Ramsvik og Østerbø Veland best i vest

Det var Henrik Ramsvik og Torbjørn Østerbø Veland som kunne reise heim som vinnarar av Vestlandsmesterskapet etter finalen på Vikedal Motorbane på søndag.


Henrik Ramsvik (t.v.) og Torbjørn Østerbø Veland gjekk til topps i Vestlandsmesterskapet i bilcrossklassane på Vikedal Motorbane på søndag.

Aller mest spanande vart det i bilcross junior der Henrik Ramsvik og André Hustoft Nesheim låg heilt likt før finaleløpet i kampen om tittelen. Begge var på plass i A-finalen, og den som kom først til mål ville vere meister. Begge var godt med frå start, men plutseleg var det full stopp for NMK Vikedal-føraren André Hustoft Nesheim.
-Bakhjulet låste seg og Golfen berre vrei seg ut av banen, seier André, som også fekk seg ein smell i kroppen då dette skjedde.
-Mista pusten og vart sitjande i bilen for å ta meg litt inn igjen, men no er eg heilt fin, kunne han fortelje etter premieutdelinga.
Finaleløpet vart stoppa på grunn av dette og i omstarten var ikkje André Hustoft Nesheim med, og Henrik Ramsvik kunne ta det med ro.
-Det var ikkje noko kjekt at André måtte gi seg, og eg hadde ikkje behov for å vere med i kampen om løpssigeren, seier Henrik Ramsvik, som vart nummer tre i løpet, og slo André Hustoft Nesheim med fire poeng i Vestlandsmesterskapet. NMK Bergen føraren Robert-Andre Heimvik vart nummer tre.
Om ikkje NMK Vikedal nådde heilt til topps i meisterskapen, blei det full pott til arrangørklubben i løpet, der dei hadde fire av seks førarar med i A-finalen. Olav Bakkedal Bjelland og Anders Lint Moland blei nummer ein og to, Oliver André Matre nummer fem, og altså André Hustoft Nesheim nummer seks.


Mange fine fightar på Vikedal Motorbane i bilcrossen. Her har Henrik Ramsvik gått i tet i B-finalen føre Eirik Fjeldstad NMK Bergen og Glenn-Roar Gåsdalen NMK Vikedal.

I seniorklassen var det Torbjørn Østerbø Veland som blei Vestlandsmester føre Anders Hjelmås, begge NMK Bergen. Veteranen Per Gaute Østbø, NMK Vikedal, kapra seieren i løpet etter at han vann både D,C og B finalen, før at han til slutt gjekk heilt til topps også i A-finalen. Torbjørn Østerbø Veland kunne godt tenkt seg å avslutta sesongen med siger på Vikedal Motorbane, men kunne berre gratulere Per Gaute Østbø.
Østerbø Veland har leia meisterskapen gjennom heile sesongen.
-Vann det første løpet heime i Bergen, og her i Vikedal har eg vore på pallen i alle dei fire løpa eg har køyrd her, så eg er godt nøgd.
Per Gaute Østbø startar neste år på sin 30. sesong i bilcross, og har erfaring i masse vis. På søndag vart det ikkje full klaff i innleiande omgangar, men det gjekk desto betre i finalane. Opelen med Volvomotor var han nøgd med.
-Har ikkje hatt denne bilen så lenge, men i dag har eg ingen ting å klage på, seier Per Gaute.


Per Gaute Østbø (t.v.) og Torbjørn Østerbø Veland kunne gratulere kvarandre. Per Gaute vann løpet, Torbjørn blei Vestlandsmester.

I tillegg til Vestlandsmesterskapet var også løpa på Vikedal Motorbane finalar i NMK Vikedal Cup. André Hustoft Nesheim vann juniorklassen, medan Torbjørn Østerbø Veland vann seniorklassen i bilcross. Rallycrossklassane vart vunne av Hallvard Finnvik, NMK Vikedal og Ove Skårland NMK Egersund.


Torbjørn Østerbø Veland, Hallvard Finnvik og André Hustoft Nesheim er vinnarar av NMK Vikedal Cup 2012, saman med Ove Skårland, som ikkje var til stades då bildet vart tatt.


Mazdaen til Tor Egil Mæland heldt akkurat. Til ein tredjeplass i Vestlandsmesterskapet.

Laurdag avvikla NMK Vikedal klubbløp i bilcross junior og dameklasse. Løpa vart vunne av Glenn-Roar Gåsdalen og Katrine Tveit.