Til topps igjen
Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås tok ein
ny dobbelsiger for NMK Bergen i bilcross, men i bilcross junior
var NMK Vikedal best.
For Torbjørn Østerbø Veland og Anders Hjelmås blei det nesten
reprise av det som skjedde under bilcrossløpet på Vikedal
Motorbane i april.
-Nesten likt som sist, berre at me bytte på plasseringane, sa
dei to svært godt nøgde førarane etter målgang. I april var det
nemleg Andres Hjelmås som vann bilcrossen.
To NMK Vikedal førarar i A-finalen, Thomas Nonslid som vart
nummer fire, og Tor Egil Mæland som til slutt kunne klatre opp
på pallen. Mæland stod saman med Rune Vaktskjold frå NMK Bergen
som dei to einaste som hadde vunne alle sine fem innleingsheat,
og som før finalane stod med 50 poeng. Tor Egil Mæland kosar seg
med bilcross.
-For meg er det mest moro og eg er ikkje særleg nervøs i høve
til det å prestere. Denne helga gjekk det jo berre heilt
fantastisk.
Samanlagt i Vestlandsmesterskapet er det også desse tre som
toppar i samandraget. Torbjørn Østerbø Veland har 57 poeng,
medan Anders Hjelmås og Tor Egil Mæland har 44 og 31 poeng.
Tor Egil Mæland (t.v.) og Anders Hjelmås, kan berre gratulere
Torbjørn Østerbø Veland med sigeren på Vikedal Motorbane.
I
bilcross junior var det NMK Vikedal-førarane som dominerte i
toppen, og av dei seks bilane som til slutt var klare for
A-finale sat Olav Bakkedal Bjelland, André Hustoft Nesheim,
Kjartan Dale og Anders Lint Moland frå arrangørklubben bak
rattet på fire av desse. Til slutt la dei også beslag på dei
fire første plassane i denne rekkjefølgja.
Olav Bakkedal Bjelland stilte i heilt nybygd bil og var svært
godt nøgd med sigeren.
-Eg hadde ikkje fått testa Golfen på forhånd, men den fungerte
berre kjempebra i dag.
Saman med André Hustoft Nesheim, som blei nummer to, er Olav med
på NMK Vikedal sitt juniorlag i bilcross. No blir det tur til
Bergen om fjorten dagar og neste runde i Vestlandsmesterskapet
der.
-Me reknar med å stille der ja, seier dei to.
Kjartan Dale hadde lenge kontroll på andreplassen, men så tok
han litt for hardt i.
-Hadde for stor fart og smalt inn i autovernet og mista den
plassen, seier han, og er nokså irritert på seg sjølv.
Olav Bakkedal Bjelland har gått i leiing i bilcross junior og
blei der gjennom A-finalen.
I Vestlandsmesterskapet er det NMK Bergen-førarane Henrik
Ramsvik og Robert-Andre Heimvik som leiar i bilcross junior.
Olav Bakkedal Bjelland er oppe på tredje plass, to poeng bak
Heimvik. Gisle Aarbø, André Hustoft Nesheim, Kjartan Dale og
Lars-Erik Stangeland, alle NMK Vikedal, følgjer på plassane bak.
Det vart også køyrd rallycross under todagarscrossen på Vikedal
Motorbane, som andre runde i NMK Vikedal Cup. NMK
Vikedal-førarane Lars Reidar Frøyland og Ørjan Strand Eikeland
vann dei to klassane.
|