Løp i 2011:                                                                                                 Sist oppdatert 17.11.2011
  30. april: Rallycross (VM)/Bilcross jr. klubbløp                                         NMK Vikedal cup 2011

  1. mai: Bilcross (VM)                                                                                       Reglar - bilcross
  11.-12. juni: 2-dagars RCN og bilcross (VM)                                                Sluttstilling - bilcross
  18.-19. juni: Motocross (VM)                                     
                                           Reglar - RC
  28. aug.: Bilcross (VM)/rallycross                                                                    Sluttstilling - RC    
  1. okt.: Rallycross (VM)/Bilcross jr. klubbløp                                             Vestlandsmesterskapet
  2. okt.: Bilcross (VM)  

Linkar til aktive medlemmer sine heimesider 

MX-gruppa sine heimesider

Gamle nyheter frå:
  2010, 2009, 2008, 2007, 2006,
2005, 2004, 2003, 2002, 2001


Linkar til nyhetsider:

Motorsportsavisen

17.11.2011:
Årsmøte lørdag 19. november
På grunn av liten påmelding vert det ikkje fest om kvelden.

Årsmøtet går som planlagt på Vikedal Bygdahus lørdag 19. november kl. 12.00.
Mellom kl. 12.00 og 13.00 blir det gruppeårsmøte for bil- og MC-gruppa. Det blir gjennomgong av året som har gått (kva var bra/dårleg/kan forbetrast) og litt tankar om neste år.

Saksliste for hovudårsmøtet...

04.11.2011:
Årsmøte/-fest lørdag 19. november
Årsmøtet er no fastsett til lørdag 19. november og styret prøver å få til ein fest på Pøbben i Sandeid om kvelden. Innkalling med saksliste kjem over helga.

På festen om kvelden blir det servert gryterett og det blir open bar. Meir opplysningar og påmelding innan 13. nov. til Hallvard Finnvik, tlf. 99001824 eller e-post hallvard(a)finnvik.com

06.10.2011 - Pressemelding:
Best i bilcross
Etter ein våt dag på Vikedal Motorbane kunne Gøran Spartveit og Joakim Bruland utropast til vestlandsmeisterar i bilcross.
-- Les meir --


Vestlandsmesterane i bilcross, Joakim Bruland (senior t.v.) og Gøran Spartveit (junior)

 Tilleggsreglar, rallycross lørdag 1. oktober
 Link til påmeldingsskjema for rallycross lørdag 

 Tilleggsregler, bilcross jr. og bilcross damer lørdag 1. oktober
 Link til påmeldingsskjema for bilcross lørdag

 Startliste for lørdag - bilcross/rallycross

 Resultater for rallycross lørdag
 Resultater for bilcross lørdag

 Tilleggsreglar, bilcross søndag 2. oktober
 Link til påmeldingsskjema for søndag

                                        Startliste for søndag - bilcross

                                        Resultater for bilcross - søndag

Reportasje frå rallycrossløpet på SeByen
Ingvar Auestad og Geir Harald Skeie på TV Haugaland torsdag 29. sept.
Blårøyk-innslag med Ingvar utanfor TV Haugaland på Risøy i Haugesund 29. sept.

04.10.2011:
Takk til medlemmer og andre
Takk så mykje for godt arbeid, både av medlemer og andre som tok eit ansvar for at me skulle få til gode løp i klubben - med 1 MX- og 4 RC/BC-løp. Hovudstyret er no alt i full gong med å planleggja året 2012, og vil snarleg komma med innkalling til årsmøtet i november (dato er endå ikkje sett).

28.09.2011 - Pressemelding:
Klart for finalen
Etter bakkeløpet på Klepp er det no klart for finalane i Vestlandsmesterskapet i rallycross og bilcross på Vikedal Motorbane.
-- Les meir --

28.09.2011:
Johannes og Geir Harald klar som Vestlandsmestrar
Med seier til Johannes Holten Leifsen i RCN i/2400 og tredjeplass til Geir Harald Skeie i Free for All i bakkeløpet på Klepp søndag, sikra begge seg Vestlandsmesterskapet 2011. Dei kjem likevel til start i VM-finalen lørdag. Der får spesielt Geir Harald kamp om seieren, ettersom Håkon Gjesdal Nilsen kjem til start med sin Volvo S40 SuperCar (ex. Frode Holte) i Free for All-klassen. Med dobbelt så mange hestekrefter og drivhjul (turbo og 4-hjulstrekk) som dei andre, er han ein sterk vinnarkandidat.

28.09.2011 - Pressemelding frå VM:
Til topps på Klepp
Knut Endre F. Ringhagen, Johannes Holten Leifsen og Daniel Holten, alle NMK Vikedal, gjekk heilt til topps under den nest siste runden i Vestlandsmesterskapet som gjekk på Klepp i dag.

Johannes Holten Leifsen (t.v.), Daniel Holten og Knut Endre F. Ringhagen til topps på Klepp.

       Johannes Holten Leifsen vann nasjonalklassen, medan Daniel Holten gjekk til topps i Free for All som bestod av rallybilar, bilar frå supernasjonal og store nasjonal. Knut Endre F. Ringhagen vann bilcrossklassen, som ikkje tel med i Vestlandsmesterskapet.
        Johannes Holten Leifsen styrka dermed leiinga i rallycross nasjonal, og Geir Harald Skeie, som leiar samanlagt i Free For All blei nummer tre.
        Alt til helga er det klart for finalen i Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane. Rallycross laurdag 1. og bilcross søndag 2. oktober.

24.09.2011:
Gratis påmelding for bilcross jr. og bilcross damer lørdag
For å fremja rekrutteringa og gjera det enklare for dei jentene som vil prøva, er det gratis påmelding til bilcrossløpet lørdag. For dei jentene som ikkje har lisens, er det berre å velja "Engangs" som lisenstype. Då kjøper du ein dagslisens ved frammøte på løpsdagen som kostar 300,- kr. inkl. forsikring. Tilbodet er ope for alle, og dei som køyrer på eindagslisens treng heller ikkje vera medlem i nokon motorklubb.
   Det blir heller ikkje kravd påmeldingsavgift frå dei juniorane som kjører klubbløpet lørdag.

23.09.2011:
Unntak frå anbud for damer som kjører begge dagar
Då kom svaret frå NBF. Ikkje heilt som håpa, men damer som ønskjer å kjøra bilcross både lørdag og søndag, slepp iallefall å vera redd for å mista bilen etter løpet lørdag. Er dei påmeldt med same bil begge dagar, er den berre til salgs søndag ettermiddag.

23.09.2011:
Samanlagtkandidatane kjører VM-runden på Klepp
Ikkje alle rallycrossførerane deltek på Jærhagen kjøpesenter på Klepp på søndag, men dei som kan hevda seg i samandraget stiller + Daniel Holten og Ernst Holten Leifsen. Rallycross junior har ikkje lov å kjøra bakkeløp, så dei ventar til neste helg.
   I klassen inntil 2400 er både Johannes Holten Leifsen og Lars Reidar Frøyland med i tetkampen. Johannes leiar så langt med 55 poeng, medan Lars Reidar har 34 på fjerdeplass. Men etter finalen i Vikedal neste helg skal det strykast eit løp, og Lars Reidar har stått over eit løp og slepp dermed stryka poeng. Ernst har lånt Escorten til Per Magne Flatebø og stiller og i denne klassen.
   I klassen for RCN over 2400 og Supernasjonal står nok kampen i samandraget mellom Geir Harald Skeie (62 poeng) og Ingvar Auestad (47 poeng). I løpet kan fjorårsvinnaren, Daniel Holten, gjera det godt. Traseen passar nok den vesle Saxoen godt.
   Løpet startar kl.12.00 søndag og går på Jærhagen kjøpesenter på Klepp, like ved fylkesvei 44.

21.09.2011:
Innmelding av vakter

Sidan det drar litt ut med påmeldinga, oppfordrar me alle medlemmer i NMK Vikedal som skal delta om snarast å melda inn vakter, seg sjølv eller andre. Dette er til stor hjelp for løpskomiteen.
Vakten(-e) skal meldast inn på e-post til
vakt@nmk-vikedal.net med namn, mob. tlf. nr., oppgåve og dag. Stadfesting vert sendt ut på SMS i slutten av neste veke, så det er veldig viktig at mob.tlf.nr. blir gitt opp og er rett.

21.09.2011:
Dameklasse i BC - noko for Vestlandet?

NMK Vikedal ønskjer å prøva om det er grunnlag for ein eigen dameklasse i bilcross på Vestlandet. I mange delar av landet er det eigen dameklasse i bilcross. Jentene står sjølvsagt fritt om dei vil delta i dameklassen eller open klasse, men me håpar dette kan vera eit attraktivt tilbod for nokre. For å gjera det enklare å dela bil eller låna av andre, har me tenkt å kjøra dameklassen lørdag saman med bilcross jr. og rallycross. Me har søkt NBF om fritak frå anbudsreglementet for dameklassen sidan det er eit testløp, subsidiert at dei bilane som deltek både lørdag og søndag berre er for sal søndag, men ventar fortsatt på svar. Dette er grunnen til at me ikkje kan leggja ut tilleggsreglane enno. Påmeldingsfristen blir sjølvsagt justert etter dette.

11.09.2011:
Joakim Bruland, Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie
til topps i VM-runden på Eikås
Joakim Bruland styrka sine sjansar til samanlagtseier i Vestlandsmesterskapet for bilcross med ein ny seier i Bergen. Knut Endre Fønnebø Ringhagen kom nærmast, men måtte dermed avgi nokre viktige poeng i forhold til Joakim. Joakim og Knut Endre har sikra seg dei to øverste plassane i VM, men det er fortsatt ope kven som tar kva plass. Glenn Olav Lothe vart nr. 5 og Tor Egil Mæland nr. 8. Dei ligg på hhv. femte og fjerdeplass i VM, og har fortsatt mulighet til å ta tredjeplassen.
    I bilcross jr. var det Thomas Nonslid som gjorde det best av våre med andreplass. Gøran Spartveit sikra med sin femteplass VM-tittelen, medan Sondre Hundseid Eikeland vart nr. 6. Kjartan Dale vart nr. 9, Lars Erik Stangeland nr. 11, Gisle Flatraaker Aarbø nr. 13, Håkon Tveit nr. 14 og Jonas Lønning nr. 16. Gøran er som nemnt klar som Vestlandsmester, medan Thomas Nonslid er med i kampen om andreplassen.
    Johannes Holten Leifsen overtok leiinga i VM i rallycross nasjonal i/2400 etter at han vann løpet i Bergen. Lars Reidar Frøyland vart nr. 4 blant dei skuffande få deltakerane.
    I den store klassen var Geir Harald Skeie suveren og vann alt utanom ein omgong. Han leiar no VM klart når 2 rundar gjenstår. Ingvar Auestad vart  nr. 2, og har og andreplassen samanlagt.
-- Resultata for bilcross jr. --
-- Resultata for bilcross --
-- Resultata for rallycross --

11.09.2011:
14. plass på Daniel Holten i Polen

Daniel hadde 5. startspor i C-finalen etter to tolvtetider og ei trettendetid. I C-finalen snurra han dessverre, og vart til slutt nr. 4 i C-finalen og dermed nr. 14 totalt. Samanlagt ligg han og på 14. plass.

