Finale i Vestlandsmesterskapet

På søndag blir Vestlandsmesterskapet i bilcross avslutta med finale på Vikedal Motorbane. NMK Bergen førarane Henrik Ramsvik og Torbjørn Østerbø Veland leiar junior og seniorklassen. I tillegg er det finale i NMK Vikedal Cup.

Det ligg an til ein spanande finale i Vestlandsmesterskapet under søndagens bilcross. Sjølv om det er NMK Bergen-førarane Henrik Ramsvik og Torbjørn Østerbø Veland, som er i leiing i samandraget etter seks rundar er avvikla, skal eit løp strykast, og førarane frå NMK Vikedal er godt med i kampen om plassar på pallen.

 


Torbjørn Østerbø Veland (t.v.) og Henrik Ramsvik er på topp i bilcrossklassane framfor finalen på Vikedal Motorbane


I bilcross junior ligg NMK Vikedal-føraren André Hustoft Nesheim på andre plass, ti poeng bak Ramsvik som leiar. Stryk me eit løp, som dei skal i Vestlandsmesterskapet, er dei to heilt likt.
-Dette bli spanande og målet mitt er ein ny A-finale, og eg vil prøve å vere med i kampen om samanlagtsigeren heilt inn, seier André Hustoft Nesheim frå Skjold, som likar seg på Vikedal Motorbane. I august gjekk han heilt til topps.
-Banen i Vikedal er kjekk å køyre på og i år har eg vore på pallen i alle løpa der, seier han. 
Robert-André Heimvik frå NMK Bergen ligg på tredje plass før finalen, men NMK Vikedal-førarane Gisle Årbø, Olav Bakkedal Bjelland og Lars-Erik Stangeland er alle godt med i kampen om den siste pallplassen før finalen.


André Hustoft Nesheim (midten) vann bilcross junior klassen på Vikedal Motorbane i august framfor Robert-Andre Heimvik (t.v.) og Eirik Fjeldstad, begge NMK Bergen.

Siste løpet
I bilcross er avstanden frå leiaren Torbjørn Østerbø Veland til andremann Anders Hjelmås, også han frå NMK Bergen, større, og begge er klare som nummer ein og to i årets Vestlandsmesterskap i bilcross. NMK Vikedal-føraren Tor Egil Mæland ligg på tredje plass, men både Rune Vaktskjold, NMK Bregen og Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, har den siste pallplassen innan rekkevidde. For Tor Egil Mæland er målet å forsvare tredjeplassen.
-Kjem til å ta ein pause i bilcrossen etter dette løpet, og det hadde vore moro å avslutte med ein pallplass i Vestlandsmesterskapet, seier Mæland, som sjølv om  han gir seg, blir i miljøet for å støtte opp dotter si Julie som skal begynne å køyre i bilcross junior.
Tor Egil Mæland har køyrt ein spesiell bil dei to åra han har køyrt bilcross, ein Mazda 323F. Den einaste av sitt slag i bilcross på Vestlandet. 
-Tilfeldig at det blei den type bil, men den har fungert og vore gjennom mykje, og etter helga trur eg den blir bilcrosspensjonist saman med meg.


Tor Egil Mæland i tet med sin spesielle Mazda 323F.

NMK Vikedal Cup
I tillegg til finalen i Vestlandsmesterskapet er det også finale i NMK Vikedal Cup i helga. André Hustoft Nesheim leiar bilcross junior, medan Torbjørn Østerbø Veland leiar seniorklassen, som han gjer i Vestlandsmesterskapet. I dei to rallycrossklassane er det NMK Vikedal-føraren Hallvard Finnvik som er på topp i den minste klassen, medan Ove Skårland har eit godt grep om leiinga i den største klassen. Han er 14 poeng føre andremann Ørjan Strand Eikeland frå NMK Vikedal.
Hallvard Finnvik er klar for ny innsats på Vikedal Motorbane.
-I år har det berre blitt køyring på Vikedal Motorbane for meg, men neste år blir det meir køyring og eg kjem til å satse på full serie i Vestlandsmesterskapet, seier han, som fekk problem med bilen under bakkeløpet og rallycrossen på Vikedal Motorbane i august.
-Fekk køyrd bakkeløpet på laurdag, men i starten under rallycrossen gjekk dei siste drivakslingane og det blei ikkje meir køyring. No er nye akslingar på plass og eg satsar på å vere med å kjempe om sigeren på søndag.

 

Hallvard Finnvik tok knekken på drivakslingane på Volvo-en sin i august, men håpar å vera med i tetkampen igjen til helga.

På laurdag, mellom rallycrossen sine omgangar, køyrer NMK Vikedal klubbløp for sine juniorar og jenter i bilcross. Totalt 36 førarar er påmeldt i desse to klassane.