Veland og Ramsvik på topp


Det er NMK Bergen-førarane Torbjørn Østerbø Veland og Henrik Ramsvik som leiar Vestlandsmesterskapet i bilcrossklassane. Begge har vunne to og blitt nummer to i løpa som er avvikla.

 


Torbjørn Østerbø Veland (t.v) og Henrik Ramsvik er i leiing i senior og juniorklassen i Vestlandsmesterskapet etter ein første og ein andre plass kvar.


I bilcross junior måtte Henrik Ramsvik sjå seg slått av Robert-Andre Heimvik på søndag. Begge køyrer for NMK Bergen, og etter at to rundar er avvikla er dei også på topp samanlagt i mesterskapet, då med Ramsvik som nummer ein. Han er sjølvsagt nøgd, og i dag hadde han med seg Volvo nummer to.
-Sparer på den eg køyrde med i Bergen sist helg for å bruke den i landsfinalen, men den andre fungerte også godt og i dag var den heilt perfekt, seier Henrik Ramsvik.
Ein annan om var tydeleg fornøgd med helga var André Hustoft Nesheim, NMK Vikedal-føraren frå Skjold. Han var på pallen både under klubbløpet lørdag og på søndag under den andre runden i Vestlandsmesterskapet. Sjølv om han ikkje fekk køyrd den første runden av mesterskapet Bergen, ligg han no på sjuande samanlagt.
-Dette var berre heilt strålande.

 


Henrik Ramsvik (t.v) og Robert-Andre Heimvik frå NMK Bergen vart nummer ein og to i bilcross junior. NMK Vikedal-føraren André Hustoft Nesheim kom på tredje plass.

Bilcross senior
Anders Hjelmås var i det umulige hjørnet i bilcross og vann B-finalen og gjekk direkte i tet og leia heile A-finalen. Også etter at han kom ut frå alternativsporet, to rundar før mål.
-Såg i speilen på dei andre var eit stykke bak og meinte det skulle gå, seier han.
NMK Bergen-førarane Anders Hjelmås og Torbjørn Østerbø Veland kjem frå det same bilcrossmiljøet i Nord-Hordland, og no har dei vunne kvar sin runde i Vestlandsmesterskapet, og er nummer ein og to samanlagt.
-Kan ikkje bli stort betre enn det, og når det var klubbkompisen min som vann i dag er det er berre heilt i orden å bli nummer to.

 


Glade vinnarar i bilcross.  Anders Hjelmås (t.v.) og Torbjørn Østerbø Veland kjem frå det same bilcrossmiljøet i Nordhordland Motorsport. På søndag tok dei dobbeltsiger.

 
Glenn Olav Lothe NMK Vikedal hadde også stilt siktet inn på førsteplassen, men blei overraska av glatt målsving på grunn av bensinsøl i første runde.
-Bilen berre forsvann og eg var glad eg kom meg gjennom svingen. Etter det hadde eg ingen mulighet til å kome opp igjen.

 


NMK Vikedal-føraren Glenn Olav Lothe var den einaste som greidde full pott, 30 poeng før A-finalen.


Masse folk
Det var godt med folk på Vikedal Motorbane både laurdag og søndag og arrangøren NMK Vikedal er godt nøgd.
-Me hadde ein omsetnad på rundt 250.000 kroner og dei 750 betalande tilskuerane handla for rundt 85.000 i kiosken, seier økonomiansvarleg i klubben Svein Erik Østbø.