10.09.2011:
Glenn Olav Lothe, Lars Reidar Frøyland og Geir Harald Skeie i tet

Glenn Olav Lothe er einaste med full pott i bilcrossløpet på Eikås etter 4 omgongar. Lars Reidar Frøyland leiar i rallycross nasjonal i/2400 ccm, medan Geir Harald Skeie leiar den store rallycrossklassen.
-- Stillinga i bilcross jr. --
-- Stillinga i bilcross --
-- Stillinga i rallycross --

10.09.2011:
12. tid på Daniel Holten i første omgong i Polen
Daniel kjørte inn til 3. plass i sitt heat, og 12. plass i første omgong i EM-runden i Polen. Ein kan sjå løpet "live" på heimesida til arrangøren.
Link til live-sending frå løpet: http://merc.rallycross.pl/headlines,en.html

06.09.2011:
Trening/prøvekjøring for bil dei neste tre torsdagene
Det blir trening/prøvekjøring for bil dei komande tre torsdagane, 8., 15. og 22. september frå kl. 18 - 20. Frammøte seinast kl. 18.00. Ansvarleg for treningane er Leif Roald Bjelland, tlf. 91534212.

04.09.2011:
Joakim Rønnevik vann Rallycross Juniorcup samanlagt
Joakim Rønnevik (t.h) klarte målet for helga, og sikra seg seieren i Rallycross Juniorcupen. Joakim vart nr. 5 i runden på Dokka, men når dei to andre medaljevinnerane berre vart nr. 4 og 6 heldt det i massevis.
      Ellers hadde Geir Harald Skeie ei kjempehelg på Dokka og kjørte inn til ein flott fjerdeplass i Supernasjonal over 2000 ccm. Bestetid i 3. omgong og sjuande tid i første omgomg gav beste startspor i B-finalen, som han vann greitt. Han passerte dermed Bjørn Magne Moland Enge, som vart nr. 16 på Dokka, i samandraget. Geir Harald vart nr. 12 og Bjørn Magne nr. 14 i NM 2011.
      I klassen inntil 2000 ccm vart Kenneth Johansen nr. 10, og tok med det 8. plass samanlagt i NM. Sveinung Holten Leifsen vart nr. 18 i NM og Per Magne Flatebø nr. 23, men ingen av dei deltok på Dokka.
      I Norgescuprunden for rallycross nasjonal inntil 2400 ccm vart Johannes Holten Leifsen nr. 16 og Lars Reidar Frøyland nr. 32. Finalen i Norgescupen går neste helg på Momarken, men Johannes ligg på 15. plass og Lars Reidar på 19. plass.
      I klassen over 2400 ccm hadde Ørjan Strand Eikeland eit håp om å melda seg på i medaljekampen igjen, men med ein 7. plass på Dokka er det håpet no ute. Han ligg no på 7. plass, men har 26 poeng opp til tredjeplassen.

04.09.2011:
Daniel Holten kom ikkje til finale i Østerrike
Det vart ikkje finale på Daniel i EM-runden i Østerrike. Etter problemer på treninga med servostyring som ikkje verka og motor som kutta innimellom, vart det problemer i første omgong i går og. Daniel kom ut på andreplass, men plutseleg stoppa leiaren og Daniel small inn i han og øydela radiatoren og oljekjølaren. I 2. omg. i dag var det hjulboltane som sa takk for seg og dermed var finalehåpet ute. Motivasjonen var kanskje ikkje heilt på topp til 3. omg. der det vart 16. tid. Nå skal dei gå over bilen slik at den er klar til neste helg og EM-runden i Polen.

01.09.2011:
Hugs påmelding til VM-runden i Bergen 10. - 11. september

Påmeldingsfristen til VM-runden i bilcross og rallycross på Eikås 10. og 11. september er seinast søndag 4. sept., men det er ingen grunn til å venta. Meld deg på i dag. Løpet er og ope for dei som vil kjøra bilcross junior trening.

01.09.2011:
Daniel Holten kjører dei tre siste EM-rundane

Som dei fleste vel har sett, har Daniel bestemt seg for å kjøra dei 3 siste EM-rundane og. Denne helga deltek han i EM-runden i Østerrike som går i Greinbach, ca. 90 km sør for Wien. Han ligg no på 10. plass i samandraget. Det er faktisk "berre" 17 poeng opp til 3. plass, så med litt flaks og utan tekniske problemer kan målet om ein plass blant dei 5 beste samanlagt i EM vera innan rekkevidde.
Du får fortløpande resultater og kommentarar frå EM-runden på desse nettsidene:
   http://www.holten-motorsport.no     (også på Facebook)
   http://www.rallycross.com
   http://www.erc24.com     (også på Facebook)

01.09.2011:
7 deltakerar til NM/NC-runden i rallycross på Dokka

7 deltakerar frå NMK Vikedal stiller til start i finalerunden i NM for Supernasjonal og NC-runden for RCN på Vinjarmoen Motorbane på Dokka.
     Det er Joakim Rønnevik som har mest å kjempa for i finaleløpet i Supernasjonal. Han leier Rallycross Juniorcupen med 9 poeng. Han må difor vera litt framme i A-finalen dersom ein av dei to utfordrerane, Sindre Backe eller Hans Anders Brænden, skulle vinna for å dra gullet i land. Men han er nærmast sikra ein medalje uansett korleis det går på Dokka, noko som er kjempebra i debutsesongen.
    I Supernasjonal klasse 2 ligg Kenneth Johansen på 9. plass, men det er berre 4 poeng opp til 6. plass. 5. plass kan og vera innan rekkevidde 5 poeng lenger opp, men då må absolutt alt klaffa. Kenneth var jo på Solberg Motorshow Stavanger å kjørte i går, og fekk dermed litt ekstra trening.
    Bjørn Magne Moland Enge og Geir Harald Skeie ligg på 12. og 14. plass med 5 poeng mellom. Utan uhell for dei framfor på lista er det små muligheter til å klatra ettersom Bjørn Magne er 14 poeng bak 11. plass. Målet vert nok difor eit best mogleg resultat i runden og kanskje ein liten kamp om å vera beste førar frå NMK Vikedal i klassen.
    I Norgescupen for RCN i/2400 ccm stiller Johannes Holten Leifsen og Lars Reidar Frøyland til start. Johannes har vore utruleg jamn med tre 15. plassar i NC-rundane, og ligg med det på 14. plass samanlagt. Målet no er plass i C-finalen og dermed ein plass blant dei 14 beste. Lars Reidar gjekk glipp av runden i Skien pga. motorproblemer, men viste på søndag at bilen og sjåføren er klar igjen. Han ligg på 17. plass i samandraget, 3 poeng bak Johannes. Finalerunden i Norgescupen går på Momarken 10. sept. og kolliderar dermed med VM-runden i Bergen. Johannes har alt sagt han vil prioritera VM.
     Ørjan Strand Eikeland låg bra til i Norgescupen for RCN o/2400, men då han vart utelukka i runden i Skien pga. at han ikkje registrerte raudt lys rundt banen, fall håpet om gullmedalje i grus. Med god uttelling i dei to siste rundane kan han vera med og kjempa om bronse.
     Med kryssar fingrane for alle våre medlemmer og håpar på finale plass for alle. Lykke til!

Me går ut frå at resultata kjem fortløpande på NBFs heimesider, http://www.bilsport.no
Fleire av førerane kjem vel og til å leggja inn oppdateringar på Facebook.

30.08.2011 - Pressemelding:
Vann på heimebane

NMK Vikedal-førarane Sindre Vikedal, Knut Endre F. Ringhagen, Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie til topps i NMK Vikedal Cup.
-- Les meir --


Johannes, Knut Endre, Sindre og Geir Harald med seierskransane

30.08.2011:
Ingve Andre Strand tok sølvmedaljen i NM for crosskart - 650 ccm

Med tredjeplass i siste NM-runden på Finnskogen lørdag, klarte Ingve Andre Strand å sikra seg sølvmedaljen i NM bak Lukas Walfridsson. Ingve Andre vart dermed beste nordmann i NM.


Lukas Walfridsson vart Norgesmester framfor Ingve Andre Strand (t.v.) og Jonas Dalseth Jacobsen.

Ingve Andre stod i tredje startspor i A-finalen etter to heatsigrar og ein tredjeplass i dei innleiande omgongane. I finalen var det Per Bjørnsson som var raskast, men Ingve Andre kjørte inn til tredjeplass og klatra med det opp frå bronse- til sølvplassen i NM-samandraget. Håvard Helland kjørte ein NM-runde i år og vart med den nr. 26 i NM.
     Sonen, Anders Halleråker Strand, stilte til start i klassen 125 ccm, og kjørte inn til 22. plass. Samanlagt i NM vart han nr. 10. Åsmund Holten, som berre deltok i NM-runden i Skien, vart nr. 20 i NM.
     I 85 ccm klassen var Hauk Hamre-Hagen på plass. Han gjer stadig framskritt, og denne gongen vart det 7. plass på Hauk. Samanlagt i NM vart han nr. 9.
Hauk stilte og til start i sprintløpet på søndag. Der vart det ein 10. plass. Samanlagt i sprintcupen (IC-cup), der det og inngår 2 løp i Sverige, vart Hauk nr.9.

 Resultater:
     Bilcross
     Rallycross

  For sluttstillinga i NMK Vikedal cup, følg linkane på toppen av sida.

