstrekk. Bra har det også gått for han på Vikedal Motorbane.
-Har ikkje vore på pallen, men blei nummer fire under den første runden i Vestlandsmesterskapet i fjor.
I fjor vart Tor Egil Mæland nummer fem i Vestlandsmesterskapet, og med femteplassen i Bergen har han eit godt utgangspunkt for årets sesong.
 

Gisle Aarbø og Tor Egil Mæland har det beste utgangspunktet i Vestlandsmesterskapet av NMK Vikedal sine førarar.


Rallycross
I de ulike volumklassene i rallycross var det så få under opningsrunden i Bergen at deltakarane at klassene no er slått saman til ein klasse, Free for All.
NMK Valdres-føraren Frode Leirhol vann opningsrunden på Eikås Motorsenter. Så langt er han ikkje påmeldt til runden på Vikedal Motorbane. Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie kom på dei neste plassane i Bergen, og har dermed fått eit godt utgangspunkt.
I fjor var det Geir Harald Skeie som drog det lengste strået i Free for All - klassen, og blei Vestlandsmester. I år har han oppgradert bilen og fått på plass ein større motor. 2.7 literen er bytt ut med ein på 2.9 liter, og 100 hestar meir.
-Merka det i Bergen. Litt annleis å køyre og så går det fortare når banen strekkjer seg ut.
          I fjor køyrde Bjørn Magne Moland Enge berre dei løpa i Vestlandsmesterskapet som gjekk på Vikedal Motorbane, i år satsar han på meisterskapen.
-Ja, det er satsinga, i tillegg til NM i rallycross.
I løpet av vinteren har han bygd om forstillinga på sin Citroen C4 radikalt, etter mange tekniske problem i fjor.
-Bra test i Bergen og bilen fungerte, no er det mest meg det står på, seier han, som slo Geir Harald i finalen.
-Drog det i land ja, men måtte slå av på tempoet då bremsene forsvann og eg måtte begynne å pumpe opp trykk før nedbremsingane.

 

Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie har kome godt i gong i Vestlandsmesterskapet.


I tillegg i Vestlandsmesterskapet arrangerer NMK Vikedal klubbløp for eigne førarar på laurdag, i bilcross junior og bilcross dameklasse. I bilcross junior er det 21 førarar påmeldt medan det er seks i dameklassen.