Klart for Todagarscrossen

Todagarscrossen på Vikedal Motorbane i byrjinga av juni er eit av høgdepunkta for bilcrossfolket på Vestlandet i løpet av året. I år er også løpet tredje runde i Vestlandsmesterskapet for bilcrossklassane.

Totalt 80 førarar er påmelde til Todagarscrossen denne gongen, i bilcross junior og senior, og rallycross.
I bilcross junior er det NMK Bergen førarane Henrik Ramsvik og Robert-Andre Heimvik som har gått i leiing etter at to rundar er avvikla. Morten Raugstad frå NMK Sandnes & Jæren følgjer på tredje plass, før Gisle F. Aarbø (t.h) er beste førar frå NMK Vikedal.
Aarbø køyrer for Fitjar Racing Team, og har blitt nummer fire og fem i dei to første rundane.
-Det har gått bra og bilen har fungert, seier han, som køyrer ein Ford Sierra i bilcross. No ser han fram til eit nytt løp og Todagarscross på Vikedal Motorbane. Totalt fem omgangar pluss finalar over to dagar.
- Har køyrt Todagarscrossen to gonger tidlegare og likar meg på Vikedal Motorbane, og håper på eit nytt godt resultat.

Også i seniorklassen er det bergensarane som har kome best i gong. Torbjørn Østerbø Veland leiar føre Anders Hjelmås. Begge NMK Bergen. Glenn Olav Lothe frå Ølen er beste førar frå NMK Vikedal, og ligg på tredje plass. Sist på Vikedal Motorbane var han med i kampen om løpssigeren.
-Olje og glatt i målsvingen øydela nok for det, men det er berre å satse igjen, om eg blir klar.
Glenn Olav har nemleg gått i gong med ei større ombygging på sin BMW før dette løpet.
-No er eg lei av at drivakslingane går, og byggjer om til stiv bakaksling, seier Glenn Olav.
-Korleis det vil fungere får eg finne ut på løpet, for slik det ser ut no blir det ikkje tid til testing.
 


Torbjørn Østerbø Veland (t.v.) og Henrik Ramsvik, begge frå NMK Bergen leiar Vestlandsmesterskapet i bilcross i senior og junior


I rallycross er det påmeldt ti biler til Todagarscrossen. Løpet tel ikkje med i Vestlandsmesterskapet, men er andre runde i NMK Vikedal Cup. Hallvar Finnvik frå NMK Vikedal leiar klassen inntil 2400 kubikk. Han vann den første runden, og stiller igjen til helga.
-Driv og jobbar med å gjere bilen betre å køyre, og var på testing på Vikedal Motorbane sist veke og justerte litt, så no er eg klar, seier han

 
Hallvard Finnvik leiar NMK Vikedal cup for rallycross inntil 2400 ccm med sin Volvo 240.