 Tilleggsreglar, rallycross 28. august (både RCN og Supernasj.)
 (i tilleggsreglene står det at det blir kjørt lørdag og søndag over 5 omg.
  Dette er feil, og det kjem ei formell deltakarmelding som vil retta dette)


 Tilleggsreglar, bilcross 28. august
 
 Startlister:
    Bilcross junior og bilcross debutanter
    Bilcross
    Rallycross
 

Hugs at medlemmer i NMK Vikedal skal skaffa min. 1 vakt over 16 år. Namn og mob. tlf. nr. til vakta og evt. ønskja arbeidsoppgåve skal sendast pr. e-post til post@nmk-vikedal.net

Tidsplan for løpet:
Lørdag
Kl. 16.00 – 18.00 Innsjekk/teknisk kontroll

Søndag
Kl. 07.30-09.00
Kl. 09.15 Jurymøte
Kl. 09.30 Førermøte v/verkstedbukker i depot
Kl. 10.00 Trening, RC
Kl. 10.10 Start første omgang, BC
Kl. 11.00 Kyrkjepause
Kl. 12.30 Start første omgang, RC
Kl. 15.15 Start finaler
         Planlagt ferdig ca. 16.30

26.08.2011:
Moland Racing Team arrangerar busstur til Solberg Motorshow

Moland Racing Team har organisert gratis busstur til Solberg Motorshow Stavanger som går onsdag 31. august på Viking Stadion. Billettar må ein kjøpa sjølv, og det gjer ein her ...
       Bindane påmelding til bussturen til Tom Jøran Johnsen, tlf.  9086 4727 eller e-post tjj(a)cateringpartner.no så snart som mulig. Sponsorane til Moland Racing Team vil sjølvsagt bli prioritert, men ein håpar å få plass til alle som har lyst til å vera med.
Ruteplan for bussen(-e):
Kl. 15.15  Bussavgang frå Ølen Senter
Kl. 15.50  Bussavgang frå Aksdal (seinast)
Kl. 16.30  Ferje frå Arsvågen
Kl. 17.45  Ankomst
Kl. 21.20  Show slutt
Kl. 21.40  Bussavgang frå Viking Stadion

Det er svært dårleg med informasjon om arrangementet på heimesida til arrangøren (http://www.solbergmotorshow.no), men blant dei som skal kjøra er altså Kenneth Johansen i sin Ford Puma. Me har heldigvis fått tak i litt meir informasjon til dei som er interessert:
      Liste over deltakerar og program finn du her ...
      Kart over banen (greitt å vita i samband med billettbestillinga) finn du her ...

         (felta I, J, K, L og M er på langsida mot sør og nærmast FMX-hoppet)

25.08.2011 - Pressemelding:
Finale i NMK Vikedal Cup
På søndag går finalen i NMK Vikedal Cup på Vikedal Motorbane. Sondre Hundseid Eikeland, Knut Endre F. Ringhagen, Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie leiar før finaleløpet.
-- Les meir --

22.08.2011:
Ny dugnad onsdag 24. august kl. 18.00 - ca. 21.00
På grunn av dårleg frammøte lørdag, blir det ny dugnad onsdag 24. august kl. 18.00 for å få gjort det alt det som må gjerast før løpet. Aktuelle arbeidsoppgåver er oppsett av gjerde, klypping, steinhenting, vask og div. snekkerarbeid.
Ansvarleg for dugnaden er Aleksander Skeie, tlf. 93683690.
Det gode frammøte på treningane tyder på at førerane les meldingar her om treningar, men av ein eller annan grunn slit dei med å forstå meldingar om dugnad. Dersom nokon ikkje forstår ordet "dugnad", kan de berre møta opp på det oppgitte tidspunkt, så vil de få ei forklaring på det :-)
Eit hint er at grusen som bilane slenger ut i yttersving på løp og trening, kryp ikkje tilbake til innersvingen av seg sjølv. Tilsvarande er det for dei fleste andre ting på anlegget og.

22.08.2011:
Dårleg frammøte på dugnaden sist lørdag
Sidan det var så dårleg frammøte på dugnaden sist lørdag, vil me takka kvar enkelt av dei som møtte for alt det arbeidet som trass alt vart utført. Dei som møtte var Svein Bjarte Holten, Aleksander Skeie, Jon Bjarte Aarekol (med 2 assistentar), Bjørn Vikedal, Kenneth Johansen, Bjørn Magne Moland Enge, Kurt Hagen og Svein Erik Østbø.

22.08.2011:
Godt frammøte på dei siste treningane
Det har vore godt frammøte på dei siste treningane. Forrige lørdag var det 19 førerar som fekk kjørt mykje, medan det torsdag var 16 førerar tilstades.

22.08.2011:
Ernst Holten Leifsen trekte seg frå bakkeløpa
Ernst måtte melde avbud frå NM-rundane i bakkeløp på Varna i helga.

17.08.2011:
Ernst Holten Leifsen gjer comeback i bakkeløp
Ernst Holten Leifsen er påmeldt med Ford Escort (Per Magne Flatebø sin?) til NM-rundane i bakkeløp på Varna utanfor Moss til helga i supernasjonal klasse 2. Pga. avlysning av NM-rundane på Lillehammer, går det 3 NM-rundar rundt og på go-kartbanen på Varna i helga. Sidan det berre var Christian Sandsmo som deltok i denne klassen i dei 2 første rundane på Norefjell, blir det full kamp om NM-medaljane blant alle dei 5 deltakerane i klassen. Det blir kjørt 2 løp lørdag og 1 løp søndag, alle med 3 omgongar.
Arrangøren si heimeside finn du her ...

16.08.2011:
Trening/prøvekjøring for bil torsdag 18. aug. kl. 18 - 20
15-åringane, som berre får kjøra trening eller klubbløp, har etterlyst fleire treningar, og det ynskje blir no oppfylt.
Det blir trening/prøvekjøring for bil torsdag 18. august frå kl. 18 - 20. Frammøte seinast kl. 18.00. Ansvarleg for treninga er Leif Roald Bjelland, tlf. 91534212.

15.08.2011:
Dugnad lørdag 20. august kl. 10.00
Det blir dugnad lørdag 20. august frå kl. 10.00. Ansvarleg for dugnaden er Aleksander Skeie, tlf. 93683690. Arbeidoppgåver som skal gjerast: rydding av kratt i skråningane rundt bilcrossbakken, rundt dommartoppen og bak start (ta gjerne med ryddesag om du disponerer det), kantslåing, plenklypping, rensing av avløp, steinplukking, vasking av kjøkken, klubbrom, sanitærbygg osv. Ta gjerne kontakt med Aleksander dersom du kan ta med utstyr som er relevant. Her er ei liste som viser ein del andre oppgåver som skulle vore gjort...

14.08.2011:
Daniel Holten nr. 8 i EM-runden i Nederland
Daniel Holten vart nr. 3 i B-finalen, berre 45 hundredelar bak vinnaren. Han vart dermed nr. 8 i EM-runden i rallycross i Nederland i helga. Resultatet gjer at Daniel fortsatt er nr. 10 samanlagt i Super1600-klassen i EM.

14.08.2011:
Ingve Andrè Strand vann NM-runden på Dokka

Ingve Andrè Strand gjekk heilt til topps i NM-runden i crosskart 650 ccm på Dokka lørdag. NM-leiaren Lukas Walfridsson vart nr. 2, så Ingve Andrè tok litt innpå i samandraget, men ligg fortsatt 22 poeng bak på tredjeplass. Jonas Dalseth Jacobsen ligg på andre, berre 3 poeng framfor Ingve Andrè.
     Anders Strand vart nr. 11 i 125 ccm-klassen, medan Hauk Hamre-Hagen vart nr. 9 i 85 ccm-klassen.
     Siste runde i NM går på Finnskogbanen i Solør lørdag 27. august.

09.08.2011:
Hugs trening for bil komande lørdag, 13. august

Det blir innsjekk mellom 12.00 og 12.45, medan treninga startar kl. 13.00. Ansvarleg er Bryn Rønnevik, tlf.
48893130.

09.08.2011:
Joakim Rønnevik nr. 2 og Kenneth Johansen nr. 6

Det ser ut til at dei aller fleste av førerane frå NMK Vikedal var godt nøgd med resultata i NM/NC-runden i Skien i helga.
    Joakim Rønnevik kjørte inn til andreplass bak Joachim Hvaal. Joakim meinte rundvelten på Lånke sat litt i og at han tok det litt for roleg i svingane. Bendik Nilsen kjørte godt i sitt debut-løp i RC juniorcupen og vart nr. 8. Joakim auka leiinga samanlagt i juniorcupen og har no 94 poeng. Hans Anders Brænden og Sindre Backe har begge 85 poeng på andreplass. Bendik er nr. 9 i samandraget.
     I supernasjonal kl. 2 kjørte Kenneth Johansen svært bra i helga og hadde andre startspor i A-finalen ved sida av John "Pirkka" Karlsson. Dessverre reiv han av girstanga på startlangsida, og dermed vart det sjetteplass. Per Magne Flatebø hadde femte startspor i C-finalen, men måtte gi seg etter 2 rundar og vart nr. 14. Kenneth ligg no som nr. 9 samanlagt i NM, men har nærma seg dei framfor og har berre 9 poeng opp til 5. plass. Sveinung Holten Leifsen, som måtte stå over med motorhavari, fall ned til 16. plass og Per Magne Flatebø er nr. 22.
     Bjørn Magne Moland Enge fekk endeleg fullføra alle omgongane utan problem, og kvalifiserte seg til 3. startspor i B-finalen med femte og åttande tid som teljande. Der vart det 5. plass og dermed ein niandeplass totalt på Bjørn Magne. Geir Harald Skeie kjørte og godt i sin 940. 2 sjuandetider som teljande gav 3. startspor i C-finalen. Eit knekt styrestag gjorde at han måtte bryta den etter 3 rundar, men vart nr. 13. Bjørn Magne ligg på 12. plass i samandraget, medan Geir Harald er nr. 14, 5 poeng bak.
      I RCN inntil 2400 ccm øydela tjuvstart i første omgong og snurring i andre omgong for eit veldig godt resultat for Johannes Holten Leifsen. I staden vart det fjortende og ellevte tid som teljande og andre startspor i D-finalen. Med tredjeplass der, vart Johannes nr. 15 totalt. Hallvard Finnvik fekk det ikkje heilt til og meiner at meir trening må til. Men han fullførte alle omgongar og vart nr. 30.
      Ørjan Strand Eikeland fekk det ikkje heilt til i dei innleiande omgongane med sjuande og tiande tid som teljande. Andre startspor i C-finalen vart resultatet. Den vann han og klarte og å vinna B-finalen. I A-finalen var kanskje temperaturen og adrenalinnivået litt for høgt. Det enda iallefall med at han vart utelukka og fjerna frå resultatlistene, og er dermed ute av medaljekampen i samandraget.

