Bjørn Magne Moland Enge til topps i Vestlandsmesterskapet
 

NMK Vikedal-førerane dominerte i samandraget i Vestlandsmesterskapet etter finalerunden som gjekk som bakkeløp ved Jærhagen kjøpesenter på Klepp søndag. Sjølv om dei ikkje nådde heilt opp i finaleløpet, tok dei alle pallplassane i samandraget med Bjørn Magne Moland Enge heilt på toppen, eit lite poeng framfor Ingvar Auestad på andreplass. Kenneth Johansen tok tredjeplassen.

Det vart ei spennande avslutning på Vestlandsmesterskapet i klassen Free for all. Ingvar Auestad hadde ei lita leiing på Bjørn Magne Moland Enge før finaleløpet, men ettersom ein av dei sju rundane kunne strykast, stod dei i praksis likt. Dermed ville den som vart best av dei to i bakkeløpet vinna samanlagt. Etter motorproblemer i Citroên C4-en etter NM-finalen forrige helg, måtte Moland Enge ut på leigemarknaden for å kunne konkurrera om samanlagtsigeren i Vestlandsmesterskapet. Per Magne Flatebø stilte velvillig sin Ford Escort til disposisjon, sjølv om den går i ein lågare klasse enn C4-en. Bakkeløpet vart kjørt over 3 omgongar, der beste tid i ein av dei to siste omgongane tel som resultat. I første omgong bomma Ingvar Auestad på ei tønnevending og fekk ei dårleg tid. Heller ikkje i andre omgong fekk han det til, medan Moland Enge fekk til veldig god omgong i ny og ukjent bil. Dette la press på Auestad som måtte slå Moland Enge i siste omgong for å vinna samanlagt. Auestad fekk til ein mykje betre omgong no, men klarte ikkje å slå Moland Enge. Dermed var Moland Enge klar som Vestlandsmester før han kjørte sin siste omgong. Han senka likevel tida si litt i finalen og vart nr. 7 i løpet, med Auestad på plassen bak.

 


Bjørn Magne Moland Enge var svært nøgd med ein ny VM-tittel. Forrige gong han vant var i 2009.


Kampen om tredjeplassen i samandraget stod mellom Ove Skårland frå NMK Egersund, Kenneth Johansen, NMK Vikedal, og Ørjan Lutsi, NMK Jørpeland. Dessverre måtte Skårland trekkja seg etter at bilen ikkje vart klar etter skadene den fekk i NM-finalen forrige helg. Ørjan Lutsi har kjørt styggfort i bakkeløpet ved Jærhagen før, medan Kenneth Johansen aldri har kjørt det før. Johansen opna fornuftig i dei første to omgongane før han kjørte det han var god for i tredje omgong. Det heldt til ein fjerdeplass i løpet. For å vinna samanlagt måtte Lutsi no gå heilt til topp i løpet med sin gamle Volvo PV. Det klarte han ikkje, men enda berre halvsekundet bak Håkon Gjesdal Nilsen som kjører ein Volvo S40 med turbo og firehjulstrekk. Kenneth Johansen sikra seg dermed tredjeplassen samanlagt, eit poeng framfor Ørjan Lutsi.

I klassen Rallycross Junior gjekk Joakim Rønnevik, NMK Vikedal, til topps i Vestlandsmesterskapet framfor Martin Svendstad, NMK Hønefoss. Denne klassen har berre lov til å konkurrera på lukka bane, og deltok difor ikkje i bakkeløpet ved Jærhagen.