Daniel Holten i SuperCar

Det er no klart at Daniel Holten stiller i SuperCar under den norske og svenske EM-runden i juni.

-Me har gjort ein avtale om å leige bilen som Frode Holte har køyrt i EM med, seier Daniel Holten om dette.

 

Frode Holte sin Volvo C30 som han vart nr. 4 i EM med i fjor.

Bilen det er snakk om er ein Volvo C30 SuperCar, som Frode Holte blei nummer fire med i EM i fjor, og som han gjekk heilt til topps men under den franske EM-runden.
- Dette er ei stor satsing, som kostar fleire hundre tusen kroner, og eg må berre takka sponsorar og alle som har stått på for å få dette til, seier Daniel, som gler seg til det som skal skje på Lånke siste helga i juni, og i Høljes i Sverige helga etter.
-Ein del av opplegget er at eg skal gjennomføre ein god test av bilen før EM-runden på Lånke. Når og kvar dette blir er ikkje avklart, seier han, og legg til at han føler seg veldig heldig og svært takknemlig for at han får denne muligheten til å teste noko av det heftigaste innan bilsport.
- Dette er kanskje ein sjanse eg kun får ein gong i livet, og er villig til å gripe den no. Eg må sjølvsagt retta ein stor takk til dei som har jobba mest for å få dette til, nemleg Sivert Ole Holten, Svein Bjarte Holten og Reidar Skeie, seier han.

Daniel Holten er 20 år, frå Vikedal og køyrer for klubben NMK Vikedal. Han vart Noregsmeister i rallycross i 2010. I 2011 køyrde han ni av ti EM-rundar i rallycross, med same bilen, ein Citroen Saxo, i Super 1600-klassen, og blei nummer ni samanlagt. Under den andre EM-runden i Portugal i fjor kom han på pallen til ein tredjeplass, då i ein leigd Citroen C2. I år er han tilbake i NM i klassen for bilar med inntil 2000 kubikk, og han vart nummer fire i den første NM-runden som gjekk sist helg.

 


Daniel Holten gler seg til EM-rundane på Lånke og i Høljes.