Resultater:            http://bilsport.no/informasjon/informasjon-fra-nbf/resultater-fra-.......
Stillinga i NM/NC:  http://bilsport.no/poengstilling/

09.08.2011:
Daniel Holten nr. 7 i EM-runden i Belgia

Daniel Holten var godt nøgd etter at han kunne kjøra inn til 2. plass i B-finalen og 7. plass totalt i EM-runden i Belgia i helga. Saxo-en fungerte prikkfritt heile helga og er klar til ny EM-runde i Nederland komande helg. Daniel hadde 3. startspor i B-finalen etter åttende, fjerde og åttende tid i innleiande omgongar. Samanlagt ligg han no på 10. plass i EM med 35 poeng, og har berre 8 poeng opp til 6. plass.
      Bilder og resultater finn ein f.eks på
   http://www.erc24.com
   http://www.rallycross.com
   http://www.rallycrossworld.com

03.08.2011:
NM/NC-runde i rallycross på Grenland Motorsenter i Skien

4. runde i NM og 3. runde i NC for rallycross går på Grenland Motorsenter i Skien i helga. NMK Vikedal stiller som vanlig mannsterke, sjølv om det vart enkelte fråfall denne helga.

    I Rallycross junior får Joakim Rønnevik denne gongen selskap av Bendik Nilsen. Vi satsar på at han får gjennomføra tre problemfrie omgongar, så kan kanskje ein finale vera neste mål. Joakim leiar jo samanlagt etter dei tre første rundane. I supernasjonal inntil 2000 ccm er det berre Per Magne Flatebø som er påmeldt. Sveinung Holten Leifsen måtte melda avbud etter at det kom bankelydar i Fiestaen etter prøvekjøring lørdag. Kenneth Johansen står ikkje på startlista, men ifølgje Facebook kan det sjå ut til at han har tenkt å delta. I over 2000 ccm stiller som vanleg Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge.

    I rallycross nasjonal inntil 2400 ccm stiller Hallvard Finnvik og Johannes Holten Leifsen. Lars Reidar Frøyland måtte melda avbud etter motorhavari. I over 2400 ccm er Ørjan Strand Eikeland på plass for å kjempa seg opp på pallplass i samandraget igjen.

 

03.08.2011:
Bilder frå Landsfinalen

Sindre, Gøran og Andrè gjorde seg så bemerka på Landsfinalen at dei vart tatt bilde av. Bilda finn du her ... (med Sindre og Gøran på intro sida!)

 

31.07.2011 - Pressemelding:
Sindre Vikedal nr. 22 i Landsfinalen for bilcross jr.

Sindre Vikedal gjorde det best av NMK Vikedal sine 5 deltakerar på årets Landsfinale for bilcross junior lørdag. Han vart nr. 22 av dei 91 deltakerane som kom til start.

      Litt tekniske problemer under prøvekjøringa før avreise torsdag, gjorde at det vart litt hektisk, men med god hjelp fekk dei løyst problema. Han vann greitt sitt heat i 1. omg og tok ein andreplass i 2. omg. I 3. omgong vart det ein tett kamp mellom 3 førerar om seieren. I denne kampen må juryen ha sett noko ulovleg, for Sindre fekk svart flagg og dermed 0 poeng i denne omgongen. Med ein første- eller andreplass her, ville han vore med i C-finalen. I staden vart han ståande med 17 poeng og fekk med det 2. startspor i E-finalen. Her hadde han ein fin kamp om seieren, men måtte til slutt ta til takke med ein 2. plass, og dermed 22. plass totalt.

     Dei andre deltakerane frå NMK Vikedal nådde ikkje finalane denne gongen. Gøran Spartveit vart nr. 36 etter 2 fjerde- og 1 andreplass, Gisle Flatraaker Aarbø nr. 38 etter 2 tredje- og 1 fjerdeplass og Andrè Hustoft Nesheim nr. 81 etter sjette-, fjerdeplass og eit svart flagg. Sondre Hundseid Eikeland kjørte trening fredag utan problemer. Når han starta Golfen lørdags morgon kasta den ut olje og han måtte gi seg utan å få stilla til start ein gong. Som eit lite plaster på såret fekk han ein stor pokal som Landsfinalens mest uheldige. Den mest uheldige etter løpet var Gøran Spartveit, som måtte reisa heim utan bil. Den vart seld på bud etter løpet.

Deltakerane frå NMK Vikedal samla rundt Taunusen til Gøran Spartveit som seinare vart seld på bud. F.v. Andrè Hustoft Nesheim, Sondre Hundseid Eikeland, Sindre Vikedal, Gøran Spartveit og Gisle Flatraaker Aarbø.

30.07.2011:
Sindre Vikedal best med 22. plass

Sindre Vikedal vart best av våre førerar med 22. plass i Landsfinalen for bilcross jr. i Valdres i dag. Eit svart flagg i 3. omgong øydela eit enno betre resultat for Sindre, etter at han vann sitt heat i 1. omg og vart nr. 2 i 2.omg. 17 poeng gav 2. startspor i E-finalen og her kjørte han inn til 2. plass. Gøran Spartveit vart nr. 36 (4 - 2 - 4), Gisle Flatraaker Aarbø nr. 38 (3 - 4 - 3), Andrè Hustoft Nesheim nr.81 (6 - 4 - sv. fl.) og Sondre Hundseid Eikeland nr. 87 (ingen fullførte omg.).

27.07.2011 - Pressemelding:
5 frå NMK Vikedal til Landsfinalen for bilcross jr.

NMK Vikedal stiller sterkt med 5 deltakerar på årets Landsfinale for bilcross junior som går i Aurdal i Valdres komande lørdag. Over 100 deltakerar frå heile landet skal kjempa om å bli den uoffisielle norgesmesteren i bilcross junior.
For å kunna delta i Landsfinalen må ein kvalifisera seg ved å vera blant dei 6 beste i eit av dei 40 kvalifiseringsløpa som har blitt arrangert rundt heile landet frå Kvinesdal i sør til Bardu i nord. Dei fem frå NMK Vikedal som skal delta er Gisle Flatraaker Aarbø (Fitjar), Andrè Hustoft Nesheim (Skjold), Sondre Hundseid Eikeland (Øvre Vats), Gøran Spartveit (Øvre Vats) og Sindre Vikedal (Vikedal). Så langt i sesongen er det Gøran Spartveit som har gjort det best med sin sjeldne Ford Taunus. To førsteplassar, ein andreplass og ein sjetteplass er resultata i Vestlandsmesterskapet så langt, og han leiar dermed klart før haustsesongen startar. Sjetteplassen var forøvrig resultatet av eit solid bakakselhavari. Sondre Hundseid Eikeland vann VM-runden på heimebane, som og var kvalifiseringsløp til Landsfinalen, og ligg på tredjeplass i VM. Sindre Vikedal, Andrè Hustoft Nesheim og Gisle Flatraaker Aarbø kom på dei neste plassane i kvalifiseringsløpet, og er no klar til innsats saman med dei to andre på Sundvold Motorbane i Valdres.


Gøran Spartveit har oppnådd svært bra resultat denne sesongen i sin sjeldne grøne og svarte Ford Taunus

27.07.2011:
Ingen til finalane på Smådølfestivalen

Det var ingen av førerane frå NMK Vikedal som kom til finalane på Smådølfestivalen i helga. Best av våre etter 7 innleiande omgongar vart Tor Egil Mæland med 30. plass av dei 101 deltakerane i klassen. Han hadde 1 førsteplass, 2 andreplassar, 1 tredjeplass, 1 fjerdeplass og 2 femteplassar, og fullførte dermed alle omgongane. Knut Endre Ringhagen låg an til finaleplass før søndagen, men måtte bryta med tekniske problem i dei 2 siste omgongane og vart nr. 36. Jens Idar Juel vart nr. 53, Monica Weltzin Pedersen nr. 70 og Anfinn Mæland nr. 81. Runar Bjelland måtte bryta med tekniske problem alt på fredagen og fekk ikkje fullført nokon av omgongane.
Heldigvis vert det rapportert på Facebook at alle våre fekk behalda bilane.

18.07.2011:
Jonas Lønning nr. 14 i bilcross jr. i Goldagsløpet

Jonas Lønning var einaste deltakar frå NMK Vikedal i det prestisjefylte Goldagsløpet på Fuglehaugen Motorsenter på Gol i helga. Av resultatlista kan me lesa at han med andreplass, 2 tredjeplassar og fjerdeplass var kvalifisert til C-finalen. Der kjørte han inn til fjerdeplass og slo dermed beste bergensar, Anita Hansen, som tok femteplassen. Det var 39 deltakerar i juniorklassen og nesten 200 totalt på Gol.

Jonas Lønning, frå Fitjar, i sin Volvo 240 på trening i Vikedal i april.

12.07.2011:
5 deltakerar frå NMK Vikedal til
Landsfinalen for bilcross jr.
Alle NMK Vikedal sine kvalifiserte er påmeldt til Landsfinalen for bilcross jr. i Valdres lørdag 30. juli. Dei 5 som stiller er Andre Hustoft Nesheim, Gisle Flatraaker Aarbø, Gøran Spartveit, Sindre Vikedal og Sondre Hundseid Eikeland. Sundvold Motorbane ligg like ved Aurdal Fjordcamping i Aurdal i Valdres. Er de i området eller på ferietur utan spesielt mål den dagen, ta turen til Valdres og støtt opp om dei dyktige juniorane våre.
-- Link til heimesida til NMK Valdres --

12.07.2011:
9 deltakerar frå NMK Vikedal til Smådølfestivalen

Heile 9 deltakerar frå NMK Vikedal er påmeldt til Smådølfestivalen i Uvdal 22.-24. juli. Det blir kjørt 7 innleiande omgongar fordelt over fredag, lørdag og søndag. Påmeldingsfristen er ikkje oppgitt i tillegsreglane, men det er sikkert mulig å melda seg på. Knut Endre Ringhagen kan svara på spørsmål. Meir info. finn ein og på nettsidene til NMK Nore og Uvdal her ....

