Lars-Erik Stangeland og Kenneth Johansen til topps

 

Lars-Erik Stangeland og Kenneth Johansen frå NMK Vikedal gjekk heilt til topps i kvar sine klassar i Vestlandsmesterskapsrunden som gjekk i Bergen lørdag.

 

Lars-Erik hadde litt problemer i første omgong, men det gjekk betre i dei neste omgongane og han kom rett til A-finalen. Der var han raskast ut frå start, men fekk hard kamp frå Olav Bakkedal Bjelland som hadde vunne både C- og B-finalen. Olav var ei stund forbi, men eit litt ukontrollert hopp og påfølgjande 2-hjulskjøring av Olav, førte til at Lars-Erik kom seg forbi igjen. Deretter kunne han kontrollera leiinga inn til mål. Andrè Hustoft Nesheim tok andreplass, medan Olav Bakkedal Bjelland vart nr. 4 og Kjartan Dale nr. 5, alle frå NMK Vikedal.

 


Ein fornøgd Lars-Erik Stangeland med pokalen etter løpet.

 

Samanlagt i Vestlandsmesterskapet leiar Henrik Ramsvik, NMK Bergen, framfor Andrè Hustoft Nesheim. Det er desse to kjempar om samanlagtseieren. Bak dei er det fire som ha nesten lik poengsum og kjempar om tredjeplassen. Det er Robert-Andrè Heimvik, Lars-Erik Stangeland, Gisle F. Aarbø og Olav Bakkedal Bjelland, alle NMK Vikedal. Siste og avgjerande runde går i Vikedal 21. oktober.

            I bilcross senior gjekk det ikkje fullt så bra for førerane frå NMK Vikedal. Best vart Sigbjørn Østbø på 8. plass, Jarle Amundsen på 9. og Monica Weltzin Pedersen på 10. plass. Torbjørn Østerbø Veland vann framfor Anders Hjelmås og Atle Teigland, alle NMK Bergen.

            Rallycross-klassen vart vunnen av Kenneth Johansen i sin Ford Puma. Bjørn Magne Moland Enge hadde beste startposisjon i finalen, men øydela oljekjølaren i 3. omgong og fekk ikkje fiksa det før finalen. Ingvar Auestad, NMK Vikedal, vart nr. 2 og Kåre Bilsbak, NMK Bergen, nr. 3. Samanlagt i rallycrossklassen er det Ingvar Auestad som leiar nokre få poeng framfor Bjørn Magne Moland Enge. Finalerunden blir kjørt som bakkeløp på Jærhagen kjøpesenter på Klepp 23. sept.