12.07.2011:
Nedtur for Ingve Andre Strand i crosskart NM

To poenglause innleiande omgongar øydela NM-runden på Arena Wallenberg i Meldal for Ingve Andre Strand i helga. Ein andreplass i siste omgong var ikkje nok til A-finale og dermed vart det berre ein 11. plass på Ingve Andre denne gongen. Samanlagt fall han ned frå 3. til 4. plass med 61 poeng, 24 poeng bak leiaren Lucas Walfridsson. Det er likevel fortsatt håp om medalje sidan det berre er 7 poeng opp til 2. plass.
      Sonen, Anders Strand, kvalifiserte seg til B-finale i klassen Junior 125 ccm der han kjørte inn til 12. plass totalt. Han ligg no på 9. plass samanlagt i NM. Åsmund Holten ligg på 15. plass, men har berre kjørt ein av dei tre rundane så langt.
       Hauk Hamre Hagen var og på plass og kjørte inn til 12. plass i Junior 85 ccm. Han ligg på 10. plass i NBF Junior Cup 85 ccm.
Neste NM-runde for crosskart går på Dokka 13. august.

12.07.2011:
Uflaksen ser ut til å ha festa seg hjå Daniel

EM-runden i Høljes vart heller ingen suksess for Daniel Holten. I Høljes var det framhjulsopphenget som skapte problemer og følgjeskader. Det opna med 2 boltar som knakk framhjulsopphenget på første treninga. På andre treninga vart det problemer med drivakslingen. På tidskjøringa kom regnveret akkurat når han skulle ut. I første omgong låg han rett bak Andreas Bakkerud når framhjulsopphenget svikta igjen. I andre omgong vart det berre ei 17. tid etter at skader på eit styrestag gjorde bilen vanskeleg å kjøra. I tredje omgong var han på veg mot ei god tid da han fekk svart flagg, kanskje pga. ei forbikjøring i alternativsporet. Dermed vart det ingen finale på Daniel i Høljes heller. Teamet skal no bruka sommarferien i tenkeboksen for å vurdera kva ein skal gjera til hausten. Neste EM-runde går i Belgia 6. og 7. august.

12.07.2011:
Stang ut for våre førerar på EM-runden i Stjørdal
Det vart litt stang ut for våre førerar i EM-runden på Lånkebanen. Joakim Rønnevik opna godt i junior-klassa med 2. tid i første omgong, sjølv om servostyringa slutta å virka så det var tungt. I andre omgong rauk begge drivakslingane, og han måtte stå over tredje omgong for å få reparert dei. I finalen leia han klart då godt feste, dårleg støtdempar og kanskje litt for stor fart gjorde at han tippa over på taket ein runde før mål. Det vart likevel andreplass sidan fleire av dei andre og fekk problemer.

Joakim Rønnevik rett før han pussar takplata på Golfen. Alt gjekk bra med Joakim, og Golfen fekk berre mindre skader.

Geir Harald Skeie fekk 13. tid i første omgong og 10. tid i andre omgong før girkassa sa takk for seg i 3. omgong. Eit dykk ned i girkasse med magnet etterpå gjorde at ein fann mange laustenner som i utgangspunktet bør sitja fast på tannhjulet for at det skal gå framover.
        Daniel Holten vart og ramma av uhell. Første omgong gjekk svært bra og det vart 7. tid. I andre omgong låg han bak eit par bilar og stanga, noko som tok knekken på oljekjølaren slik at oljetrykket fall. Dermed vart det stopp. Det vart det og i tredje omgong då det vart kontakt med ein annan bil i første sving. Dermed vart det ikkje finale denne gongen.

21.06.2011 - Pressemelding:
Tre frå NMK Vikedal til EM-runden i Stjørdal

Daniel Holten (f.v.), Joakim Rønnevik og Geir Harald Skeie stiller alle til start under den norske EM-runden på Lånkebanen ved Stjørdal til helga.
-- Les meir --

21.06.2011 - Pressemelding frå VM:
Til topps og i leiing
Geir Harald Skeie, Joakim Rønnevik og Stein Erling Tjelta vann den andre runden i Vestlandsmesterskapet, og leiar rallycrossklassane etter to rundar.
-- Les meir --

-- Resultatliste, bilcross --
-- Resultatliste, rallycross --

21.06.2011:
2. runde i Vestlandsmesterskapet for motocross
NMK Vikedal vil takke alle som var med på å gjera 2. runde i Vestlandsmesterkapet til eit av dei beste motocrossløpa me har hatt i Vikedal. Me vil takke utøverane, familiar, publikum, medlemmer, frivillige og ikkje minst Karmøy- og Sauda motocrossklubber. Uten hjelp frå dei klubbane hadde det ikkje blitt noko løp.
       Løpet blei bra gjennomført. På lørdagen blei me ferdige i henhold til tidsplanen og på søndagen klarte me å bli ferdige ein time før tida. Og det viktigaste av alt, det blei ikkje registrert nokon skadar heile helga. Veret på fredag kveld skremte oss litt, men det blei eit kjempever resten av helga. Banen blei til og med vatna natt til søndag.
Resultata frå løpet finn du her ....

14.06.2011:
Snart 30 deltakerar frå NMK Vikedal til Bergen på søndag
Det er snart 30 deltakerar som er påmeldt til VM-runden i bilcross og rallycross på Eikås søndag 19. juni. Påmeldingsfristen går ut onsdag 15. juni, så raska på om du vil vera med.
-- NMK Bergen si heimeside --

13.06.2011:
Foreløpig tidsplan for VM-runden i MX til helga
Etter ein flott helg med motorsport på 4 hjul, kuttar me neste helg 2 av hjula og kjører VM-runde for motocross. Her finn du foreløpig tidsplan

13.06.2011:
Fine resultater på NM-runden i crosskart i Grenland
NM-runden i Grenland lørdag gav fine resultater for våre 5 medlemmer. I den yngste klassen, inntil 85 ccm, kjørte Hauk Hamre_Hagen inn til 10. plass. I 125 ccm klassen debuterte Åsmund Holten med sitt første løp i crosskart. Etter litt tekniske småproblemer gjekk det stadig betre og til slutt vart det 10. plass på Åsmund og. Anders Strand kjørte inn til 6. plass i same klassen.
  Ingve Andre Strand kjørte inn til 2. plass i 650 ccm klassen, bak suverene Lucas Walfridsson som har vunne begge dei første NM-rundane. Ingve Andre Strand ligg no på 3. plass samanlagt i NM med 48 poeng, 12 poeng bak Walfridsson og 4 bak Ludvik S. Einarsen. Håvard Helland deltok og i 650-klassen og vart nr. 20.
      Løpet var og NMK-mesterskap, og dermed vart Ingve Andrè Strand NMK Mester 2011 for crosskart. I crosskart junior vart Anders nr. 4, Hauk nr. 6 og Åsmund nr. 7.
      Søndag var det IC-cup (bakkeløp) og Hauk kjørte inn til ein ny 10. plass. Både Anders og Ingve Andrè Strand fullførte berre 1. omg, og vart henholdsvis 6. og 12. plass på Anders og Ingve Andrè. Verken Åsmund Holten eller Håvard Helland stilte til start søndag.

13.06.2011 - Pressemelding:
NMK Vikedal vann alle klassar
NMK Vikedal sine førarar vann alle klassar på Vikedal Motorbane. Sondre Hundseid Eikeland, Knut Endre Ringhagen, Johannes Holten Leifsen og Ingvar Auestad gjekk til topps.
-- Les meir --


Sondre Hundseid Eikeland gjekk til topps i bilcross junior framfor Sindre Vikedal (t.v) og Andrè Hustoft Nesheim.

 Tilleggsreglar, rallycross 11. og 12. juni
 Tilleggsreglar, bilcross 11. og 12. juni
 
 Påmelding inkl. startliste (ved problem, bruk denne linken eller
 prøv ein gong til)
 Startnr. oppdatert 07.06.2011 for å unngå doble nr.

 Sluttresultat, bilcross
 Sluttresultat, rallycross

 Uoffisiell stilling i VM for BC
 


12.06.2011:
Sluttresultata er no lagt ut
Resultata er no lagt (sjå linkar over). Stillinga i NMK Vikedal cup og uoffisiell stilling i Vestlandsmesterskapet er og lagt ut.

11.06.2011:
Resultata etter todagarscrossen lagt ut
Resultata etter første dag er no lagt ut. NMK Vikedal førerane dominerer juniorklassen og har dei ni første plassane så langt. Løpet søndag startar kl. 10 i morgon tidleg med 4. omgong for bilcross. Etter kyrkjepause kl. 11.00 - 12.30 følgjer 4. omg for rallycross, 5. omg. for alle klassar og finalane. Følg linkane over for å sjå stillinga.

08.06.2011:
Innmelding av vakter til helga
Dei som ikkje har meldt inn vakter (e-post til vakt@nmk-vikedal.net med namn, tlf. nr., oppgåve og dag), må gjera det snarast eller ta kontakt med Dag på tlf. 99229084 snarast for annan avtale. Dersom vi ikkje høyrer nok, kan startnekt bli resultatet.

07.06.2011 - Pressemelding:
Klart for Todagarscrossen
Det er klart for den årlege Todagarscrossen på Vikedal Motorbane til helga. 75 førar er påmelde i bilcross og rallycross.

-- Les meir --

07.06.2011:
Ny seier til Joakim Rønnevik i Trøndelag
Joakim kjørte inn til ein ny seier i Rallycross jr. i NM-runden på Arena Wallenberg på Løkken Verk. Etter litt problemer i innleiande omgongar var han suveren i finalen og vann greitt framfor Caroline S. Haug. Joakim leiar no rallycross junior cup med 72 poeng, 7 poeng framfor Hans Anders Brænden.
     I rallycross nasjonal inntil 2400 klarte Johannes Holten Leifsen å ta seg til 2. startspor i D-finalen, etter ei 10. tid som beste resultat i innleiande omgongar. Der traff han ikkje med starten, hamna litt bak og kjørte inn til 15. plass. Lars Reidar Frøyland fekk det ikkje til på same måten som i Bergen, og vart nr. 23. Lars Reidar er nr. 11 og Johannes nr. 15. i samadraget.
     Ørjan Strand Eikeland, som kjører i rallycross nasjonal over 2400, sleit med same motor-problemene som på Eikås. No var det litt verre slik at det berre vart B-finale som Ørjan valde å stå over. Dermed vart det 10. plass, og Ørjan falt ned til 4. plass i samandraget.
     I supernasjonal inntil 2000 fortsette framgongen for Sveinung Holten Leifsen. Etter knekt drivaksel i 1. omg. og ein smell med øydelagt forstilling i 2. omg., klemde han til med 10. tid i 3. omgong. Det heldt til 5. spor i C-finalen der han kjørte seg opp til 3. plass og 11. plass i løpet. Kenneth Johansen kjørte eit nytt godt løp med 4. tid som best i 2. omg. Dessverre gjekk det ei ny girkasse i B-finalen og dermed vart det "berre" 9. plass. Samanlagt i NM ligg Kenneth og på 9. plass, Sveinung på 13. og Per Magne Flatebø på 24.
     For Bjørn Magne Moland Enge fortsette problemene. Ei punktering øydela 1. omg. og i 2. omg. rasa bakakslingen og mellomakslingen. Dermed vart løpet over for Bjørn Magne, som ligg på skuffande 15. plass samanlagt i NM, plassen framfor Geir Harald Skeie, som stod over løpet i helga.

03.06.2011:
Ny NM- og NC-runde i rallycross i Trøndelag
I helga er det alt klart for ny NM- og NC-runde på Arena Wallenberg på Løkken Verk i Meldal i Sør-Trøndelag. Det har ikkje vore arrangert NM-rundar der før, så dette er ein ny bane for dei aller fleste.
I supernasjonal stiller ikkje Geir Harald Skeie (skal i bryllup) og Per Magne Flatebø (defekt clutch). Dermed er det Joakim Rønnevik, Sveinung Holten Leifsen, Kenneth Johansen og Bjørn Magne Moland Enge som forsvarar NMK Vikedal sine fargar i supernasjonal.
         I tillegg har dei selskap av Lars Reidar Frøyland og Johannes Holten Leifsen i RCN i/2400 ccm og Ørjan Strand Eikeland i RCN o/2400. Alle tre fekk poeng i første Norgescuprunden på Eikås, og håpar sjølvsagt på mange fleire poeng i Trøndelag.
Resultata vert lagt ut på NBFs heimesider etter kvar omgong (sjå link i menyen på venstre side på www.bilsport.no

-- Arrangøren si heimeside --

01.06.2011:
Joakim vann på Lyngås

Joakim Rønnevik gjekk til topps i RC junior på Lyngås framfor Sindre Backe (t.v) og Tommy Solberg.

Joakim Rønnevik gjekk til topps i RC Junior klassen på Lyngås sist lørdag. Det gjorde og at han leiar RC Juniorcupen samanlagt etter 2 rundar med 47 poeng, 2 poeng framfor Sindre Backe og Hans Anders Brænden som deler andreplass.
        I klasse 2 gjer Sveinung Holten Leifsen stadig framgong, og var førstemann som ikkje kom med i finalane på Lyngås (nr. 15). 11. tid i 3. omgong er absolutt godkjent. Per Magne Flatebø var uheldig med fleire tekniske problemer. Under treninga var det problemer med viftereima og ein sleit med å få tak i ei som passa. Når det var på plass til 2. omgong gav clutchen opp, og det var berre å gi seg. Ein av dei få rundane han kjørte var likevel blant dei 10 beste i omgongen. Kenneth Johansen var godt nøgd med løpet, sjølv om han måtte gi seg i B-finalen med girkassehavari og 8. plass. Med 5. og 6. tid hadde han andre startspor i B-finalen og hadde gode muligheter for å avansera til A-finalen. Pumaen har vore hjå Fredriksen Auto for justering, og fungerte mykje betre enn i Bergen.
      Geir Harald Skeie måtte gi seg etter ein litt dårleg 1. omgong (15. tid) og god 2. omgong (9. tid), etter at dei oppdaga sprekker i det eine kamdrevet. Tidene helt til 16. plass. Bjørn Magne Moland Enge opna bra med 5. tid i første omgong, men sleit med å få det til å stemma når regndråpane kom og fortsette å renna ned resten av dagen. Han fekk 3. startspor i C-finalen, men spann seg vekk i starten og kjørte inn til 13. plass.

27.05.2011:
Dugnad lørdag 28. mai
Det blir felles dugnad lørdag 28. mai fra kl. 10.00. Oppgaver er rydding i skråninger (ta gjerne med ryddesag) og anna førefallene arbeid. Kontaktperson er Alfred Eikeland, tlf. 99329604.

26.05.2011:
Nytt påmeldingssystem
Ein del deltakerar har hatt problemer med å bruka det gamle påmeldingssystemet vårt. Problema var ofte knytta til at den gamle løysinga krev at ein har eit e-post program installert på PC'en (f.eks. Outlook) og er pålogga dette. Ettersom fleire og fleire berre brukar web-baserte løysingar skapte dette problemer. NMK Vikedal har då valgt å gå over til eit standardisert løysing som fleire andre NMK-klubbar har vore involvert i utviklinga av som heiter WRM. Då vert påmeldinga lagra i ein database straks du har trykt send, og du kjem umiddelbart på den foreløpige startlista.

26.05.2011:
Innmelding av vakter til løpet 11. og 12. juni
På grunn av det nye påmeldingssystemet er det ikkje mogleg å melda inn vakter saman med påmeldinga lenger. Vaktene skal no meldast inn ved å senda ein e-post til vakt@nmk-vikedal.net. Følgjande opplysningar må vera med:
      Føraren sitt namn:
      Namn på vakt:
      Tlf. nr. til vakt:
      Oppgåve vakta ønskjer:
      Dag (lørdag/søndag/begge):

På grunn av at løpet er 2-dagar med både BC og RC begge dagar trengs det mange vakter og sidan alle aktive deltek er det ei utfordring å finna nok folk. Det vil difor bli tett oppfølging av at alle aktive frå NMK Vikedal skaffar minst ei vakt ein dag, helst to. Dei som ikkje klarar dette, må ta kontakt med leiar Dag Fisketjøn, tlf. 99229084, og gjera avtale om anna dugnadsinnsats.

24.05.2011:
Ny NM-runde i rallycross på Lyngås lørdag
Lørdag er det klart for den andre NM-runden i rallycross for Supernasjonal, denne gongen på Lyngås. Rallycross nasjonal kjører ikkje Norgescup på Lyngås. NMK Vikedal stiller med 5 deltakerar.
   Joakim Rønnevik stiller med ny drivaksling og håpar nok å rykkja litt oppover på pallen etter tredjeplass i Bergen i rallycross junior. I klasse 2 er Pumaen til Kenneth Johansen hjå Fredriksen til justering i håp om at startane skal sitja betre. Sveinung Holten Leifsen har fått ei god trening til på heimebane for å bli venn med Fiestaen og Per Magne Flatebø er og klar til start. I klasse 3 er C4'en til Bjørn Magne Moland Enge retta etter at den vart litt skeiv i nasen i Bergen etter at hjulboltane knakk og han hamna i rekkverket. Dei ventar fortsatt på nokre deler, men håpar alt er på plass til fredag då det er trening på Lyngås. Geir Harald Skeie har og fått fiksa dei småproblemene som gjorde at han måtte bryta B-finalen i Bergen, og er klar til start på Lyngås. Me ønskjer alle lykke til og håpar på NMK Vikedal-førerar i A-finalane i alle klassane me er representert.
-- Arrangøren si heimeside --

19.05.2011:
Endring i terminlista til Vestlandsmesterskapet
NMK Bergen har gjort litt endringar på sine løp. Søndag 19. juni går eit kombinert BC/RC-løp istadenfor det vanlege 2-dagarsløpet. 2-dagarsløpet går den 10. og 11. september og det vert 2-dagarsløp både for BC og RC. Begge løpa inngår i VM både for bilcross og rallycross. Bakkeløpet som har vore kjørt tidlegare, blir ikkje kjørt i år, så dermed vert det eit mindre løp for rallycross. Det blir likevel fortsatt høve til å stryka eit av dei no 5 løpa.
For meir informasjon og oppdatert terminliste, følg linken til Vestlandsmesterskapet på toppen av sida.

19.05.2011:
Fellestur til Smådølfestivalen hjå NMK Nore og Uvdal
Knut Endre F. Ringhagen og Tor Egil Mæland har sett litt på mulighetene for å arrangera ein fellestur til NMK Nore & Uvdal sitt sommarløp, Smådølfestivalen. Løpet går frå (fredag 29. til søndag 31. juli)fredag 22. til søndag 24. juli. I fjor vart det kjørt med totalt 7 innleiande omgongar og finalar søndag ettermiddag. Det kan bli aktuelt å leiga ein biltransporter slik at ein kan kombinera det med ferietur. Ta gjerne kontakt med Tor Egil eller Knut Endre på treninga dersom dette høyrest spennande ut.

15.05.2011:
Hugs trening lørdag 21. mai
Innsjekk mellom 12.00 og 13.00, og trening frå kl. 13.00. Fyll gjerne ut påmeldingskjema før innsjekk, så blir køen mindre. Skjemaet finn det på denne sida ....  Hugs at alle under 18 år må ha med ein med ledsagerlisens eller annan gyldig lisens. Alle lisensar og medlemskap må vera betalt med kvittering. Det blir trening mellom kl. 13 og 16 med ein liten pause rundt kl. 14.30. Spørsmål kan rettast til Ingvar Auestad, tlf. 98030934.

15.05.2011:
Ingve Andrè Strand nr. 5 i første NM-runde for crosskart
Ingve Andrè Starnd kjørte inn til 5. plass i 650 ccm klassen i den første NM-runden for crosskart som gjekk på Krabyskogen ved Gjøvik i går. Ingve Andrè sleit med understyring dei første omgongane, men fann til slutt ut av problemet. I finalen starta han i 6. startspor og kjørte inn til 5. plass.
     Sonen, Anders Strand, sleit med ein motor som fuska i sitt første løp og det vart ikkje den debuten han hadde håpa på i 125 ccm klassen. Motoren skal vera nyoverhalt, men lek litt vatn inn i sylinderen når den vert varm.
     Tredjemann som representerer NMK Vikedal, Hauk Hamre-Hagen, kjører i 85 ccm klassen. Han fekk det heller ikkje heilt til, og vart nr. 10 i klassen som vart vunnen av Oliver Solberg, son til Petter.

15.05.2011:
Daniel Holten nr. 3 i Portugal
Daniel Holten braut ei ny barriere da han i dag kom på seierspallen i EM-runden i Portugal. Med sin innleigde Citroen C2 vann han B-finalen og etter glimrande kjøring i A-finalen vart det 3. plass, bak Andreas Bakkerud og Ulrik Linnemann. I samandraget ligg han på 4. plass, 5 poeng bak andreplass.
NRK1 sender 30 min. frå EM-runden søndag kl. 23.50 med reprise måndag kl. 17.10. Viasat Motor sender torsdag mellom kl. 20.00 og 21.00.

11.05.2011 - Pressemelding:
Daniel køyrer Citroen C2 i Portugal
Det er no klart at Daniel køyrer EM-runden i Portugal, i ein leigd Citroen C2.
Etter rundvelten på Eikås Motorsenter på søndag vart det fort klar at Citroen Saxoen til Daniel ikkje ville bli klar til EM-runden i Portugal. Det har sidan blitt undersøkt om det er muligheter for å få leigd ein bil til dette løpet, og det er no klart at Daniel leiger Citroen C2`n til franskmannen Olivier Bossard.
-Det at det vart samla inn 25.000 under NM-runden i Bergen på søndag for at eg skulle få køyre, er eg svært takknemleg for og var viktig i høve denne avgjerda. Sjølv om ikkje dette er nok, har eg vald å betale resten av det det kostar sjølv, seier Daniel Holten, som er glad for at han for køyre dette løpet.
-Det blir spennande både å få køyre på banen i Portugal og i ein Citroen C2.
Sjølv om avtalen med Olivier Bossard er at bilen kjem til banen saman med to mekanikarar, reiser Daniel saman med sitt team med teambussen nedover.
-Reidar Skeie og Geir Harald Skeie har for lenge sidan tilbydd seg å køyre bussen til Portugal, og me gjennomførar dette som planlagt, sluttar Daniel, som også har med seg mekanikaren sin Simen Ødegården.


Daniel Holten, Reidar Skeie, Simen Ødegården og Geir Harald Skeie er no på veg til EM-runden i Portugal i teambussen etter at det vart klart at Daniel leiger ein fransk Citroen C2.

08.05.2011:
2. plass til Ørjan Eikeland og 3. plass til Joakim Rønnevik
Det vart ein dramatisk NM og NC-runde på Eikås ved Bergen. Blant dei det gjekk verst utover var Daniel Holten som rulla fleire gonger i 3. omgongen. Det vart store skader på bilen, og EM-runden i Portugal står no i fare.
     I rallycross junior vart det ein tredjeplass til Joakim Rønnevik på Eikås, sjølv om det vart stopp i første runde i finalen. Han kjørte best i 1. omgong som han vann suverent på helgas beste tid i juniorklassen. I rallycross nasjonal inntil 2400 ccm kom Johannes Holten Leifsen akkurat ikkje til finalen, men vart nr. 15. Lars Reidar Frøyland hadde 4. startspor i B-finalen etter ei glimrande tredjetid i første omgong. Tekniske småproblemer gjorde at det vart 5. plass der og dermed 9. plass totalt i klassen. Ørjan Eikeland var kvalifisert til 3. startspor i A-finale i RCN over 2400 ccm. Etter ein smell mellom eit par konkurrentar, kunne Ørjan kjøra inn til ein sterk andreplass i klassen.
     I A-finalen i supernasjonal inntil 1600 ccm stilte naturleg nok ikkje Daniel Holten til start og det vart dermed sjetteplass på Daniel. I klassen inntil 2000 ccm vart Kenneth Johansen nr. 11 etter 3. plass i C-finalen. Per Magne Flatebø vart nr. 20 og Sveinung Holten Leifsen nr. 21.
I klassen over 2000 ccm var det Geir Harald Skeie som låg best til før finalane. Etter jamnt god kjøring og sjette-, tredje- og sjettetid hadde han andre startspor i B-finalen. Tekniske problemer i finalen gjorde at han gav seg etter 3 rundar og vart dermed sist i finalen og nr. 10 i klassen. Bjørn Magne Moland Enge kom til C-finalen, etter fjerdetid i siste omgong som det beste. I C-finalen vart han ståande med eit hjul for lite i siste runde og vart med det nr. 12.
     Dermed vart det ei helg med litt stang ut og tekniske problemer for NMK Vikedal-førerane, og verst gjekk det altså utover Daniel sin Saxo.

04.05.2011:
NMK Vikedal representert i alle klassar på Eikås
Heile 10 førerar frå NMK Vikedal er påmeldt til NC/NM-runden i rallycross på Eikås Motorbane i Bergen til helga. I Rallycross Junior stiller Joakim Rønnevik med sin Golf. Heile 10 deltakerar er påmeldt i klassen, så det er tydeleg at ein cup som Rallycross Junior Cup har gjort det meir attraktivt å delta i alle rundane.
I Norgescuprunden for Rallycross Nasjonal stiller Lars Reidar Frøyland og Johannes Holten Leifsen i klassen inntil 2400 ccm. Det er nok klassen med tettast konkurranse og heile 29 påmeldte. Ørjan Strand Eikeland stiller i klassen over 2400 ccm der det er 12 påmeldte.
        I NM-klassane Supernasjonal stiller tittelforsvarar Daniel Holten i inntil 1600 ccm. Sidan han satsar på EM i år og 2 av NM-rundane kolliderer med EM, blir nok dette den einaste NM-runden på Daniel i år. Søskenbarnet Sveinung Holten Leifsen har tatt over Fiestaen som Ernst Holten Leifsen kjørte i fjor, og stiller samman med Kenneth Johansen og Per Magne Flatebø i inntil 2000 ccm. Per Magne fekk ikkje kjørt i Vikedal sist helg sidan han var i konfirmasjon. Geir Harald Skeie og Bjørn Magne Moland Enge er på plass i klassen over 2000 ccm. Bjørn Magne er klar igjen etter at bærebrua knakk i Vikedal, og Geir Harald viste at den nye 940'en heng godt med.
        Lørdag blir det kjørt trening, tidskjøring og 2 innleiande omgongar, medan 3. omgong og finalane går søndag. Tidsplan finn ein i tilleggsreglane og startlista ligg her. For dei som ikkje kan ta turen til Bergen, vil sannsynlegvis resultata bli lagt ut etter kvart på www.bilsport.no eller på www.nmkbergen.no.
Me ønskjer alle våre medlemmer lykke til og har eit lite håp om minst ein NMK Vikedal-førar i kvar A-finale. Der kan som kjent alt skje. Lykke til alle saman!

04.05.2011:
Bilcross Junior Challenge 2011
Norges Bilsportforbund er på jakt etter å finna landets største bilcrosstalent gjennom konkurransen Bilcross Junior Challenge 2011. Premien er ein fullrigga bilcrossbil. Kvar enkelt melder seg på til NBF innan 15. mai ved å fylla ut eit påmeldingskjema. Klubben vil støtta opp om dei som evt. blir plukka blant dei 10 som får delta i konkurransen. Tidlegare resultater har ingen betydning i konkurransen, så alle kan delta og vinna. Sjølve konkurransen går på Vinjarmoen Motorbane på Dokka 13. juni (2. pinsedag) og inneheldt kjøring med både framhjulstrekt og bakhjulstrekt bilcrossbil, samt crosskart. I tillegg inngår eit intervju med juryen for konkurransen.
-- Meir info. og søknadskjema --

 Tilleggsreglar, rallycross 30. april
 Tilleggsreglar, bilcross jr./deb. 30. april
 Foreløpig startliste, rallycross og BC jr. klubbløp

 Resultater, rallycross
 Resultater, bilcross jr. klubbløp

 Tilleggsreglar, bilcross 1. mai
 Foreløpig startliste, bilcross

 Resultater, bilcross

 

03.05.2011 - Pressemelding:
Spartveit og Bruland vann alt
NMK Vikedal-førarane  Gøran Spartveit og Joakim Bruland vann alt på Vikedal Motorbane på søndag, både innleiingsheat og finalane i dei to bilcrossklassene.
-- Les meir --


Joakim Bruland (t.v) og Gøran Spartveit vann alt på Vikedal Motorbane søndag.

03.05.2011 - Pressemelding:
Best i vest
Joakim Rønnevik, Lars Reidar Frøyland og Geir Harald Skeie, alle frå NMK Vikedal, er på toppen i Vestlandsmesterskapet etter første runde som gjekk lørdag.
-- Les meir --


Geir Harald Skeie (t.v), Joakim Rønnevik og Lars Reidar Frøyland, alle frå NMK Vikedal, er på topp i Vestlandsmesterskapet etter første runde. 

01.05.2011:
Resultater frå løpa i helga
Resultat frå løpa i helga er no lagt ut. Følg linkane over.

26.04.2011:
Uttak til Juniorlaget
Løpet søndag er uttak for dei 3 første til NMK Vikedal Juniorteam. Begge kjønn skal vera representert i uttaket (dermed minst 1 av kvart kjønn).

25.04.2011:
Daniel Holten nr. 7 i EM-opninga i England
Daniel var kvalifisert til beste startspor i C-finalen etter 9. og 6. bestetid i dag. Daniel vann C-finalen, og i B-finalen plukka han konkurrent etter konkurrent etter at han var tidleg i alternativsporet. Men det rakk akkurat ikkje til å vinna, men sjuandeplass i opninga må vera ein god start på EM-sesongen.
NRK1 sender 30 min. frå NM-runden tirsdag kl. 17.10, med reprise på NRK2 kl. 23.30 same dag.
Viasat Motor sender 1 time torsdag kl. 20.00.
-- Les meir på Holten Motorsport sine heimesider --

25.04.2011:
Bilder frå treninga 16. april
Her er ein del bilder frå treninga palmelørdag med både nye bilar og nye førerar. Totalt 30 førerar testa utstyret og formen.
-- Les meir --

13.04.2011:
Trening for bil lørdag 16. april
Det blir endeleg trening på Vikedal Motorbane. Det blir innsjekk og teknisk kontroll  mellom kl. 10 og 11. Fyll gjerne ut påmeldingskjema før innsjekk, så blir køen mindre. Skjemaet finn det på denne sida ....  Hugs at alle under 18 år må ha med ein med ledsagerlisens (sjå meir info. litt lenger ned). Alle lisensar og medlemskap må vera betalt med kvittering.
Det blir trening mellom kl. 11 og 16 med ein liten pause rundt kl. 13. Spørsmål kan rettast til Bryn Rønnevik, tlf. 48893130.

13.04.2011:
6 nye bilcross jr. førerar med lisens
Alle seks førerane som deltok på den praktiske delen av bilcross jr. lisenskurset bestod med glans og er no klar for å løysa lisens.


Kurshaldar, Steinar Høyvik, var svært godt nøgd med elevane sine i år.

Fleire bilder frå i kveld ...

11.04.2011:
Ledsagerlisens for bilcross jr.
Frå i år av er det krav om at alle som er under 18 år skal ha med seg ledsager som er over 18 år, har personlig lisens eller ein eigen ledsagerlisens på alle treningar og løp. Denne personen vil då opptre som anmeldar under løpet/treninga og signerer påmeldinga. Ledsagerlisensen koster 250,- kr. og søknadskjema finn du her ...

For at lisensen skal vera gyldig må ledsager vera medlem i ein motorklubb (NMK, NAF, KNA eller MA). Familiemedlemskap i NMK Vikedal er det rimelegaste (230,- kr. - hugs å oppgi kven som er hovudmedlem) for dei som ikkje vil vera fullverdige medlemmer (440,- kr.). Du kan melda deg inn her ... Hugs å oppgi NMK Vikedal som lokal klubb. Det står meir om Ledsagerlisensen i 52 i Bilsportboka.

11.04.2011:
Tilleggsreglane er klar og påmeldinga opna
Tilleggsreglane for løpa 30. april og 1. mai er no klar og påmeldinga er dermed opna. Som på dei siste løpa i fjor skal alle medlemmer i NMK Vikedal melda inn ei vakt til helga (seg sjølv den andre dagen går fint). Er det nokon som har spesielle problemer med dette, kan ein kontakta Dag Fisketjøn, tlf. 99229084

10.04.2011:
Endeleg er våren komen til Vikedal
Med berre nokre få striper med is i kanten av banen, er endeleg banen brukbar. Dermed går lisenskurset onsdag 13. og treninga lørdag 16. april som planlagt.
-- Bilder tatt søndag 10. april --

10.04.2011:
Grei gjennomkjøring for Joakim, Daniel og Geir Harald  på Eikås
Det vart ei grei gjennomkjøring for våre deltakerar i rallycrossklassane på Eikås.
Joakim Rønnevik kjørte sitt første løp i rallycross junior. Etter ein liten miss i innbremsinga til alternativsporet, gjekk det berre betre og betre utover dagen. Og til løpet i Vikedal kjem det minst ein konkurrent til i klassen.
Daniel var på plass for å få vekk litt rattrust og kjørt løp med Saxo'en før første EM-runden i England 1. og 2. påskedag. "Litt støl etter vinteren til å begynne med, men det gjekk betre og fortare etter kvart", seier
Daniel i pressemeldinga etter løpet. Uheldigvis var han litt borti betongkanten i svingen før alternativsporet og slo skeiv ein felg. Dersom dei ikkje finn meir feil, blir det ny test i Vikedal på lørdag.
Geir Harald Skeie testa sin nye Volvo 940. Det var litt uvant med ny bil og sekvensiell girkasse, så det var godt med ei gjennomkjøring meinte Geir Harald. Førebels kjører han med motoren som stod i bilen, men vil nok bytta sin eigen gamle seinare.
-- Bilder frå løpet --

10.04.2011:
Joakim vann BC og Gøran nr. 2 i BC jr. på Eikås
Joakim Bruland vann opningsløpet i Vestlandsmesterskapet for bilcross på Eikås lørdag med sin nybygde Sierra. Knut Endre Ringhagen vart nr. 6, Glenn Olav Lothe nr. 9, Reidar Skeie nr. 10, Silje-Renèe Pedersen nr. 12 og Tor Egil Mæland nr. 13. Banen på Eikås er no berre godkjent for 5 bilar i kvart heat, så finaleoppsettet var litt uvanleg.
      I juniorklassen hadde Gøran Spartveit gjort ein god jobb i vinter og bygd ein ny Taunus som gjekk veldig bra. Det heldt til andreplass og plass i Landsfinalen for bilcross jr. i Valdres for Gøran. Bendik Nilsen vart nr. 11 etter tekniske problemer i 3. omg. Gisle F. Aarbø vart nr. 15, Lars-Erik Stangeland nr. 16, Jonas Lønning nr. 17 og Gunhild Skeie nr. 18. Gunhild fekk berre kjørt 1,5 runde før toppakningen rauk.
-- Bilder frå løpet --

07.04.2011:
God deltaking frå NMK Vikedal i 1. runde i VM for BC
6 juniorar og 11 seniorar frå NMK Vikedal stiller til start i første runde i VM for bilcross på Eikås lørdag 9. april. I tillegg er det 3 deltakerar i rallycrossklassane.
Løpet startar kl. 10.00 og du finn meir informasjon og startlister her ...

VM for rallycross opnar i Vikedal 30. april.

06.04.2011:
Lisenskjøring onsdag 13. april
Vi legg opp til lisenskjøring for BC/HA jr. onsdag 13. april på Vikedal Motorbane med frammøte kl. 17.00. Godkjent bil med betalt lisens og nødvendig kjøreutstyr må brukast. Maks. 2 pers. pr. bil. Skulle været slå seg heilt vrangt, blir det gitt beskjed til dei påmelde innan tirsdag 12. april om det vert avlyst.
Evt. spørsmål, ring Steinar på tlf. 90061073.

04.04.2011:
Oppdatering om baneforholda
Våren kjem seint og forsiktig i Vikedal i år. Ein gravemaskin har rydda ei del is i målområdet og det er kjørt på grus og salt for å få fortgong i smeltinga.
Her er litt bilder tatt søndag 3. april.
-- Les meir --

29.03.2011:
Ingen trening lørdag 2. april heller
Det vert dessverre ingen trening lørdag 2. april heller. Været er ikkje på vår side og isen ligg fortsatt tjukk på banen, spesielt deler av gruspartiene. Sidan det er løp i Bergen lørdag 9. april, satsar me no på trening lørdag 16. april.

23.03.2011:
Ingen trening lørdag 26. mars
Våren er litt for treg, så det vert dessverre ikkje nokon trening lørdag 26. mars. Me kryssar no fingrar og tær for at mildværet kjem slik at isen og snøen smeltar og vatnet tørkar litt opp. Me håpar at banen skal bli kjørbar til trening lørdag 2. april.

Bildet vart tatt onsdag 16. mars

23.03.2011:
Nokre bilder fra årskontroll i Haugesund og banen
-- Les meir --

13.03.2011:
21 bilar på teknisk årskontroll i Sandeid
Det var 21 bilar til kontroll i Sandeid, så dermed er det totalt 32 bilar som har vore til årskontroll så langt.

11.03.2011:
Hugs teknisk årskontroll i Sandeid 12. mars
Det var 11 bilar på kontrollen i Haugesund sist lørdag, så me håpar mange er klar til kontroll i Sandeid hjå Kaldheims Auto som i fjor. Kontrollen starter kl. 10.00 og held på så lenge det er bilar.

03.03.2011:
Medlemsmøte i NMK Vikedal 16. mars
Det blir arrangert medlemsmøte på Vikedal Vertshus onsdag 16. mars kl. 19.00.
Tema blir planar for sesongen 2011, organisering av vaktarbeid for løpa osv.
Har du saker/idear som du meinar bør diskuteras eller luftast, gi gjerne eit tips til leiar Dag Fisketjøn på førehand på tlf. 99229084 eller dag.fisketjon(a)suldal.com

03.03.2011:
Tekn. årskontroll i Haugesund 5. mars
Den tekniske årskontrollen hjå Saltvedt Auto-Grip i Haugesund lørdag 5. mars går mellom kl. 10.00 og 15.00. Sjekk boka for raud skrift, slik at du har fått med deg endringane i regelverket og gjort nødvendige tilpassningar.
    Neste mulighet blir på Suldal Billakkering i Sandeid lørdag 12. mars.

10.02.2011:
Lisenskurs for rallycross
Dersom det er nokon seniorar som vil løysa lisens for rallycross, kan dei kontakta
Steinar Høyvik 900 61 073 eller higre(a)online.no så snart som mogleg. Det vil då bli tatt saman med junior-kurset 17. februar. Tips dei dersom du kjenner nokon som er interessert.

10.02.2011:
Transponderar for rallycross
I år er det krav om transponder for dei som skal delta i Norgescupen for Rallycross Nasjonal. I fjor var det krav til dei som kjørte NM i Supernasjonal, men i år gjeld dette og dei som skal kjøra Norgescupen. Første runden både i NM og NC går som kjent i Bergen 7. mai. Dei som ikkje skal delta i NM eller NC treng ikkje transponder.
       Transponderane kan kjøpast på nett, men for gjera det litt enklare har Bryn Rønnevik tilbudt seg å laga ei samlebestilling for lokale førerar. Dei som er interessert i å vera med på dette eller har spørsmål kan kontakta Bryn på tlf. 48893130. Fristen han har sett er 1. mars.

16.01.2011:
Kurs for juniorar som vil kjøra med fire hjul og motor
Teoridelen av lisenskurset ein må ta for å kunne delta i trening og løp i rallycross, bilcross og crosskart blir arrangert torsdag 17. februar i Haugesund. Påmelding til
Steinar Høyvik 900 61 073 eller higre(a)online.no innan 12. februar.
Tips gjerne andre som har vist interesse om kurset. Praksisdelen blir kjørt så snart banen er klar til bruk.

16.01.2011:
Stem på Daniel Holten som "Årest namn" i Grannar
Lokalavisa Grannar har nominert Daniel Holten som ein av kandidatane til "Årets namn" som leserane kan stemma på. Vi oppfordrar alle til å stemma på Daniel for å få enno meir blest om motorsporten. Fristen for å stemma er 20. januar.
   Meir informasjon om avstemminga finn ein her...

16.01.2011:
Datoar for dei tekniske årskontrollane for bil
Datoane for felles, tekniske årskontrollar for bil er no sett. Det byrjar i Haugesund hjå Saltvedt Auto-Grip på Sørhaug lørdag 5. mars og fortset lørdagen etter den 12. mars hjå Suldal Billakkering.
      Merk datoane og start arbeidet med å få bilane klar til kontrollane. Som vanleg oppfordrar med flest mogleg til å vera klar til dei felleskontrollane slik at trykket på årskontrollantane vert minst mogleg.

Me ønskjer alle
eit godt nytt motorsportsår!

23.11.2010:
Roleg årsmøte i Ølen med nyvald leiar
Det var litt dårlegare frammøte enn vanleg på årsmøtet i Ølen.
Dag Fisketjøn frå Suldalsosen vart vald til ny leiar etter Glenn Olav Lothe. Ellers vart det litt endringar i dei fleste komiteane som vanleg.
Her er lista over dei tillitsvalde for 2010

 

 

 

 

 

Nyhetene frå i fjor (2010), eller andre år, finn du ved å følgja linken øverst i høgre hjørnet.


holtenmedia

motormania.no



Hovudsponsor:



Sponsorar:

Vikedal Mur & Anlegg AS

Suldal Billakkering - tlf. 52767377

Saltvedt Auto Grip as
Haugesund


Samarbeidspartnerar:

Lokalavisa Grannar